Ei varsla katastrofe – om luftambulanse og atomubåtar

Beechcraft 250 er eit av flya Babcock skal bruke i ambulansetenesta. Bilde: Wikipedia

Den krisa vi ser i luftambulansen er eit direkte resultat av ein villa politikk. Når vi vel å sette offentlege funksjonar ut på anbud. Og anbudet i stor grad handlar om å drifte eit allereie fastsett konsept, som bussruter i Tromsø eller luftambulanse i Noreg, så vil konkuransen i svært stor grad handle om kven som klarere å tyne dei tilsette hardast. Lågare løn og pensjon, kortare pauser og lengre arbeidstid.

Dette ser vi svært tydeleg i anbudet om luftambulansen. Flygarforbundet skriv på sine nettsider at dei har akseptert nedgang i løn på oppmot 25% og endra pensjon for å sikre tilbodet til innbyggarane i landet. Likevel var ikkje det godt nok for Babcock. Dei braut forhandlingane fordi dei ikkje ville akseptere ein overgang av pilotane frå det eine selskapet til det andre.

-At et statlig helseforetak, Luftambulansetjenesten HF, har lagt til rette for at dette kan skje, og gjennom offentlig finansiert sosial dumping setter folks liv og helse på spill er en stor skandale. Ambulanseflytjenesten risikerer nå å rakne, og dagens erfarne piloter vil kunne erstattes av helt nye flygere uten erfaring fra denne krevende tjenesten. Til tross for sterke advarsler har noen åpenbart ikke gjort jobben sin godt nok i Luftambulansetjenesten HF. Det må helseministeren og nasjonale helsemyndigheter nå rydde opp i, sier Carlsen (Yngve Carlsen er forbundsleder i Norsk Flygerforbund).

Det er ikkje det minste overraskande at pilotar søker seg bort frå luftambulansetenesta og over i anna arbeid etter dette. Det betyr at sjansen for at luftambulansen vil ha uerfarne pilotar som ikkje er van med å flyge på nordnorske kortbaneflyplassar aukar kraftig. Det vil få betydning for sikkerheita for pasientane og for evna flya har til å komme fram dit dei skal i tide.

Forøvrig er det eit interessant sidepoeng at det er Bedriftskompetanse der Marianne Telle, styreleiar i Helse Nord er administrerande direktør som skal jobbe med å rekruttere flygarar til Babcock.

Vedlikahald

I dag kom også meldinga om at Babcock ikkje skal ha vedlikehaldet av flya i Tromsø. Det skal skje i Østersund. Det fører til tap av meir enn 20 arbeidsplassar i Tromsø med dei konsekvensane det får for folk og familiar, men det betyr og at fly må langt vekk før dei kan bli reparerte og vedlikehald kan skje. Får det konsekvensar for beredskapen?

Eg meiner at dette tydeleg viser at denne tenesta ikkje er eigna for anbud. Det er på tida at vi sørgjer for at vi driv luftambulansen som vi driv bilambulansen – i regi av helseforetaka. Då kan vi bygge opp kompetanse og institusjonell hukommelse over tid. Vi kan sørgje for at tenesta utvikler seg til beste for folk i dette landet. Alt blir sjølvsagt ikkje perfekt, men det vil vere rom for å påverke og å endre ting gjennom det politiske systemet.

Atomubåtar

Morselskapet til Babcock Scandinavian AirAmbulance er forøvrig eit interessant selskap. Babcock International Group eig 84,6% av Babcock Scandinavian AirAmbulance. Dei er tungt inne i forsvarsindustrien. Babcock er det 26 største forsvarsselskapet og 59 prosent av omsettinga av selskapet er frå våpenhandel/millitære tenester. Mellom anna har dei oppgradert dei britiske atomubåtane. Dei jobbar og med sivile atomreaktorar gjennom Cavendish Nuclear. UiT har retningslinjer om at ein ikkje skal samarbeide med denne typen selskap. Har ikkje helseforetaka det?

One Reply to “Ei varsla katastrofe – om luftambulanse og atomubåtar”

  1. Ja, dette verkar vere ei stor og stygg sak som har mange negative følgjer for det nordnorske samfunnet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version