Det einaste skåret i gleda, om eg kan seie det slik er at målinga viser at vi tre partia som styrer no mistar fleirtalet. Det trur eg likevel det er mogleg å gjere noko med. Dersom miljøpartiet vil samarbeide med oss manglar det berre tre mandat på fleirtal og det skal vi klare å gjere noko med i året som kjem! Også må eg innrømme at det er litt nedtur å bli forbigått av SV i Bergen og Trondheim på meiningsmålingane. Dei har begge hatt målingar på over 15%, men når valet kjem neste haust så skal vi bli beste SV-by – bank i bordet.
Den største politiske «nyheita» i Tromsø denne veka er at Jens Johan Hjort stiller som ordførarkandidat for Høgre. Det synst eg er hyggeleg, han er jo ein triveleg og velmeinande mann, og kan sikkert trekke nokre stemmer for Høgre. Men, når dei politiske debattane startar trur eg han vil oppdage at det ikkje er nok. Forøvrig synst eg Tor Arne Morskogen som er kommunestyrerepresentant for Høgre hadde den beste kommentaren til dette.
Nokre av dokker fekk kanskje med dokker at vi hadde ein ørliten budsjettlekasje her om dagen om at vi ikkje kjem til å gjere som administrasjonssjefen foreslår å sette opp avgifta for kremasjon frå 0 til 2500,- kroner. Det avstedkom denne kommentaren frå Morskogen:
Eg kan i alle fall love at kremering av ordførarkandidatar ikkje blir ein del av valkampen.
Høgaste bustadblokka i Noreg
No er det ikkje alle saker SV, Ap og Raudt er samde om politikken. Eit eksempel på dette er Varden burettslag sitt forslag om å bygge den høgaste bustadblokka i Noreg på Varden. I utgangspunktet liker eg spillville idear, men denne er i villaste laget. Eg trur godt vi kan bygge høgt på Varden. Ti etasjar ville nok vore fint, men ei blokk som er så høg at den faktisk blir det høgaste punktet på Tromsøya er for valdsamt.
Kommunestyremøte i august
Komande onsdag er det kommunestyremøte i Tromsø. Det er ikkje all verden av spennande saker. Dette er sakslista:
Tittel | Saksdok |
INTERPELLASJON – OM NIQAB- OG BURKAFORBUD | Framlegg |
ELDRERÅDET 2018 – ÅRSMELDING FOR TROMSØ KOMMUNES ELDRERÅD 2017 | Framlegg |
ØKONOMISK INTERNKONTROLL – RAPPORTERING PR. 31-12.17 | Framlegg |
KONTROLLUTVALGSAK 55/18 – FORVALTNINGSREVISJONSRAPPORT «HÅNDTERING AV HENVENDELSER FRA INNBYGGERE» | Framlegg |
UTTALELSE FRA KONTROLLUTVALGET – ÅRSREGNSKAP 2017 FOR TROMSØ HAVN KF | Framlegg |
ØKONOMIRAPPORT 1 – 31. MARS 2018 – TROMSØ HAVN KF | Framlegg |
REGIONAL STRATEGISK NÆRINGSPLAN FOR TROMSØREGIONEN – VEDTAK AV PLAN | Framlegg |
PRIVAT FORSLAG OM INNFØRING AV OSLOMODELLEN | Framlegg |
PLAN 1843 – DETALJREGULERINGSPLAN FOR VESTREGATA 20/22 – KLAGEBEHANDLING | Framlegg |
PLAN 1848 – DETALJREGULERING RAMFJORD, BÆRBAKKEN – TIL ENDELIG VEDTAK | Framlegg |
PLAN 1783 – NEDRE VANGBERG, TIL VEDTAK | Framlegg |
EVALUERING AV BYGGEKOSTNADER FOR SKOLEBYGG | Framlegg |
STRATEGIER FOR SPESIELLE MILJØTILTAK I JORDBRUKET | Framlegg |
KUNST I OFFENTLIGE ROM OG BYGNINGER – OPPRETTELSE AV ET KUNSTFOND I TROMSØ KOMMUNE | Framlegg |
SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI – TROMSØ TENNISKLUBB | Framlegg |
VALG AV MEDDOMMERE 2017-2020 – OPPFØLGING AV VANDELSKONTROLL | Framlegg |
NYVALG OG SUPPLERINGSVALG SOM FØLGE AV FRITAK – INGRID MARIE KIELLAND OG KRISTINE MERETHE LARSEN | Framlegg |
Den første saka er ei rein markeringssak frå Frp. Det er vel etter kvart blitt brei semje i Noreg om at det å dekke til andletet på skolen eller i ein undervisningssituasjon – i alle fall på barne og ungdomsskolen – ikkje er bra. Når folk er blitt vaksne synst eg vi skal vere litt meir forsiktige med å bestemme kva klede dei skal ha på seg. Uansett, så langt så greitt, men å skulle vedta kva klede folk skal kunne ha på seg på skolevegen meiner eg er å gå for langt. Men, heilt overordna er dette eit ikkje-problem i Tromsø og for den del i Noreg. Så vidt eg veit har det aldri vore eit problem at førsteklassingar går med niqab eller burka langs skolevegen i Tromsø. Har du nokon gong sett det? Dette er rett å slett ein måte for Frp å signalisere til veljarane sine – hei vi er mot innvandring og islam sjølv om Per Sandberg reiser til Iran og lovprisar det undertrykkande regimet der.
Eg er glad for at saka om oslomodellen endeleg kjem opp i kommunestyret. Administrasjonssjefen er negativ til forslaget fordi ho meiner vi først må sette i verk dei 10 strategiske grepa mot arbeidslivskriminalitet som KS og NHO har utarbeidd før vi kan gå vidare. Eg ser ikkje noko motsetning mellom å gjennomføre desse grepa og samstundes skjerpe inn antal ledd med underkontraktørar det skal vere eller at det skal vere fleir elærlingar.
Vestregata 20/22 kjem opp nok ein gong som klagesak. Eg kjem til å stemme mot nok ein gong, men reguleringsplanen blir nok stadfesta. Eg meiner det er for høgt og vil øydelegge viktige siktlinjer mellom Kongeparken og Kirkeparken/Domkyrkja, men ingenting tyder på at fleirtalet er samde.
Det blir nok ein diskusjon å opprette eit kunstfond i Tromsø kommune. Nokre hevdar at dette er ein frivolitet vi ikkje har råd til, til det er det minst to ting å seie. 1. Sjølvsagt skal vi utsmykke kommunale bygg. Korleis hadde sjukeheimane og skolane våre sett ut med berre grå eller kvite veggar utan nokon form for utsmykking? 2. Dette gjer vi allereie i kvart einskild prosjekt. Dette er eit forsøk på systematisering og meir effektiv bruk av pengane. Så er eg litt skeptisk til administrasjonsutgiftane her. Det må vi titte nærmare på opp mot kommunestyremøtet.
Ok, dette vart meir enn langt nok, men kom gjerne med kommentarar og spørsmål så skal eg svare etter beste evne.