Kostnadssprekk når kommunen bygger – neida, joda

Tvibit er eit av bygga som kom inn på budsjett. Dette bildet er frå opninga. Foto: Tromsø kommune

Det er ikkje reint sjeldan at folk vil snakke med meg om ulike sider ved drift og politikk i Tromsø kommune. Det er heller ikkje reint sjeldan desse samtalane handlar om kor udugeleg kommunen er – kanskje spesielt når det gjeld å bygge ting. – Alt kommunen bygger går jo langt over budsjett!

Så eg bestemte meg for å sjekke litt. Vi har alle lest oppslaga i avisane om bygegsprekkane, særleg dei om Tromsøbadet. Men at eit bygg blir bygd på budsjett kjem sjeldan på framsida av avisane. Det er ikkje, og skal heller ikkje vere noko nyheit at ting går etter planen. Men det betyr at vi får eit skeivt bilde av tilstanden. Vi høyrer mest om det som går galt og lite om det som går bra.

Derfor sendte eg ein epost til administrasjonssjefen og spurte om ei oversikt over dei siste prosjekta til kommunen, og korleis det gjekk samanlika med budsjett. Dette er lista eg fekk:

KOMMUNENS BYGGEPROSJEKTER SISTE 4 ÅR; BUDSJETT, RESULTAT OG OVERTAKELSE:

Ersfjordbotn og selnes skole – 2017
Vedtak igangsetting:      70 millioner
Endelig kostnad:              69,4millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Tromsdalen skole, moduler – 2017
Vedtak igangsetting:      27 millioner
Endelig kostnad:              25,8 millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Trudvang Barnehage og -boliger – 2017
Vedtak igangsetting:      114,5 millioner
Endelig kostnad:              109,2 millioner
Overtagelsesdato           november 2017

Helsehuset – 2017
Vedtak igangsetting:      310 millioner
Endelig kostnad:              270,8 millioner
Overtagelsesdato           august 2017

Sommerlyst Skole – 2016
Vedtak igangsetting:      355 millioner
Endelig kostnad:              328,5 millioner
Overtagelsesdato           juni 2016

Sandnessund Krematorium – 2016
Vedtak igangsetting:      87,0 millioner
Endelig kostnad:              87,5 millioner
Overtagelsesdato           desember 2016

Nye Tvibit – 2016
Vedtak igangsetting:      105 millioner
Endelig kostnad:              104,2 millioner
Overtagelsesdato           mars 2016

Sommarøy Barnehage – 2015
Vedtak igangsetting:      31 millioner
Endelig kostnad:              31,2 millioner
Overtagelsesdato           juli 2015

 

Samla sett hadde desse prosjekta ei kostnadsramme på 1 milliard og 99,5 millionar. Medan den totale kostnaden kom på 1,0266 milliardar, altså 72,9 millionar under budsjett.

Dette betyr ikkje at eg ikkje ser alvorleg på overforbruket på Tromsøbadet og andre prosjekt, men at vi som så ofte elles må nyansere litt. Ofte, ja kanskje til og med i hovudsak så bygger kommunen på eller under budsjett.

Også skal eg ta eit ørlite atterhald til slutt. Eg har ikkje gått inn og sjekka om budsjetta er endra mange gonger undervegs i desse prosjekta.

Skolekretsgrenser til besvær

Korleis skal vi best gje alle ungane i Tromsø eit godt skoletilbod, det er eigentleg grunnspørsmålet. Også nå vi skal vurdere skolekretsgrensene. Det er mange vanskelege avvegingar å gjere i ein slik debatt. Avstand til skolen, tradisjon, forventningar til skole etter kvar du bur og kvalitet på skolen.

Grønnåsen skole kan bli ungdomsskolen for elevane på Gyllenborg. Foto: Tromsø kommune.

Den grunnleggande utfordringa er at det over tid endrar seg kvar på Tromsøya det er flest elevar. Det endrar seg i takt med bustadbygginga og i takt med kva folk som bur i ein bydel. Når det blir bygd mykje nytt kjem det gjerne inn familiar med barn, etter kvart veks ungane til og det blir færre skoleelevar i eit område, også startar det gjerne på nytt.

På Tromsøya har vi nok plassar i ungdomsskolane våre til alle elevane. Dei tre ungdomsskolane Sommerlyst, Grønnåsen og Langnes er alle gode skolar. Skolar som vil gje ungane våre ei god utdanning, vere med å utvikle dei så dei kan bli det beste mennesket dei kan vere. Når det er slik at vi har plass til alle, ville det vore rart å skulle bygd ein ungdomsskole til. Ein ny ungdomsskole kostar fort ein halv milliard. Det er mange pengar å skulle bruke når vi allereie har plass.

For å kunne utnytte denne plassen vil det vere slik at elevar i nokre område i byen i periodar vil få lengre veg til skolen, men det er ikkje snakk om timesvis på bussen kvar dag. Vi vil vere innafor grei sykkelavstand for ein nokonlunde sprek fjortenåring uansett. Og alle som bur meir enn fire kilometer frå skolen får tilbod om buss.

Det store spørsmålet er derfor ikkje om vi skal endre skolekretsgrensene, men korleis vi skal gjere det. Kvar grensene skal gå må vi diskutere. Det som ligg fast er at nokre av dei som i dag soknar til Sommerlyst må gå anten på Grønnåsen eller på Langnes.

Administrasjonen har lagt fram eit forslag om at alle dei som i dag går på Gyllenborg barneskole i framtida skal gå på Grønnåsen (inntil demografien endrar seg og vi igjen må endre på grensene). Grunnen til det er at det er eit poeng å halde elevane samla. Det er ein tryggleik å vite at dei du gjekk på barneskolen saman med skal du og gå på ungdomsskole saman med.

Fleire moglegheiter

Det er likevel ikkje den einaste moglegheita. Dersom vi deler barneskolane kan vi lage skolekretsgrenser slik at ein del av dei som går på Gyllenborg, Fagereng eller andre barneskolar sør på øya skal gå anten på Grønnåsen eller Langnes. Det finst ikkje ein fasit på kva som er den beste løysninga. Eg ønsker velkommen ein debatt om dette, og gler meg til innspela frå foreldre og elevar på skolane om kva dei synst er den beste løysninga.

Det einaste eg er heilt sikker på er at med dei trass alt korte avstandane vi har på Tromsøya ville det vore feil bruk av fellesskapen sine pengar å bygge nytt når vi har plass til alle elevane. Den neste ungdomsskolen vil skal bygge i Tromsø kjem på Kvaløya. Der treng dei verkeleg ein ny ungdomsskole.

 

Du kan lese kommunens høyringsnotat om saka her.

No må du hjelpe meg litt med ein reguleringsplan på Hillesøya og med brann og redning

Kart henta frå saksdokumenta. Viser plasseringa av området.

Det er tett mellom møta for tida. Og allereie på torsdag er det nytt møte i byutviklingskomiteen. Der er det to saker eg synst er vanskeleg, og det hadde vore fint om du kunne hjelpe meg med idear og innspel.

Den første saka gjeld ei reguleringssak på Sommarøya. Her er eg i tvil fordi eg ikkje kjenner Sommarøy og Brensholmen så godt som eg burde gjere. Dette gjeld området du kjem til om du tar til venstre rett etter at du har kryssa brua over til Hillesøya og fortset forbi hotellet. Området er i dag regulert til hyttebygging med tvungen tilbakeleige til hotellet. Det er søkt om å omregulere området til fritidsbebyggelse for å kunne bygge hytter utan tvungen tilbakeleige til hotellet. Reelt sett er dette ei minimal endring, og burde kanskje vore uproblematisk. Det får berre betydning for dette med tilbakeleige til hotellet. Dei som søkjer grunngjev dette med endringar i marknaden. Likevel merknadane frå Hillesøy fiskarlag som er støtta av Brensholmen/Sommarøy utviklingslag seier blant anna:

Presset på boligområdene på Sommarøy er veldig stort, med vernevedtak og båndlegging i flere kategorier på områder som det er mulig å bygge på. Det skorter også på egnet areal til industri og næringsformål. I våre øyne vil denne planendringen føre til en ren privateid hytteby,i det som er tenkt å være næringsområde.

Hvis markedssituasjonen ikke tilsier lønnsom drift for hotell/overnatting på området, bør det frigis til andre aktører. Samt at de tillatelser og lovnader som er gitt ang. utvidelse av hotellets overnattingsmuligheter,trekkes tilbake av Tromsø kommune. Hvis Sommarøy Arctic hotells behov for ekstra overnattingsplasser ikke er større enn at de kan basere seg på at noen «frivillig» vil leie ut hytta si til hotellformål, bortfaller hele begrunnelsen for ytterlig utbygging

Så kva bør eg og SV gjere i denne saka? Kor stor er mangelen på næringsareal? Kan den mangelen løysast andre stader i Sommarøy/Brensholm-området? Eg er tilbøyeleg til å vere samd med Hillesøy fiskarlag, men vil gjerne høyre gode argument.

Den andre saka gjeld ny brannordning for Tromsø. Denne saka handlar om korleis vi skal dimensjonere Brann og Redning. Kor mange folk treng dei, kva utstyr treng dei og kva trening treng dei? Dette er ei sak som eg synst det er vanskeleg å skulle meine veldig mykje om som lekmann. Eg er ingen ekspert på verken brann eller redning og må i utgangspunktet stø meg på det administrasjonen skriv. Men, eg veit jo at det er fristande å ta i litt når ein lagar slike planar. Det hadde sjølvsagt vore fint med ein ny skumbil, men er det fint å ha, eller heilt naudsynt. Det synst eg er vanskeleg å vite. Så dersom det blant lesarane mine skulle vere nokon som kan mykje om dette temaet så vil eg svært gjerne høyre meiningar, innspel og kommentarar.

 

Sakslista forøvrig er slik som dette:

Saksnr Tittel Saksdok Behandling Vedlegg
0033/18 PLAN 1873 – DETALJREGULERING FOR SOMMARØY HYTTEFELT – ENDELIG VEDTAK Fremlegg Beh (1) Vedlegg(12)
0034/18 BRANNORDNING FOR TROMSØ KOMMUNE Fremlegg Beh (3) Vedlegg(3)
0035/18 MILJØMILLIONEN 2018- NYE KRITERIER FOR TILDELING AV MIDLER Fremlegg Vedlegg(2)
0036/18 ÅRSMELDING 2017 TROMSØ KOMMUNE Fremlegg Beh (6) Vedlegg(1)

La oss bygge drivhus på Prostneset!

OK, det er sikkert ein vill ide, men hadde det ikkje vore ufatteleg kult med drivhus på Prosteneset? Ein grøn park med ute(inne)servering året rundt? Det er sikkert dyrt og vanskeleg, men i ein vinterby som Tromsø, der vinteren skiftar farge mellom kvit, grå og grønn og brun hadde det ikkje vore fantastisk med eit felles uterom i sentrum der plenen var grøn nesten heile året?

Det er ikkje mange dagar kvart år det verkeleg er kos å sitte ute i ein park i Tromsø. Kanskje burde vi unna oss eit felles offentleg uteareal som ikkje var prisgjeven humøret til vêrgudane? Bilde er henta frå forprosjektet til Prostneset Park.

Eg tenkjer ikkje på eit kjedeleg glasshus sånn som dei har i Bodø, men eit glasshus som gjev utsyn over sundet og fjella. Der vi kan ta av oss jakka allereie i mars, drikke ein kaffe medan ungane leikar, graset spirar og vi irriterer oss over at dei er litt for høglytte ved nabobordet. Kanskje spelar ungane  fotball, eller det skal ein kanskje ikkje gjere i glasshus? I alle fall klatrar dei i stativ og tre, spring på plenen og har det moro.  I drivhuset kunne det vore benkar, bord og sjakkspel. Alt det vi ønskar oss av ein park.

Eg prøvde å teikne ei skisse av korleis det kunne sjå ut, men eg er like flink til å teikne som ein skiftnøkkel er til å svømme, så eg har ikkje noko anna bilde av dette enn det som er i hovudet mitt. Men det er bra fint!

Eg aner ikkje om det er mogleg. Kan ein bygge så stort i glass? Vil snøen skape store problem? Blir det vanvittig dyrt? Eg aner ikkje, men kult for byen ville det blitt. Eg trur det ville vore noko som verkeleg trakk fleire til byen.

Exit mobile version