Omstilling, ikkje nedskjæring og kutt

Tromsø kommune og særleg Helse og omsorg er midt inne i ei av dei største omstillingane nokonsinne. Det er krevande for dei tilsette, og det skaper naturleg nok usikkerheit hos ein del brukarar og pårørande.

I 2018 brukte Tromsø kommune 175 millionar meir på helse og omsorg enn vi gjorde i 2017. Eg trur ikkje den omfattande veksten i pengebruken gjorde at tenestene innafor helse og omsorg vart veldig mykje betre frå 2017 til 2018. Det betyr at eg er ganske sikker på at det er mogleg å gje like gode tilbod om i dag og samstundes bruke mindre pengar. Det er ikkje lett, blant anna fordi det betyr at vi må jobbe smartare og annleis enn det vi gjer i dag. Samtidig er ein ikkje ubetydeleg del av kostnaden knytt til gamle og dårlege bygg samt manglande bygg. Derfor bruker vi mykje pengar på å bygge nytt, men det har gått for sakte.

I eit lesarinnlegg den 23. februar hevdar Julia Johnsen, Barbara Vögele og Jørgen Fossland  at vi i denne krevjande prosessen sender rekninga til dei mest sårbare. Eg skal vere den første til å innrømme at det i ein slik endringsprosess kan skje feilskjær. Det kan skje at endringane i budsjett kjem før vi har funne meir effektive måtar å jobbe på. Dersom slike feilskjær skjer, skal vi og vere med på å rette dei opp. Det er viktig at vi fortløpande får tilbakemelding frå tilsette, pasientar og pårørande.

Det er og eit relevant poeng å peike på at områda rus, psykiatri og utviklingshemma ikkje er dei innbyggarane der Tromsø brukar mest pengar, og at større endringar på desse områda kan få konsekvensar som er uakseptable. Det har vi stor merksemd på.

Administrasjonen, avdelingane og einingane i Tromsø kommune er no i fullt arbeid med å konsekvensvurdere alle forslag til omstilling og endring. Desse konsekvensvurderingane kjem vi til å ta på djupaste alvor. Det vil ikkje vere aktuelt å la dei mest sårbare betale rekninga.

I 2015 viste rekneskapen at Tromsø kommune brukte 697 millionar på skole, 589 millionar på barnehagane, og 1119 millionar på helse og omsorg. Rekneskapen for 2018 viser at veksten innafor skole og barnehage har vore på 10-11% medan utgiftene til helse og omsorg har auka med 45%, til 1,63 milliardar. Det kan ikkje vere noko som helst tvil om at helse og omsorg har vore det som har vore suverent høgast prioritert dei siste åra. Det er like klart at om vi skal ha pengar til gode barnehagar, skolar som gjev ungane våre ein god start på livet og vegar som er brøyta og strødd så må utgiftsveksten innafor helse og omsorg stoppe opp.

Det å få til omstillinga i helse og omsorg er ikkje lett. Det krev enorm innsats frå alle i heile organisasjonen, frå botn til topp. Men eg har stor tru på at vi skal lykkast med det. Vi har dyktige og gode folk på alle nivå.

One Reply to “Omstilling, ikkje nedskjæring og kutt”

  1. Liv Marie Austrem sa:

    Tøffe prioriteringar – ikkje lett, men når ein tar det på grundig alvor så …

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version