Den aller største veksten i CO2 utslepp i Tromsø dei siste åra har vore kategorien «Annen mobil forbrenning» I Tromsø er dette i all hovudsak ulike dieseldrevne motorreiskap. Det har sannsynlegvis samanheng med den store byggeaktiviteten i Tromsø. Det er veldig positivt med høg aktivitet, men det krev og av oss at vi må gjere noko med utsleppa frå denne aktiviteten. Her er ein artikkel i Nordlys om saka.
SV meiner derfor at kommune må stille krav til fossifrie byggeplassar i kommunen – i første omgang i eigne prosjekt.
Oslo har gått i front her, og gjennomført fleire fossilfrie prosjekt. Desse er evaluert av multiconsult, og erfaringane er i hovudsak positive (rapport her:). Oslo har og saman med Energi Norge, Norsk Fjernvarme, Enova, Byggevareindustrien, Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA), Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg Oslo, Akershus og Østfold (EBAO), og Nelfo utarbeida ein rettleiar for slike prosjekt.
Hovudgrepet som blir gjort i desse prosjekta er å erstatte fossil diesel med HVO100 og å elektrifisere det som kan elektrifiserast. Framleis er det vanskeleg å dyrt med elektriske anleggsmaskinar, men det er på veg.
Det er to hovudutfordringar som må løysast:
· Sikre tilgang på nok byggestraum i prosjekta, og evt. tilkopling til fjernvarme for byggtørk
· Sikre tilgang på tilstrekkeleg volum HVO100 og sikre at maskinane kan bruke denne dieselen.
Dette er i hovudsak eit planleggingsspørsmål og stille krav til byggherre og entreprenør.
Vi må og rekne med at teknologien utviklar seg og at det blir stadig betre tilgang på elektriske og hydrogendrivne maskinar. Men for at det skal skje må det skapast ein marknad og etterspørsel etter slike maskinar. Det kan vi bidra til.
I SV så meiner vi at kommunen bør legge opp til ei gradvis innfasing av desse krava for å sikre at lokal entreprenørar får tid til å tilpasse seg.