Vi må utvikle sjarkflåten

Pengane skal betyr meir, og innsatsen til kvar einskild fiskar skal bety mindre. Det meiner eg heilt kort oppsummert er innhaldet i høyringsnotatet frå Per Sandberg om framtida for sjarkflåten. Dette har stor betydning for Tromsø som er Norges viktigaste sjarkkommune, med flest deltakaradgangar av alle kommunane i Noreg.

Kystflåten gjev best kvalitet. La oss halde fram med det. Foto: Einar Stamnes/Wikimedia Commons

Fiskeriminister Sandberg argumenterer i notatet for at vi bør innføre strukturpolitikk i den minste flåten vi har. Det betyr at dei som har tilgang på kapital skal kunne kjøpe andre sine kvoter, slå dei saman og bli større. Dette vil ha mange negative konsekvensar.

Dette meiner eg er dei aller viktigaste:

  1. Skal du vere med i konkurransen om kvoter treng du pengar, pengar får du frå banken, desse pengane må du betale renter for. Det betyr at meir av fiskeressursen går til å brødfø rike bankar og mindre går til fiskarane og lokalsamfunna der dei høyrer heime.
  2. Det er sannsynleg at fiskeressursane blir samla på færre stader. Det betyr at inntekta frå fiskeria kan forsvinne frå fiskevær langs kysten.
  3. Insentivet kan endre seg. Når den samla kvota blir stor, blir det viktigare å få all fisken på land, enn å sørge for å få mest ut av kvart kilo fisk. Kvaliteten kan bli skadelidande. I dag er det den minste flåten som har den beste kvaliteten på fisken. For eksempel i hysefisket, så er 1,8% av hysa skada i den minst strukturerte flåten, medan andelen fisk som har skadar aukar med struktureringsgraden. I den mest strukturerte delen av flåten er heile 11,3% hysa skadd.

Det er sjølvsagt ikkje uventa at FrP vil ta frå dei mange og gje til nokre få, men for SV er dette umogleg å vere med på. Vi vil ha ein politikk for dei mange og ikkje for dei få, også i fiskeria.

4 Replies to “Vi må utvikle sjarkflåten”

  1. Jan Olsen sa:

    Det du skriv er heilt rett.
    Det har skjedd de andre gangene det har vært strukturert, og det er ingen grunn til at det vil være annerledes med strukturering u/11.

    1. Nei, det kan kanskje til og med bli enno tydelegare

  2. Øyvind Gjerde sa:

    Heilt rett oppfatning og skriv!
    Hos oss er alle rettar selde til større farty som ikkje fiskar lokalt her. Eit viktig marginalt fiske her i nær 100år er nedlagt, og dei siste kjøparane er nær ved å legge ned drifta.

    1. Ja, dette får store konsekvensar for lokalsamfunna

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.