Categories
Politikk Troms og Tromsø

Jernbane er eit nasjonalt prosjekt

Jernbane til Tromsø har vore ei av dei viktigaste sakene for meg så lenge eg kan huske. Som unge sat eg på rommet mitt og teikna trasear i ein gamal atlas til Tromsø, Kirkenes og ja til Lofoten. Det er fantastisk gledeleg å sjå den støtta prosjektet har frå folk og politikarar i Tromsø og resten av landsdelen.

Kjem toget snart?

Lokalpolitikarane køyrer facebookannonsar med støtte til prosjektet. Det er heilt vidunderleg gledeleg. Det gjev tru på at jernbanen kan bli noko av. Samstundes er det viktig å minnest at dei fleste av desse politikarane har ein stor jobb å gjere i eigne parti for å få gjennomslag. Enno har vi ikkje sett same entusiasmen frå leiande folk på Storting og i regjering. Så vidt eg veit er det berre SV som har programfesta bygging av jernbane til Tromsø og til Kirkenes (frå Rovaniemi). MdG er dei som kjem nærmast. Dei har programfesta ei konskvensutgreiing av jernbane til Tromsø. (Her gjorde eg ein feil. Eg er blitt gjort klar over at Raudt og har jernbane i programmet – beklager)

I SV heiar vi på alle som jobbar for Nord-Noregbanen, og eg håper verkeleg at alle dei som roper høgt haleluja no vil stå på i eigne parti. Der må kampen vinnast om vi skal få realisert prosjektet.

For ein nordnoregbane er ikkje distriktspolitikk. Det er ikkje ein politikk for Nord-Noreg. Det er eit nasjonalt prosjekt for binde landet saman og for å utvikle landet. Ein ny jernbane vil gje lettare tilgang til internasjonale marknadar for nordnorske bedriftar.

Men det vil og utvikle landsdelen. Ei reisetid på halvanna time frå Tromsø til Narvik og 3,5 tima Tromsø til Bodø vil skape ein heilt ny region og nye lokale marknader, bu- og arbeidsregionar. Det vil binde oss saman. Til samanlikning tar det 3,5 tima å køyre til Narvik og over åtte timar til Bodø. Ein jernbane vil gjere Bodø, Narvik, Harstad og Tromsø større, men vil og gje alle stadane rundt byane ein større arbeidsmarknad og legge grunnlaget for ny vekst.

For SV er nordnoregbanen eit nasjonalt prosjekt, for å styrke Nord-Noreg og heile landet.

Categories
Økonomi

Betre tilrettelegging for både tilreisande og fastbuande

Kristin Krohn Devold, direktør i NHO, likte ikkje at eg har tatt til ordet for ein begrensa turistskatt i Tromsø. Hovudargumentet hennar ser ut til å vere at vi ikkje skal skattlegge det vi vil ha meir av.

Det er eg i utgangspunktet samd med Devold i, men turismen kan ikkje vekse ukontrollert, verken i Tromsø eller andre stader. Vi må finne balansen mellom vekst og å kunne legge til rette for turismen på ein god måte. Dersom vi ikkje maktar å legge til rette på ein god måte skaper vi konfliktar mellom oss som bur i Tromsø og turistane, og dersom vi ikkje klarer å sørge for å legge til rette for turistane vil dei ikkje ha ei god oppleving i Tromsø. Det vil spreie seg og fort føre til at det ikkje blir så mange turistar i Tromsø likevel. Eg meiner bestemt at 20 kroner per natt i turistskatt ikkje hindrar nokon å komme til Tromsø. Eg er og ganske sikker på at vi vil få fleire og betre betalande turistar til Tromsø om vi har økonomisk rom til å legge godt til rette for gode opplevingar.

Devold hevdar i sitt innlegg at ein turistskatt vil bli konkurransevridande til ulempe for hotella. Det føreset at turistane som bur gjennom AirBnb og andre ikkje skulle betale. Det har eg aldri meint. Det er sjølvsagt at ein turistskatt må gjelde for alle kommersielle overnattingar, anten dei bur på hotell eller gjennom AirBnb.

Ein turistskatt vil kunne finansiere utfartsparkering og toalett. Det vil gje ei betre oppleving for turistane og mindre konflikt med lokalbefolkinga. Ein turistskatt vil kunne finansiere ei forskjønning av sentrum og betre tilrettelegging både for fastbuande og tilreisande.

Vi kan bruke ein turistskatt for å legge til rette for dei tilreisande og for oss som bur her. Det vil vere ein fordel for alle.