Det er dyrt å bu i Tromsø. Det kostar både å kjøpe og leige. Ein av grunnane er at mange leiligheter ikkje er tilgjengelege for folk som bur i byen, men blir brukt til kortidsutleige på AirBnB.
I følgje NHO var det i august i fjor 842 leiligheter tilgjengeleg for AirBnB i Tromsø. I dei aller fleste tilfella disponerer gjesten heile leiligheita. Det skulle indikere at ein stor del av desse leiligheitene ville kunne vore tilgjengeleg for langtidsutleige dersom det ikkje var for at dei var leigd ut gjennom AirBnB.
Regjeringa har komen med ei lita innskjerping, gjennom at utleige blir begrensa til 90 dagar i året. Det er dessverre ikkje nok.
Problemet er ikkje dei som leiger ut eit rom i eiga hus. Det er berre fint. Problemet er dei som driv dette nærmast som hotell og dermed minkar tilgjenge på leiligheiter i Tromsø for oss som skal bu her.
Vi kan ikkje la AirBnB øydelegge byen!
Eg meiner derfor at:
- Kommunen må få moglegheit til å regulere kortidsutleige. Kan vere gjennom å sette begrensingar i antal dagar du kan leige ut gjennom AirBnB.
- Kommunen må saman med aktuelle tilsyn sørgje for å stoppe dei som driv tilnærma hotellverksemd gjennom AirBnb utan løye og kanskje utan å fylle krav til branntryggleik.
- Kommunen må følgje opp at det ikkje blir drive næringsverksemd i hus/leiligheiter som er regulert til bustad.
- Vi må få ei sak i kommunestyret som går gjennom alle dei verkemiddel kommunen kan bruke til å regulere dette området.
Vi er avhengige av at regjering og storting tar ansvar på dette området og lar kommunane regulere dette viktige området.