Mellomvegen 100 – som planlagt
Kristoffer Kanestrøm har i avisene kommentert nedlegginga av Mellomvegen 100. Han veit sjølvsagt at Mellomvegen 100 vart etablert som ei korttidsavdeling for å ta i mot utskrivningsklåre pasientar frå UNN i påvente av at Helsehuset skulle bli ferdig. No er Helsehuset med sine 69 korttidsplassar i full drift, og Mellomvegen 100 blir derfor lagt ned. Det burde ikkje overraske Kanestrøm.
Alle pasientane er godt ivaretatt og alle tilsette har fått tilbod om nye jobbar anten ved Helsehuset eller nokre av de andre sjukeheimane i kommunen.
Det var alltid meininga at Mellomvegen 100 skulle vere ei midlertidig løysing i påvente av opninga av Helsehuset. Derfor hadde dei som vart tilsett i Mellomvegen 100 i arbeidskontraktane sine ein fortrinnsrett til arbeid ved Helsehuset.
I 2018 brukte vi 32 millionar kroner på overtid og innleige av vikarar på Helsehuset. Ved å legge ned dagens drift av Mellomvegen 100 og tilby alle dei tilsette jobb på Helsehuset og Otium får vi ned utgiftene på Helsehuset. Vi får ei mykje betre drift ved Helsehuset når vi kan drive med eigne dyktige tilsette enn vi hadde gjennom å leige inn personell. Eigne tilsette vil skape større kontinuitet, kvalitet og større effektivitet på Helsehuset.
Samtidig viser tala at vi ikkje får fleire som ligg utskrivingsklare på UNN etter nedlegginga enn vi hadde før nedlegginga. Ved å kombinere kreftene klarer vi å drive betre, meir effektivt og med eit like godt, om ikkje betre, tilbod til pasientane.
Bygninga på Mellomvegen vart i si tid kjøpt av kommunen for å dekke behov kommunen har innafor helse og omsorg. Til no har det altså vore brukt som korttidsavdeling for rehabilitering av utskrivningsklare pasientar. Kva det skal brukast til framover blir diskutert. Bygget har begrensningar i og med at det er bygd som ein institusjon, men det har allereie komen inn fleire gode forslag. Behova er mange og varierte.
Eg meiner derfor at dette er ei god løysing
Omstilling, ikkje nedskjæring og kutt
Tromsø kommune og særleg Helse og omsorg er midt inne i ei av dei største omstillingane nokonsinne. Det er krevande for dei tilsette, og det skaper naturleg nok usikkerheit hos ein del brukarar og pårørande.
I 2018 brukte Tromsø kommune 175 millionar meir på helse og omsorg enn vi gjorde i 2017. Eg trur ikkje den omfattande veksten i pengebruken gjorde at tenestene innafor helse og omsorg vart veldig mykje betre frå 2017 til 2018. Det betyr at eg er ganske sikker på at det er mogleg å gje like gode tilbod om i dag og samstundes bruke mindre pengar. Det er ikkje lett, blant anna fordi det betyr at vi må jobbe smartare og annleis enn det vi gjer i dag. Samtidig er ein ikkje ubetydeleg del av kostnaden knytt til gamle og dårlege bygg samt manglande bygg. Derfor bruker vi mykje pengar på å bygge nytt, men det har gått for sakte.
I eit lesarinnlegg den 23. februar hevdar Julia Johnsen, Barbara Vögele og Jørgen Fossland at vi i denne krevjande prosessen sender rekninga til dei mest sårbare. Eg skal vere den første til å innrømme at det i ein slik endringsprosess kan skje feilskjær. Det kan skje at endringane i budsjett kjem før vi har funne meir effektive måtar å jobbe på. Dersom slike feilskjær skjer, skal vi og vere med på å rette dei opp. Det er viktig at vi fortløpande får tilbakemelding frå tilsette, pasientar og pårørande.
Det er og eit relevant poeng å peike på at områda rus, psykiatri og utviklingshemma ikkje er dei innbyggarane der Tromsø brukar mest pengar, og at større endringar på desse områda kan få konsekvensar som er uakseptable. Det har vi stor merksemd på.
Administrasjonen, avdelingane og einingane i Tromsø kommune er no i fullt arbeid med å konsekvensvurdere alle forslag til omstilling og endring. Desse konsekvensvurderingane kjem vi til å ta på djupaste alvor. Det vil ikkje vere aktuelt å la dei mest sårbare betale rekninga.
I 2015 viste rekneskapen at Tromsø kommune brukte 697 millionar på skole, 589 millionar på barnehagane, og 1119 millionar på helse og omsorg. Rekneskapen for 2018 viser at veksten innafor skole og barnehage har vore på 10-11% medan utgiftene til helse og omsorg har auka med 45%, til 1,63 milliardar. Det kan ikkje vere noko som helst tvil om at helse og omsorg har vore det som har vore suverent høgast prioritert dei siste åra. Det er like klart at om vi skal ha pengar til gode barnehagar, skolar som gjev ungane våre ein god start på livet og vegar som er brøyta og strødd så må utgiftsveksten innafor helse og omsorg stoppe opp.
Det å få til omstillinga i helse og omsorg er ikkje lett. Det krev enorm innsats frå alle i heile organisasjonen, frå botn til topp. Men eg har stor tru på at vi skal lykkast med det. Vi har dyktige og gode folk på alle nivå.