I kommunebudsjettet for Tromsø for neste år kjem SV, saman med Tromsø Arbeiderparti og Rødt Tromsø til å sette ned eigedomsskatten. Då vil vi vere tilbake på same nivå som i 2011, altså 3,4 promille for boligar. Det vil utgjere 778,- kroner for ein gjennomsnittsbustad – ein nedgang på 15%.
Dette heng saman med at vi har hatt ei ganske tøff økonomisk styring i kommunen, derfor er det rom for dette no. Så vil det sjølvsagt avhenge av den generelle skatteinngangen og kommuneøkonomien fastsett av regjeringa korleis dette blir framover.
SV si haldning er at det aller viktigaste er å sikre gode skoler, god helse og omsorg og godt vedlikehald av vegar og bygningar. Men, det er og viktig for SV at den totale økonomiske belastninga for innbyggarane i Tromsø ikkje blir for stor. I ein situasjon der vi skal innføre bompengar er og rommet for å ha ein høg eigedomsskatt mindre. Alt heng jo saman med alt.