Vårt forslag til budsjett for Tromsø kommune 2019

Det er få ting som er så skremmande og så artig som å foreslå budsjett for kommunen. Her kan som politikar foreslå alt det eg ønsker at kommunen skal gjere, samtidig har eg ansvaret for at ei milliardbedrift skal ha ein ansvarleg økonomi. Og, det er ikkje alltid dei to tinga går i hop.

I dag har samarbeidspartia, SV, Ap og Raudt, lagt fram vårt budsjett for Tromsø kommune. Du kan lese heile budsjettframlegget her. Administrasjonssjefen foreslo å gjere opp budsjettet med eit overskott på 117 millionar kroner. Vi vel å redusere dette til eit overskott på 40 millionar. Det gjer at vi finn rom til fleire viktige satsingar – og ikkje minst at vi kan reversere mange av dei kutta administrasjonssjefen foreslår.

Eg har jo nettopp tatt over som leiar i helse- og velferdskomiteen, og er utruleg glad for at vi har blitt samde om å satse fem millionar på rekruttering og kompetanseheving i sektoren. Det å gje rom for at dei dyktige fagfolka våre kan utvikle seg er viktig for kvaliteten i tenesta og for at det skal vere spennande å jobbe for Tromsø kommune.

Det er fleire ting som gler meg i dette budsjettframlegget. Vi foreslår at det framleis blir leirskole, det blir ikkje kutt i antal vaksne i SFO – og vi beheld søskenmoderasjonen. Vi godtar heller ikkje kutt i etter- og vidareutdanning for lærarar eller den såkalla effektiviseringa av skolane. Denne effektiviseringa er i realiteten kutt på dei pengane skolane har til å gje eit godt tilbod til elevane.

Det blir heller ikkje nedlegging av familiens hus på Langnes.

Administrasjonen har og foreslått kutt i vedlikehald av vegar, byrom og bygningar. Det ville ført til dårlegare snørydding, dårlegare trakking av skiløyper og meir forfall på bygningane våre. Det kunne vi ikkje vere med på. Vi har og framskynda bygginga av ny skole i Tromsdalen frå 2021 til 2019.

Vi kan og sette ned eigedomsskatten med 20 millionar, det blir 778 kroner per gjennomsnittshustand.

Så er det alltid med litt knip i magen at eg er med på å bruke meir pengar. Det gjer oss meir sårbare dersom det skjer noko i løøpet av året. Men, vi har over fleire år bygd opp eit disposisjonsfond som gjer at vi likevel har ein god buffer dersom noko skulle skje. Det gjev tryggleik, og mange av kutta som var foreslått var det heilt naudsynt å reversere.

 

One Reply to “Vårt forslag til budsjett for Tromsø kommune 2019”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version