Nytt bustadprosjekt på Storelva – møte i byutviklingskomiteen

Utsnitt frå planforslaget som viser trafikkbildet.

På torsdag er det møte i byutviklingskomiteen. Denne gongen med ei ganske så overkommeleg saksliste. Eit nytt prosjekt på Storelva er den viktigaste saka.

Prosjektet opnar for 170 nye bustader på Storelva. Det er snakk om området nord for Storelvahallen og nedanfor Løvesvingen/Nermyra. Eg synst i utgangspunktet planen er mogleg å gå for. 170 budstader er innafor bustadkvota på Kvaløya og prosjektet er med på å realisere bussveg på Storelva.

Det er likevel fleire ting eg kunne tenkt meg innspel på før vi skal handsame planen. Først og fremst er det transportløysningane. Slik eg les planen er det lagt opp til vegar med fortau, der syklande ikkje blir skilt frå gåande eller køyrande. Det er ei løysning eg ikkje liker. I alle nye prosjekt vil eg gjerne ha sykkelveg med fortau, eller adskilte sykkelfelt. Det aukar stadig med syklistar, og mange syklar fort. Det er derfor viktig å skille dei som syklar og dei som går for å få trygge vegar. Når det gjeld desse tinga vil eg gjerne ha innspel frå folk som ferdast i området til vanleg.

Eg ser og at det er reaksjonar på høgda for delar av prosjektet, spesifikt frå eit burettslag i Nermyravegen. Det vil eg og gjerne ha innspel på.

Dersom nokon har innspel til dei andre sakene tar eg og mot med takk.

Sakene

PLAN 1861 – DETALJREGULERING FOR STORELVA, EIENDOM 71/753 Fremlegg  Vedlegg(26)
EVALUERING AV DAGENS ORDNING FOR BEHANDLING AV KLAGER I BYGGESAKER  Fremlegg 
FORBEDRINGSPROGRAMMET – RAPPORT 1 2018  Fremlegg  Vedlegg(1)
ØKONOMIRAPPORT 1 – 2018  Fremlegg  Vedlegg(1)

 

3 Replies to “Nytt bustadprosjekt på Storelva – møte i byutviklingskomiteen”

  1. Hei Pål. Det jeg ikke skjønner er at det med klare planer om redusert bruk av personbiler likevel skal være behov for ei ekstra bru til Kvaløya. Ei ny bru må vel være det dyreste som skal finansieres i hele det såkalte bomveiprosjektet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version