Heller satellitt enn bommar

I Tromsø har vi over lengre tid diskutert måtar å organisere bompengane på som gjer det billigare og enklare å få dette til enn å sette opp store bomportalar rundt i heile byen. Slik vil vi at meir av pengane vi betalar inn faktisk skal gå til trafikksikring, bussar, fortau og vegar. Fram til no har dette vore litt luftige tankar om at det sjølvsagt burde vere mogleg å få dette til. Men i går fekk i alle fall eg litt meir kjøtt på beina på dette.

Les og denne artikkelen i Nordlys.

I går hadde eg saman med folk frå Ap og Raudt eit møte med Autosim og Telespor. To tromsøbedrifter som mener dei har ei løysning for dette. Det går ut på å sette inn ein GPS-brikke i bilen. I første omgang tenkt kopla til OBD. Det er den kontakten som verkstaden brukar når dei koplar til bilen din for å diagnostisere den, og er ei tilkopling dei aller aller fleste bilane har. Denne brikken kommuniserer med ein sentral for å finne ut kva du skal betale. Dersom vi gjer det på denne måten kan vi oppnå fleire ting.

  1. Vi kan lage eit meir rettferdig betalingssystem. Vi vil ikkje lenger vere begrensa til kvar det er plass til å sette opp bommar ol. Det ville og vere mogleg å lage betalingsfrie område rundt skolar, barnehagar ol. Ein kan og gjere betalinga avhengig av køyrde kilometer og ikkje berre om du passerer ein bom eller ikkje.
  2. Vi slepp stygge bomportalar
  3. Vi kan bidra til å styrke næringslivet i Tromsø gjennom at dei får utfordrande og store oppgåver gjennom å bygge opp dette systemet.
  4. Vi kan få eit system som er billigare og enklare å sette opp og drifte.

Masse utfordringar

Det betyr sjølvsagt ikkje at eit slikt satellittbasert system vil vere utan utfordringar. Den aller største er at dette vil vere nybrotsarbeid, og som i alt nybrotsarbeid vil det bli gjort feil, ting vil ikkje fungere optimalt frå dag ein. Det vil kunne undergrave tilliten til systemet og undergrave finansieringa av ein byvekstavtale.

Vidare tenkjer eg dei viktigaste hindringane som må løysast er:

  1. Korleis handterer vi bilar som kjem utanfrå og ikkje har ein GPS-brikke i bilen? Skal dei sleppe å betale eller må vi ha ein type bom på innfartsvegane til byen?
  2. Korleis gjer vi det med bilar som er registrert i andre kommunar, korleis sikrar vi oss at dei og bidrar i systemet om og når desse bilane blir køyrt i Tromsø?
  3. Korleis sikrar vi personvernet? Ingen av oss vil vel at nokon skal vite kvar vi køyrer til ei kvar tid (sjølv om dei fleste av oss allereie gjev google eller apple all denne informasjonen). Det lar seg nok gjere om databehandlinga skjer i brikken og berre fakturainformasjon blir overført ut av bilen, men vi må vere sikre på at dette er i orden.

På mange måtar er Tromsø den perfekte plassen å teste ut dette systemet. Vi har lite gjennomgangstrafikk, noko som gjer mange av utfordringane mindre. Dei utfordringane vi har er eg ganske sikker på at lar seg løyse. Eg er litt meir usikker på om det lar seg løyse innafor den tidsramma vi har har. Vi har ikkje råd til å utsette ein byvekstavtale, først og fremst fordi vi er avhengigge av statlege pengar for å få til bussatsinga i Tromsø.

La meg gjerne høyre kva du meiner i kommentarfeltet.

 

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.