Turistskatt er eit delsvar på utfordringane i Tromsø

Nesten uansett kvar du reiser på ferie i Europa så må du betale turistskatt. Det er vanlegvis ein sum per overnatting. Det varierer frå ein halv euro natta til åtte euro natta. I Tromsø er det ca ein million kommersielle overnattingsdøgn i året. Dersom vi fekk lov til å krevje inn 20 kroner per natt ville det gje oss 20 millionar kroner i året til å legge til rette for reiselivsnæringa og bøte på nokre av utfordringane turiststraumen gjev oss.

Det er heilt fantastisk å bu i ein by, ein kommune, ein region som folk har lyst til å besøke. Hit kjem folk for å oppleve nordlys og natur, kultur og kval. Det skal vi vere glade for. Det gjev inntekter for næringsliv og inntekter for kommunen. Men, som alltid er det nokon som må ta oppvasken etter at gjestane forlet oss. Det at mange vil besøke oss fører til press på utfartstoalett, parkering langs vegane, slitasje på stiar osb. Vi vil jo gjerne at det skal vere reint og ryddig når vi år besøk, så det hadde vore gjævt å kunne pynta litt opp i sentrum.

Dette er utfordringar som det er vanskeleg å løyse innanfor trange kommunale budsjett. Derfor meiner eg det er rimeleg å be dei som besøker oss om å bidra til å løyse desse utfordringane.

Vi kan få til mykje med turistskatt

20 millionar kroner å året vil gjere det mogleg for oss å løyse nokre av dei utfordringane som turiststraumen gjev oss. Vi kan drifte og bygge fleire utfartstoalett, slik at ikkje innbyggarane våre treng bekymre seg for at folk skal skite i hagane deira. Vi kan brøyte å vedlikehalde utfartsparkeringane slik at vi får færre trafikkfarlege episodar langs vegane. Vi kan forskjønne sentrum til glede for både oss og dei som besøker oss. Vi kan bidra til å bygge landstraum for cruiseskip, og kanskje kan det og bli eit bidrag til å bygge kompetanse og utvikle reiselivsnæringa.

Dessverre opnar ikkje lovverket for innkreving av turistskatt per no. I SV meiner vi at kommunen må ta initiativ overfor Stortinget, slik det det blir opna for at kommunane kan krevje inn ein slik skatt.

Så er det sjølvsagt mange ting vi må diskutere framover. Skal skatten berre gjelde turistar, eller også forretningsreisande. Skal det berre gjelde utanlandske turistar eller skal det gjelde alle? Og korleis sikrar vi at AirBNB og liknande også betaler.

Kommunestyret i Tromsø vedtok etter forslag frå SV, «Tromsø kommune utreder ei ordning med turistskatt på alle kommersielle overnattingar.» Eg kunne ønska meg ei enno tydelegare formulering, men utgreiing var det det var mogleg å få fleirtal for i denne omgangen. Kanskje opnar det seg nye moglegheiter etter valet?

Eit gamaldags menneskesyn?

Eg har vanskar med å forstå innlegget frå dageleg leiar i Privat Omsorg Nord (PON), Berit Mathisen i Nordnorsk debatt. Ho har fått det for seg at å meine eg har eit gamaldags menneskesyn fordi eg meiner at sentrale omsorgsoppgåver blir best om hovudmotivet er å hjelpe framfor å tene pengar.

Det har ho sjølvsagt lov til å meine. Eg synst dei politiske debattane blir best om vi debatterer dei politiske sakene og ikkje tillegg kvarandre eit eller anna menneskesyn berre fordi vi er usamde.

Følgjande ting ligg fast:

  • Kommunen har ei svært mykje betre pensjonsordning for sine tilsette enn det Privat Omsorg Nord har.
  • Eigarane av Privat Omsorg Nord er Ertvaag-familien i Stavager gjennom holdingselskapet Camar as. Det selskapet er eit reint investeringsselskap og driv med helse og eigedom for å tene pengar.

Så kan vi sjølvsagt diskutere om det er greitt eller ikkje. Eg meiner at det er feil om nokon skal sko seg på våre skattepengar. Eg vil at dei skal gå til velferd og gode arbeidsmiljø for dei ansatte. Det er det sjølvsagt lov for Berit Mathisen å vere usamd i.

Den lange politiske kampen som ligg bak velferdsstaten, er basert på ei forståing av at velferdstenester skil seg grunnleggande frå andre typar tenester og at marknaden ikkje kan levere likeverdige tilbod uavhengig av bustad, behov og inntekt. Det offentlege har derfor ansvaret for at velferdstenestene blir levert, at dei held god kvalitet og at de er tilgjengelege for alle.

Det blir frå PON hevda at det vil koste kommunen eit tjuetals millionar å ta tilbake denne tenesten til kommunal drift. Det er med respekt å melde tøv. Kommunens heimeteneste er effektiv og god. Dei omtrent 18 årsverka som vi vil trenge vil koste omtrent det same som kommunen i dag betaler til PON for desse tenestene. Det er uansett kommunen som fastset timetalet i tenesten, uavhengig av kven som driv. Og det er kommunen og skattebetalarane som betaler rekninga uansett kvar den kjem frå.

Det er og slik at mange av dei same folka jobbar både i kommunen og i PON. Men PON har ingen nattevakter. Det er kommunen som har all teneste om natta til dei som treng det. Det betyr at når kommunen tar over vil det i mange tilfelle bli enklare å lage ein heilskapleg teneste og gje god omsorg heile døgnet for desse pasientane.

Derfor vil SV ikkje ha privat heimeteneste

I fire år har Tromsø kommune eksperimentert med bruk av private tilbydarar av heimeteneste. Det er mange og gode grunnar til at vi avsluttar dette eksperimentet. Det høgredominerte fleirtalet innførte denne ordninga rett før valet sist. Vi vel å avslutte dette når konsesjonane no går ut 1. september, heilt i tråd med reglement og reglar.

Alle i Tromsø skal få trygg og sikker omsorg

For kommunen er det dyrare å ha private til å drive dette tilbodet. Timeprisen for pleiarane er den same, men i tillegg kjem kostnaden til fakturabehandling, kontroll og tilsyn for kommunen.

Som ein del av økonomien er det viktig å vere klar over at det er stor skilnaden på pensjonen for dei tilsette i kommunen og dei tilsette hos Privat omsorg nord. I kommunen sparer kommunen 15% av dei tilsette si løn til pensjon. Det tilsvarande hos PON er 2% som er minimum som loven tillet. Det betyr ein kjempestor skilnad på den pensjonen folk kjem til å få. SV er opptatt av at alle skal få ein skikkeleg pensjon å leve for. Det er og verd å merke seg at PON får betalt frå kommunen som om dei sparte 15% av løna til pensjon. Det gjer dei ikkje! Skilnaden der er altså rein inntekt for PON

Det at tilsette melder om avvik er viktig for kommunen. Gjennom rapportering av avvik har vi moglegheit til å lære og utvikle oss. Vi kan og avsløre feil som må rettast på. Kommunen har ikkje tilgang til avvikssystemet til dei private, vi veit ikkje eingong om dei har eit skikkeleg avvikssystem. Det skaper usikkerheit om kvaliteten på den private aktøren. Spesielt er det usikkerheit om bruk av rett kompetanse.

Eigarane av «Privat omsorg nord» heiter «Helsepartner Nord-Norge». Hovudeigaren av «Helsepartner Nord-Norge» heiter «Nord Small Cap Opportunities» Dei har same eigarar som diverse oppkjøpsfond. Eigarane av “Helsepartner Nord-Norge” seier til Nord24, “På ett eller annet tidspunkt er det nok riktig for selskapet å få nye eiere.” Eigar av Privat Omsorg Nord i siste instans er Ertvaagfamilien i Stavanger gjennom investeringsselskapet Camar AS. Dette føyer seg inn i det som vi ser i mange andre samanhengar. Investorar hentar ut profitt gjennom sal av verdiar bygd opp med skattepengane våre. Private selskap blir selt ut av landet til store internasjonale fond og salta ned i skatteparadis.

Eg vil at skattepengane våre skal gå til omsorg, ikkje til privat profitt.

Exit mobile version