Tusen hamnesaker i kommunestyremøtet

I morgon er det kommunestyremøte igjen i Tromsø. Dersom vi tel antal saker så er det ingen tvil om at det er eit møte i regi av hamna. Dei fleste av desse sakene er likevel ganske greie. Det er rapporteringar om ulike ting. og rapportane ser greie ut.

På mange måtar er økonomirapport 1 den viktigaste saka i møtet. Samstundes er det ei litt vanskeleg sak å handsame. Saka er ein prognose for året basert på dei to første månadene. Det einaste vi veit heilt sikkert er at desse prognosane ikkje kjem til å stemme med resultatet når året er omme. Vi kjem derfor ikkje til å gjere store endringar i pengebruken denne gongen.

Andre viktige saker er ein reguleringsplan på Storelva. Den har eg sagt litt om her. Vi får ein gjennomgang av den ulykksalege saka om Berglund og Iver Walnumsveg og flyttinga til seminaret. Slik saksframelgget framstår er det vanskeleg å sjå alternative løysningar, men eg har med interesse lese dette innlegget frå nokre av brukarane.

Eg vil gjerne ha innspel på desse sakene og alle dei andre. Her er oversikta over alle sakene:

Saksnr Tittel Saksdok Status Behandling Vedlegg
0099/18 INTERPELLASJON – AKTIVITET OG FELLESSKAP – TROMSØ KOMMUNES OPPFØLGING AV REFORMEN «LEVE HELE LIVET»
Fremlegg
Satt på sakskart Vedlegg(1)
0100/18 ØKONOMISK ANALYSE AV TROMSØ HAVN KF 2018
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2) Vedlegg(1)
0101/18 FINANSRAPPORT PR. 31.12.2017 – TROMSØ HAVN KF
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2) Vedlegg(2)
0102/18 EGENANDEL INSTITUSJON – FRADRAG USKIFTET BO, FRADRAG FOR EIENDOMSSKATT OG ENDRING AV KRITERIER FOR SKJØNNSMESSIGE FRADRAG
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (5) Vedlegg(1)
0103/18 INTERKOMMUNAL LEGEVAKTSENTRAL FOR KÅFJORD, LYNGEN, STORFJORD, BALSFJORD, KARLSØY, KVÆNANGEN OG TROMSØ
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2) Vedlegg(5)
0104/18 ORIENTERING OM FLYKTNINGEBASENE TROMSTUN OG KVAMSTYKKET
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2)
0105/18 DEN KULTURELLE SPASERSTOKKEN – RAPPORT 2017
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (4) Vedlegg(1)
0106/18 NYTT TILSYN MED SALG AV TOBAKK – FASTSETTELSE AV GEBYR
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2) Vedlegg(2)
0107/18 ØKONOMIRAPPORT 1 – 2018
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (7) Vedlegg(1)
0108/18 FLYTTING AV AVLASTNING FRA BERGLUND OG IVER WALNUMS VEG
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (3) Vedlegg(1)
0109/18 LÅNEGARANTI – BÅRSTUA AS / KJØP AV SKANSEGATA 4
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (3) Vedlegg(3)
0110/18 SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI – MENIGHETSHUSET TIL TROMSØYSUND SOKN
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(5)
0111/18 FINANSRAPPORT PR. 31.03.2018 – TROMSØ HAVN KF
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(2)
0112/18 ÅRSREGNSKAP OG ÅRSBERETNING FOR TROMSØ HAVN KF FOR 2017
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(5)
0113/18 DETALJREGULERINGSPLAN FOR STAKKEVOLLV. 299 – SALG AV AREAL FRA TROMSØ HAVN KF
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(1)
0114/18 PROSTNESET UTBYGGING – STATUSRAPPORTERING ØKONOMI 31. MARS 2018
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(2)
0115/18 FINANSRAPPORT PR. 31.03.2018
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1)
0116/18 NYVALG OG SUPPLERINGSVALG SOM FØLGE AV FRITAK – JONAS STEIN
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1)
0117/18 KONTROLLUTVALGSAK 33/18 – FORVALTNINGSREVISJONSRAPPORT ØKONOMISTYRING OG ØKONOMISK INTERNKONTROLL I BRANN OG REDNING
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(3)
0118/18 PLAN 1861 – DETALJREGULERING FOR STORELVA, EIENDOM 71/753
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (2) Vedlegg(26)
0119/18 EVALUERING AV DAGENS ORDNING FOR BEHANDLING AV KLAGER I BYGGESAKER
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1)
0120/18 KOMBINASJONSKLASSE FOR ELEVER 16-21 ÅR SOM MANGLER GRUNNSKOLE
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(1)
0121/18 VURDERING AV BARNEHAGETILBUD TIL SAMISKSPRÅKLIGE BARN
Fremlegg
Satt på sakskart Beh (1) Vedlegg(3)
0122/18 FORSLAG TIL UTTALELSE FRA KOMMUNESTYRET – LUFTAMBULANSETJENESTEN I NORD-NORGE MÅ SIKRES
Fremlegg
Satt på sakskart Vedlegg(1)

 

 

 

Nytt bustadprosjekt på Storelva – møte i byutviklingskomiteen

Utsnitt frå planforslaget som viser trafikkbildet.

På torsdag er det møte i byutviklingskomiteen. Denne gongen med ei ganske så overkommeleg saksliste. Eit nytt prosjekt på Storelva er den viktigaste saka.

Prosjektet opnar for 170 nye bustader på Storelva. Det er snakk om området nord for Storelvahallen og nedanfor Løvesvingen/Nermyra. Eg synst i utgangspunktet planen er mogleg å gå for. 170 budstader er innafor bustadkvota på Kvaløya og prosjektet er med på å realisere bussveg på Storelva.

Det er likevel fleire ting eg kunne tenkt meg innspel på før vi skal handsame planen. Først og fremst er det transportløysningane. Slik eg les planen er det lagt opp til vegar med fortau, der syklande ikkje blir skilt frå gåande eller køyrande. Det er ei løysning eg ikkje liker. I alle nye prosjekt vil eg gjerne ha sykkelveg med fortau, eller adskilte sykkelfelt. Det aukar stadig med syklistar, og mange syklar fort. Det er derfor viktig å skille dei som syklar og dei som går for å få trygge vegar. Når det gjeld desse tinga vil eg gjerne ha innspel frå folk som ferdast i området til vanleg.

Eg ser og at det er reaksjonar på høgda for delar av prosjektet, spesifikt frå eit burettslag i Nermyravegen. Det vil eg og gjerne ha innspel på.

Dersom nokon har innspel til dei andre sakene tar eg og mot med takk.

Sakene

PLAN 1861 – DETALJREGULERING FOR STORELVA, EIENDOM 71/753 Fremlegg  Vedlegg(26)
EVALUERING AV DAGENS ORDNING FOR BEHANDLING AV KLAGER I BYGGESAKER  Fremlegg 
FORBEDRINGSPROGRAMMET – RAPPORT 1 2018  Fremlegg  Vedlegg(1)
ØKONOMIRAPPORT 1 – 2018  Fremlegg  Vedlegg(1)

 

Smarte og intelligente dingsar

Mange ord blir brukt for mykje. Martin Lægland i iTromsø hevdar at arktisk er overforbrukt. Det kan godt vere, men to ord som blir brukt så mykje at dei nesten mistar verdien sine er smart og intelligent. Vi har smarte kaffetraktarar og intelligente høgtalarar. Dei alle fleste dingsar er smarte eller intelligente for tida. Men i dag har eg faktisk vore med og opna ein intelligent veg!

Og her ser du ein intelligent veg

Vegen ser kanskje ut som dei fleste andre vegar. Han kan ikkje diskutere filosofi, men denne vegen er utstyrt med masse smart teknologi. Prosjekt Borealis går ut på å gjere E8 frå Skibotn og opp til grensa mot Finland til eit laborotorium for å utvikle ITS – Intelligent transport systems. Her er det lagt til rette for at bedrifter og organisasjonar kan komme og prøve ut teknologien sin. Vegvesenet har eigne prosjekt med fartsmåling, vektmåling og varsling knytt til vêr og føreforhold langs denne utfordrande vegen.

Eg synst dette er spennande, og håper mange vil utnytte dette flotte laboratoriet for å sikre tryggare vegar, og vegar med betre framkomelegheit for folk og gods. Dette er ein del av eit samarbeid med finnane. Det gjer det same på si side av grensa.

Det artigaste i dag var å oppleve det første forsøket med å køyre lastebilkonvoiar – såkalla platooning, der den første lastebilen kontrollerer heile konvoien. I det korte filmklippet under er altså bil to og tre kontrollert av bil ein.

 

Som dokker ser er det framleis god avstand mellom bilane. Dei opererer med to sekunds avstand, men skal snart ned til eit sekunds avstand mellom bilane. Dette har mange fordelar. Etter kvart kan kanskje sjåføren i dei andre bilane gjere anna jobb medan dei blir køyrt av den første bilen. I tillegg sparar dei drivstoff gjennom å redusere luftmotstanden. Med to sekunders avstand sparar dei ein liter på 100 km i følgje ein av sjåførane eg snakka med. Dei reknar med at dette vil auke betydeleg når dei får redusert avstanden mellom bilane.

Så kanskje får vi ikkje jernbane til Skibotn og Tromsø, men du skal ikkje sjå bort frå at vi snart får tog.

Ei varsla katastrofe – om luftambulanse og atomubåtar

Beechcraft 250 er eit av flya Babcock skal bruke i ambulansetenesta. Bilde: Wikipedia

Den krisa vi ser i luftambulansen er eit direkte resultat av ein villa politikk. Når vi vel å sette offentlege funksjonar ut på anbud. Og anbudet i stor grad handlar om å drifte eit allereie fastsett konsept, som bussruter i Tromsø eller luftambulanse i Noreg, så vil konkuransen i svært stor grad handle om kven som klarere å tyne dei tilsette hardast. Lågare løn og pensjon, kortare pauser og lengre arbeidstid.

Dette ser vi svært tydeleg i anbudet om luftambulansen. Flygarforbundet skriv på sine nettsider at dei har akseptert nedgang i løn på oppmot 25% og endra pensjon for å sikre tilbodet til innbyggarane i landet. Likevel var ikkje det godt nok for Babcock. Dei braut forhandlingane fordi dei ikkje ville akseptere ein overgang av pilotane frå det eine selskapet til det andre.

-At et statlig helseforetak, Luftambulansetjenesten HF, har lagt til rette for at dette kan skje, og gjennom offentlig finansiert sosial dumping setter folks liv og helse på spill er en stor skandale. Ambulanseflytjenesten risikerer nå å rakne, og dagens erfarne piloter vil kunne erstattes av helt nye flygere uten erfaring fra denne krevende tjenesten. Til tross for sterke advarsler har noen åpenbart ikke gjort jobben sin godt nok i Luftambulansetjenesten HF. Det må helseministeren og nasjonale helsemyndigheter nå rydde opp i, sier Carlsen (Yngve Carlsen er forbundsleder i Norsk Flygerforbund).

Det er ikkje det minste overraskande at pilotar søker seg bort frå luftambulansetenesta og over i anna arbeid etter dette. Det betyr at sjansen for at luftambulansen vil ha uerfarne pilotar som ikkje er van med å flyge på nordnorske kortbaneflyplassar aukar kraftig. Det vil få betydning for sikkerheita for pasientane og for evna flya har til å komme fram dit dei skal i tide.

Forøvrig er det eit interessant sidepoeng at det er Bedriftskompetanse der Marianne Telle, styreleiar i Helse Nord er administrerande direktør som skal jobbe med å rekruttere flygarar til Babcock.

Vedlikahald

I dag kom også meldinga om at Babcock ikkje skal ha vedlikehaldet av flya i Tromsø. Det skal skje i Østersund. Det fører til tap av meir enn 20 arbeidsplassar i Tromsø med dei konsekvensane det får for folk og familiar, men det betyr og at fly må langt vekk før dei kan bli reparerte og vedlikehald kan skje. Får det konsekvensar for beredskapen?

Eg meiner at dette tydeleg viser at denne tenesta ikkje er eigna for anbud. Det er på tida at vi sørgjer for at vi driv luftambulansen som vi driv bilambulansen – i regi av helseforetaka. Då kan vi bygge opp kompetanse og institusjonell hukommelse over tid. Vi kan sørgje for at tenesta utvikler seg til beste for folk i dette landet. Alt blir sjølvsagt ikkje perfekt, men det vil vere rom for å påverke og å endre ting gjennom det politiske systemet.

Atomubåtar

Morselskapet til Babcock Scandinavian AirAmbulance er forøvrig eit interessant selskap. Babcock International Group eig 84,6% av Babcock Scandinavian AirAmbulance. Dei er tungt inne i forsvarsindustrien. Babcock er det 26 største forsvarsselskapet og 59 prosent av omsettinga av selskapet er frå våpenhandel/millitære tenester. Mellom anna har dei oppgradert dei britiske atomubåtane. Dei jobbar og med sivile atomreaktorar gjennom Cavendish Nuclear. UiT har retningslinjer om at ein ikkje skal samarbeide med denne typen selskap. Har ikkje helseforetaka det?

Vegstøv, kosting og piggdekk

I dag var eg ute og jogga. Jada, du treng ikkje å flir så djævelsk høgt. Men det var no uansett ikkje det viktigaste. Medan eg trava i sakte tempo langs vegane her på Mortensnes og forbanna støvet i lufta så traff eg ein av kommunane sine kostebilda. Eg vart så glad eg måtte ta meg ein pause og puste litt. Unnskyldninga var sjølvsagt at eg skulle ta bilde av bilen.

Det er ei lykke når kostebilane kjem køyrande. Eit vårteikn som vaskar og gjer miljøet betre. Og heldigvis er dei meir effektive enn roboten min.

Dei folka på bydrift som kostar gatene våre står på døgnet på tamp for tida, for oss og helsa vår. Kommunen har fem bilar i drift for å koste opp støvet, men det vil ta lang tid før alle vegane er kosta. Vegstøvet har mange kjelder. Det vi ser og som knaser mellom tenna når eg syklar er eigentleg ikkje så farleg og mykje av det kjem frå strøinga i vinter. Det er ubehagleg, men litt ubehag kan eg leve med ei kort stund. Det farlege vegstøvet er for lite til å sjå, og der er piggdekk på bilane den aller største syndaren.

Helseskadeleg

Det er mange fleire enn dei som køyrer piggfritt i Tromsø som kan køyre. Konsekvensen av at vi ikkje køyrer piggfritt er at mange av oss som har astma eller andre luftvegslidingar ikkje kan gå ut på fine dagar som i dag. Då må kommunen komme med meldingar som dette:

«Dette medfører at barn med luftveislidelser, som for eksempel astma og bronkitt, og voksne med alvorlige hjerte-, kar og luftveislidelser bør redusere utendørsaktivitet, og ikke oppholde seg i de mest forurensede områdene.»

Nordlys for i morgon vier førstesida til saka om vegstøv.

I Tromsø har vi kvart år godt over 30 dagar med for høgt nivå av det farlege svevestøvet. Det er i første omgang ikkje noko anna svar på dette enn at vi må redusere bilkøyringa, spesielt bilkøyring med piggdekk. Dette er nok eit argument for at det er rett å innføre bompengar i Tromsø slik at vi faktisk kan få ei skikkeleg satsing på buss, gange og sykkel i denne byen.

For er det ikkje utruleg at denne småbyen vår skal vere ein av dei mest forurensa i Noreg?

No er det heldigvis for nokre av oss meldt om fuktig vêr, då går støvproblemet ned, og kanskje får dei fleste bytta til sommardekk i løpet av helga?

Du kan følge med på luftkvaliteten i Tromsø her.

Exit mobile version