Tromsø – ein kommune med faste og heile stillingar

Noko av det eg er mest stolt over å ha vore med på i politikken er den fine framgangen Tromsø kommune har hatt med å få fleire heile og faste stillingar innafor helsesektoren. Her er Tromsø ein foregangskommune og blant dei beste kommunane i landet. Ufrivillig deltid er eit stort problem. Vi har ikkje løyst problemet, men vi har tatt store steg i rett retning.

I følgje sykepleien.no er Tromsø best i å lyse ut heile stillingar blant dei store kommunane i landet i 2017. 76% av alle utlyste stillingar var heiltidsstillingar. Trondheim var nest best med 70%

Skjermdump frå sykepleien.no

Desse tala gjenspeglar seg i sluttrapporten frå heiltidsprosjektet i Tromsø. Tala viser at i 2015 var det 53,2% heiltidsstillingar i Helse og omsorg i Tromsø. I 2018 hadde det auka til 62,2% og det går oppover.

Minst like viktig og kanskje endå meir imponerande er framgangen vi har hatt når det gjeld å få faste stillingar. Det er utruleg viktig for å gje folk ei føreseieleg inntekt og moglegheit til å planlegge kvardagen. Vi kan ikkje ha det slik at folk må gå med telefonen på og aldri kunne planlegge liva sine fordi dei jaktar på neste vakt.

I 2015 gjekk 46,4% av dei tilsette i helse og omsorg i Tromsø på variable kontraktar. Dei visste ikkje kor mykje dei skulle jobbe eller sikkert når neste vakt var. I 2018 hadde vi klart å redusere dette til 25%. Nesten ei halvering. Vi er enno ikkje i hamn. Målet er å komme nesten ned i 0. Men det er ein fantastisk framgang.

Gjennom at fleire jobbar fast og heiltid vil kvaliteten på arbeidet auke, og pasientar og brukarar vil få færre personar å forholde seg til.

Den fine framgangen kjem av ein fantastisk jobb av dei tilsette, leiinga og fagforeiningane. Vi har fått på plass særavtalar som gjer at vi lettare får turnusen til å gå opp i helgene. Vi har gjeve dei ansatte større moglegheit til å velge ein måte å jobbe på som passar med deira livssituasjon. I nokre delar av livet passar det kanskje å jobbe meir helg, ande gonger passar det med litt lengre vakter.

Desse særavtalane kan dei tilsette velge å skrive under på, eller dei kan la vere. Det er fleksibilitet som ikkje går på bekostning av arbeidstakarane og som samstundes gjer organiseringa av turnusen enklare.

Alle tala eg har brukt kjem frå sluttrapporten i heiltidskulturprosjektet. Den kan du lese her.

Stor vekst i næringslivet med SV

SV er eit parti for næringslivet, fordi vi veit at eit suksessfylt næringsliv blir betre i eit samfunn med sterke fellesskap, velferd for alle og små skilnader mellom folk.

Så kva har skjedd dei åra vi har styrt Tromsø saman med Ap og Raudt? Jo, det har vore ein kraftig vekst i privat næringsliv. Frå første kvartal 2016, som er så langt bak statistikken til SSB går, til første kvartal 2019 er det blitt 2333 fleire arbeidsforhold i næringslivet i Tromsø. (Statistikk 11653 frå SSB) Det er ein vekst på 10%. I same periode er veksten nasjonalt på 5%. Tromsø under sosialiststyre er altså dobbelt så gode som resten av landet til å skape arbeidsplassar i privat sektor.

Næringsforeninga i Tromsøregionen starta eit prosjekt i 2018 for 2000 nye arbeidsplassar innan 2022. Vi heier på dette prosjektet, og meiner at det raud-grønne styret har rett politikk for å nå dette målet. Det vises gjennom at det på dei tre siste åra nettopp er skapt over 2000 nye arbeidsplassar i Tromsø.

Vi skal sjølvsagt ikkje ta ansvar eller æra for alle desse arbeidsplassane. Det er produktive arbeidsfolk, folk med gode idear og initiativ som har skapt desse arbeidsplassane. Men, ingen kan hevde at ikkje vi i Tromsø legg til rette for, oppmuntrar og heier på gode bedrifter.

Det er kjent frå forskinga at små skilnader,  gode velferdsordningar og fellesskapsløysningar legg til rette for privat vekst og produktivitet. Derfor vil venstresidas løysningar ofte vere svært gode også for privat næringsliv.

Så er sjølvsagt ikkje alt perfekt i Tromsø. Vi kan bli betre på fleire ting for å legge til rette for gode arbeidsplassar. Vi treng meir næringsareal, vi treng ein byvekstavtale som fjernar køkostnadar for næringslivet og kommunen kan bli betre på innovative innkjøp som kan vere med å utvikle lokalt næringsliv Her skal SV spele på lag også dei neste fire åra.

I tillegg skal vi halde fram arbeidet med gode skolar, gode kulturtilbod og gode omsorgstenester. Det treng vi for å tiltrekke oss og halde på alle dei folka som skal bygge og utvikle både offentleg og privat sektor i Tromsø.

AirBnB gjev oss færre hus å bu i

Det er dyrt å bu i Tromsø. Det kostar både å kjøpe og leige. Ein av grunnane er at mange leiligheter ikkje er tilgjengelege for folk som bur i byen, men blir brukt til kortidsutleige på AirBnB.

I følgje NHO var det i august i fjor 842 leiligheter tilgjengeleg for AirBnB i Tromsø. I dei aller fleste tilfella disponerer gjesten heile leiligheita. Det skulle indikere at ein stor del av desse leiligheitene ville kunne vore tilgjengeleg for langtidsutleige dersom det ikkje var for at dei var leigd ut gjennom AirBnB.

Regjeringa har komen med ei lita innskjerping, gjennom at utleige blir begrensa til 90 dagar i året. Det er dessverre ikkje nok.

Problemet er ikkje dei som leiger ut eit rom i eiga hus. Det er berre fint. Problemet er dei som driv dette nærmast som hotell og dermed minkar tilgjenge på leiligheiter i Tromsø for oss som skal bu her.

Vi kan ikkje la AirBnB øydelegge byen!

Eg meiner derfor at:

  • Kommunen må få moglegheit til å regulere kortidsutleige. Kan vere gjennom å sette begrensingar i antal dagar du kan leige ut gjennom AirBnB.
  • Kommunen må saman med aktuelle tilsyn sørgje for å stoppe dei som driv tilnærma hotellverksemd gjennom AirBnb utan løye og kanskje utan å fylle krav til branntryggleik.
  • Kommunen må følgje opp at det ikkje blir drive næringsverksemd i hus/leiligheiter som er regulert til bustad.
  • Vi må få ei sak i kommunestyret som går gjennom alle dei verkemiddel kommunen kan bruke til å regulere dette området.

Vi er avhengige av at regjering og storting tar ansvar på dette området og lar kommunane regulere dette viktige området.

Sjå og denne artikkele i iTromsø

Exit mobile version