Denne veka startar politikken for alvor i Tromsø etter valet. Her er ein gjennomgang av nokre av sakene som skal opp.
Det er møter i alle hovudutvala denne veka. Det startar med Hele- og velferdsutvalet på måndag, byutvikling på tysdag, kultur- idrett og friluftsliv på onsdag, klima-,miljø- og samferdsel på torsdag. Veka blir avslutta med møte i hovudutval for oppvekst og utdanning på fredag.
Du finn alle
sakspapira til desse møta på Tromsø
kommune sine nettsider.
Økonomirapport 2 -2019
Det er ei sak du finn i alle hovudutvala. Det er økonomirapport 2. Dette er ei statusoppdatering av korleis det går med økonomien i Tromsø kommune. Rapporten viser at Tromsø kommune ligg an til eit overforbruk på 67,4 millionar. Det er 150 millionar betre enn prognosen var i fjor og 60 millionar betre enn prognosen i økonomirapport 1 i år. Det betyr likevel at dersom dette slår til vil vi ha brukt opp så godt som alle sparepengane våre i kommunen. Det blir ein utfordrande haust og eit utfordrande år i 2020.
Du kan lese heile
økonomirapport 2 her.
Brann og redning
Det er mykje som
handlar om økonomi – dessverre. I byutviklingskomiteen skal dei ha
ei sak om økonomien i brann og redning. Du
kan lese saka her. Saka viser at også her slit dei med å halde
budsjetta.
Administrasjonen
skriv i saksframlegget:
For å komme innenfor gitte rammer etter vedtak av Øk.rap. 1 mai 2019, må Tromsø brann og redning redusere kostnader i form av tjenestekutt og mulig reduksjon i årsverk. Vedtatt brannordning (K-styresak 132/18) vil ikke kunne oppfylles.
Korleis vi skal
klare å unngå dette i dagens økonomiske situasjon, veit ikkje eg
per no. Samstundes er det jo ingen som ønsker å redusere på
brannberedskapen vår. Gode innspel tar eg mot med takk.
Rektor Qvigstadsgate
Byutvikling har og
ei interessant sak om reguleringsendring på den tomta som ligg ved
sida av Villa Eidsvold. Det er eit område som i dag er regulert til
offentleg formål, men som eigaren no vil omregulere til
bustadføremål. På den eine sida er eg skeptisk til å regulere om
frå offentleg formål til bustadformål. Vi har ikkje mange stader i
sentralt i Tromsø som er tilgjengeleg for å bygge for offentleg
formål. I dag fungerer området og som friområde i bydelen.
Samstundes treng jo Tromsø fleire hus, gjerne sentralt for å
redusere transportbehovet. Men på den andre sida blir dette fort
dyre bustader.
I utgangspunktet
hellar eg mot at det blir feil å godta denne reguleringsendringa,
men er open for innspel og idear.
Du
kan lese saka her.
Planprogram for Mack
Byutviklingsutvalet
skal og diskutere planprogrammet for Mack-tomta. Her er det mange
spennande planar som no skal utgreiast. I eit planprogram fastset
kommunen kva tema som skal utgreiast. Her er utbyggar og
kommuneadministrasjonen blir samde om tre tema som skal greiast ut.
Men ikkje blitt samde om det fjerde temaet.
Administrasjonen
skriv i saksframlegget:
Forslagstiller og administrasjonen har etter diskusjoner rundt utbyggingsalternativene ikke kommet fram til en felles forståelse av hvilke alternativer som skal utredes. Det er ikke enighet om alternativet uten bebyggelse på østsiden av Macktomta og Sørtomta
Eg er samd med
administrasjonen om at det må greiast ut korleis alternativet der
Sørsjeteen blir park/offentleg byrom
Du
kan lese saka her.
I kulturutvalet er
det i alle fall to interessante saker denne gongen.
Normalhall Storelva
Som du kanskje har
sett i media blir den nye hallen på Storelva dyrare enn vi hadde
sett for oss. No har vi fått inn anbuda, og kostnaden ser ut til å
komme på 145 millionar, 39,5 millionar meir enn vi trudde.
Her meiner eg at vi
berre får lukke auga og peise på. Vi treng ein ny hall på Storelva
og skolen treng ein gymsal.
Du
kan lese saka her.
Tromsø kunstforening
Administrasjonen
foreslår i denne saka å selge dette bygget til Universitetet. Dette
er ei vanskeleg sak for kommunene, og eg veit og at det er ulike
meiningar i SV om denne saka. Eg tenkjer at kommunen ikkje har dei
pengane vi treng til å sette dette bygget i stand på ein god måte.
Administrasjonen anslår at det vil koste 20 millionar å sette
bygget i stand. Samstundes er det vel liten tvil om at når ein tar
til å jobbe på slike gamle bygg så oppdagar ein ofte nye ting som
må ordnast. Eg ser det ikkje som usannsynleg at kostnaden vil bli
høgare.
Men, kommunen har
eit stort ansvar for å sikre at dei som i dag brukar bygget får
gode alternativ dersom vi skal selge. Både kunstforeninga og dei
kunstnarane som har atelier der må få minst like gode tilhøve som
i dag dersom det skal vere aktuelt å selge.
Eg tenkjer og at det
kan bli eit interessant samspel mellom dagens Musegata 2,
universitetsmuseet og Akademi for kunstfag. Administrasjonen skriv i
saksframlegget sitt:
Dersom bygget selges til UiT, opplyses det at formålet er at bygget skal benyttes til kulturvirksomhet, nærmere angitt som «virksomhet i regi av Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK), og til samarbeidsprosjekter mellom UMAK og kulturlivet i Tromsø. Bygget vil romme utstillinger og andre aktiviteter som vil være tilgjengelige for allmenheten
Min konklusjon om at
det er rett å selge føreset at vi finn gode alternativ for dei som
i dag brukar bygget.
Du
kan lese saka her.
Forøvrig tenker eg
det er artig at Tromsø kan bli ein
syngande kommune. Men det er lurt for alle om eg slepp å synge.
Ny
ressurstildelingsmodell for skolane
I oppvekstutvalet skal dei handsame ei sak om ny måte å tildele ressursar til skolane i Tromsø. Slik eg har oppfatta det er dei fleste samde om at dagens modell ikkje er god. Den er vanskeleg å forstå og vanskeleg å bruke for skolane. Spørsmålet er korleis den nye modellen slår ut.
Eit av dei vanskelege spørsmåla er om kor mykje pengar skal følgje elevane og kor mykje pengar skal skolane få uavhengig av elevtalet.
Det andre spørsmålet er om elevtalet er ein god målar av kostnaden ein skole har. For det første er det jo først og fremst talet på lærarar som avgjer kva det kostar å drive ein skole. Elevane må jo ha ein lærar om det er to elevar i ei gruppe eller om det er 13 elevar i ei gruppe.
Det tredje spørsmålet som ikkje er godt nok besvart er korleis vi skal handtere at ein lærar ikkje kostar det same uansett. Både ansiennitet og utdanning har jo betydning for lærarløna. Det blir ikkje tatt høgde for i ein modell der elevtalet betyr mykje.
Du
kan lese saka her, og kom svært gjerne med innspel.
OK, denne saka vart
svært lang, men det er no eit forsøk på vise fram nokre av dei
sakene vi balar med. Kom gjerne med dine spørsmål eller innspel til
dei sakene eg har omtalt, eller til ei av dei andre sakene som står
på sakslista i veka som kjem.