Vi har satsa på helse og omsorg


Administrasjonssjefen foreslår å styrke pleie og omsorg med 44 millionar kroner. I kommunestyret kjem vi til å finne ytterlegare 40 millionar til pleie og omsorg. Ingen andre sektorar i kommunen blir satsa på på same måte. Dette er likevel ikkje nok til å dekke opp overforbruket i forhold til budsjett.

I løpet av dei siste fire åra har vi auka pengebruken innanfor helse og omsorg med 477 millionar. Til samanlikning har skole og barnehagar auka med 299 millionar. Desse to sektorane åleine har altså auka med 776 millionar på fire år. Samstundes har inntektene til kommunen auka berre 714 millionar. Utgiftane på desse to sektorane åleina har auka med 62 millionar meir enn inntektene.

Vi kan ikkje halde fram med å la utgiftene auke med meir inntektene. Kommunen har heller ikkje pengar på bok. Disposisjonsfondet nådde ein topp i 2017 på 202 millionar, no er det nesten tomt.

Denne figuren viser utviklinga i pengebruken.

Ingen annan sektor i kommunen har fått tilført meir ressursar enn helse og omsorg (i helse og omsorg har eg rekna inn utgiftene til kommunehelse, pleie og omsorg samt sosialbudsjettet. Sosialbudsjettet utgjer ca 145 millionar, resten er rein helse. Vi har satsa på helse og omsorg, og vi vil også ha auka kraftig etter den runden vi er gjennom no.
Desse tala viser at vi ikkje kjem utanom ein tøff periode innanfor helse og omsorg. Det som er viktig for SV i denne prosessen for er at vi ikkje øydelegg den langsiktige endringa i tenesten i retning tidlegare innsats og meir tillit til det arbeidet og dei vurderingane som blir gjort av dei dyktige fagfolk og tilsette. Vi kan heller ikkje gjennomføre kutt som får drastisk negative konsekvensar for pasientar og brukarar. Derfor kjem vi blant anna til å prioritere å fjerne flate bemanningskutt som ikkje er konsekvensvurdert.

Gjennom saka om økonomirapport 1 kjem vi til å tilføre helse og omsorg over 80 millionar kroner. Det er likevel ikkje nok til at vi unngår innsparingar.

Vi bruker svært mykje pengar på helse og omsorg i Tromsø kommune samanlikna med andre kommunar på omtrent same storleik. Vi brukar samanlikne oss med kommunar som Kristiansand, Drammen og andre i den storleiken. Den samanlikninga viser at vi bruker 31% meir på helse og omsorg enn det desse kommunane gjer. Eit døme, berre for å illustrere kostar ein institusjonsplass i Tromsø 1,3 millionar i snitt, medan snittet for dei andre kommunane er 1,1 million.

Det kan i utgangspunktet vere fire forklaringar på at Tromsø brukar så mykje meir pengar.

  1. Tromsø har ei sjukare befolkning enn dei andre kommunane
  2. Tromsø har eit betre tilbod enn dei andre kommunane
  3. Tromsø driv mindre effektivt enn dei andre.
  4. Tromsø manglar tilrettelagte bustader noko som gjer at vi driv ineffektivt.

Det er ingenting som tyder på at punkt ein er rett. Tromsøfolk er ikkje sjukare enn andre. Sannsynlegvis er derfor svaret ei blanding av punkt to,tre og fire. Det neste spørsmålet er derfor korfor det er slik.

Det vi veit er at vi tildeler fleire timar hjelp enn mange andre kommunar. Vi veit og at vi bruker meir på dei aller sjukaste, og sannsynlegvis for lite for å forebygge tidleg i eit sjukeforløp. Det er grunnen til at vi har starta ein viktig arbeid i heimetenesta for å bli meir tverrfaglege og jobbe betre tidleg i eit sjukdomsforløp.

Vi veit og at vi manglar tilrettelagte bustader til fleire grupper. Det betyr at vi må rigge dyre tilbod i leilegheiter som ikkje er tilrettelagt for det. Det betyr at vi må investere meir for å få ei betre drift. Sommerlystvegen, Fergevegen og fleire andre butilbod skal stå ferdig i løpet av 2020. Det vil lette drifta vår.

Vi har i tillegg eit utfordring med høgt sjukefråvær i både skolane og helsesektoren i Tromsø kommune. Sjukefråværet er høgare i Tromsø enn i dei fleste andre kommunane vi samanliknar oss med. Det er samstundes som vi har ein ganske ung arbeidsstokk. Det er ei stor leiingsutfordring på alle nivå i kommunen. Sjukefråværet er dyrt og det gjer det vanskelegare å levere ei god teneste til pasientar og brukarar.