Kommunepolitikk,Politikk

Mange saker skal opp i hovudutvala denne veka

Denne veka startar politikken for alvor i Tromsø etter valet. Her er ein gjennomgang av nokre av sakene som skal opp.

Det er møter i alle hovudutvala denne veka. Det startar med Hele- og velferdsutvalet på måndag, byutvikling på tysdag, kultur- idrett og friluftsliv på onsdag, klima-,miljø- og samferdsel på torsdag. Veka blir avslutta med møte i hovudutval for oppvekst og utdanning på fredag.

Du finn alle sakspapira til desse møta på Tromsø kommune sine nettsider.

Økonomirapport 2 -2019

Det er ei sak du finn i alle hovudutvala. Det er økonomirapport 2. Dette er ei statusoppdatering av korleis det går med økonomien i Tromsø kommune. Rapporten viser at Tromsø kommune ligg an til eit overforbruk på 67,4 millionar. Det er 150 millionar betre enn prognosen var i fjor og 60 millionar betre enn prognosen i økonomirapport 1 i år. Det betyr likevel at dersom dette slår til vil vi ha brukt opp så godt som alle sparepengane våre i kommunen. Det blir ein utfordrande haust og eit utfordrande år i 2020.

Du kan lese heile økonomirapport 2 her.

Brann og redning

Det er mykje som handlar om økonomi – dessverre. I byutviklingskomiteen skal dei ha ei sak om økonomien i brann og redning. Du kan lese saka her. Saka viser at også her slit dei med å halde budsjetta.

Administrasjonen skriv i saksframlegget:

For å komme innenfor gitte rammer etter vedtak av Øk.rap. 1 mai 2019, må Tromsø brann og redning redusere kostnader i form av tjenestekutt og mulig reduksjon i årsverk. Vedtatt brannordning (K-styresak 132/18) vil ikke kunne oppfylles.

Korleis vi skal klare å unngå dette i dagens økonomiske situasjon, veit ikkje eg per no. Samstundes er det jo ingen som ønsker å redusere på brannberedskapen vår. Gode innspel tar eg mot med takk.

Rektor Qvigstadsgate

Byutvikling har og ei interessant sak om reguleringsendring på den tomta som ligg ved sida av Villa Eidsvold. Det er eit område som i dag er regulert til offentleg formål, men som eigaren no vil omregulere til bustadføremål. På den eine sida er eg skeptisk til å regulere om frå offentleg formål til bustadformål. Vi har ikkje mange stader i sentralt i Tromsø som er tilgjengeleg for å bygge for offentleg formål. I dag fungerer området og som friområde i bydelen. Samstundes treng jo Tromsø fleire hus, gjerne sentralt for å redusere transportbehovet. Men på den andre sida blir dette fort dyre bustader.

I utgangspunktet hellar eg mot at det blir feil å godta denne reguleringsendringa, men er open for innspel og idear.

Du kan lese saka her.

Planprogram for Mack

Byutviklingsutvalet skal og diskutere planprogrammet for Mack-tomta. Her er det mange spennande planar som no skal utgreiast. I eit planprogram fastset kommunen kva tema som skal utgreiast. Her er utbyggar og kommuneadministrasjonen blir samde om tre tema som skal greiast ut. Men ikkje blitt samde om det fjerde temaet.

Administrasjonen skriv i saksframlegget:

Forslagstiller og administrasjonen har etter diskusjoner rundt utbyggingsalternativene ikke kommet fram til en felles forståelse av hvilke alternativer som skal utredes. Det er ikke enighet om alternativet uten bebyggelse på østsiden av Macktomta og Sørtomta

Eg er samd med administrasjonen om at det må greiast ut korleis alternativet der Sørsjeteen blir park/offentleg byrom

Du kan lese saka her.

I kulturutvalet er det i alle fall to interessante saker denne gongen.

Normalhall Storelva

Som du kanskje har sett i media blir den nye hallen på Storelva dyrare enn vi hadde sett for oss. No har vi fått inn anbuda, og kostnaden ser ut til å komme på 145 millionar, 39,5 millionar meir enn vi trudde.

Her meiner eg at vi berre får lukke auga og peise på. Vi treng ein ny hall på Storelva og skolen treng ein gymsal.

Du kan lese saka her.

Tromsø kunstforening

Administrasjonen foreslår i denne saka å selge dette bygget til Universitetet. Dette er ei vanskeleg sak for kommunene, og eg veit og at det er ulike meiningar i SV om denne saka. Eg tenkjer at kommunen ikkje har dei pengane vi treng til å sette dette bygget i stand på ein god måte. Administrasjonen anslår at det vil koste 20 millionar å sette bygget i stand. Samstundes er det vel liten tvil om at når ein tar til å jobbe på slike gamle bygg så oppdagar ein ofte nye ting som må ordnast. Eg ser det ikkje som usannsynleg at kostnaden vil bli høgare.

Men, kommunen har eit stort ansvar for å sikre at dei som i dag brukar bygget får gode alternativ dersom vi skal selge. Både kunstforeninga og dei kunstnarane som har atelier der må få minst like gode tilhøve som i dag dersom det skal vere aktuelt å selge.

Eg tenkjer og at det kan bli eit interessant samspel mellom dagens Musegata 2, universitetsmuseet og Akademi for kunstfag. Administrasjonen skriv i saksframlegget sitt:

Dersom bygget selges til UiT, opplyses det at formålet er at bygget skal benyttes til kulturvirksomhet, nærmere angitt som «virksomhet i regi av Norges arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag (UMAK), og til samarbeidsprosjekter mellom UMAK og kulturlivet i Tromsø. Bygget vil romme utstillinger og andre aktiviteter som vil være tilgjengelige for allmenheten

Min konklusjon om at det er rett å selge føreset at vi finn gode alternativ for dei som i dag brukar bygget.

Du kan lese saka her.

Forøvrig tenker eg det er artig at Tromsø kan bli ein syngande kommune. Men det er lurt for alle om eg slepp å synge.

Ny ressurstildelingsmodell for skolane

I oppvekstutvalet skal dei handsame ei sak om ny måte å tildele ressursar til skolane i Tromsø. Slik eg har oppfatta det er dei fleste samde om at dagens modell ikkje er god. Den er vanskeleg å forstå og vanskeleg å bruke for skolane. Spørsmålet er korleis den nye modellen slår ut.

Eit av dei vanskelege spørsmåla er om kor mykje pengar skal følgje elevane og kor mykje pengar skal skolane få uavhengig av elevtalet.

Det andre spørsmålet er om elevtalet er ein god målar av kostnaden ein skole har. For det første er det jo først og fremst talet på lærarar som avgjer kva det kostar å drive ein skole. Elevane må jo ha ein lærar om det er to elevar i ei gruppe eller om det er 13 elevar i ei gruppe.

Det tredje spørsmålet som ikkje er godt nok besvart er korleis vi skal handtere at ein lærar ikkje kostar det same uansett. Både ansiennitet og utdanning har jo betydning for lærarløna. Det blir ikkje tatt høgde for i ein modell der elevtalet betyr mykje.

Du kan lese saka her, og kom svært gjerne med innspel.

OK, denne saka vart svært lang, men det er no eit forsøk på vise fram nokre av dei sakene vi balar med. Kom gjerne med dine spørsmål eller innspel til dei sakene eg har omtalt, eller til ei av dei andre sakene som står på sakslista i veka som kjem.

Standard

Tankar om “Mange saker skal opp i hovudutvala denne veka

  1. Tore says:

    Den viktigste saken dere må ta tak i er veidekkes planer om å starte opp steinbruddet i kroken sør. Der skal de ta ut ca 650000 kubikk Stein dom kommer til å ødelegge bomiljøet foe 30000 personer, jmf økt trafikk, støvplager støyplager osv. Dette blir den viktigste saken for kommunestyret. Har sv og miljøpartiet meninger om dette. Blir ordføreren inhabil i dette . Han er vel involvert i næringsvirksomhet på Olavsvern med Veidekke. Har du noen formening om dette eller

    • Hei Tore, denne saka er ikkje formelt komen til behandling enno. Eg kjenn ho berre frå media, og skal vere forsiktig med å ha sterke meiningar før eg har sett meg inn i heilskapen. Når det er sagt er eg svært skeptisk ut frå den kunnskapen eg har til no. Vi burde få til bustader i steinbrotet, men det må vere mogleg å gjere det på ein meir skånsam måte.

  2. Steinar Utby says:

    Veldig bra å få presentert saker til behandling på den måten du gjør på vegne av SV.

    Tromsø kommune er som du selv skriver i en svært krevende økonomisk situasjon. Under saken om ny idrettshall på Storelva ser vi at den (foreløpig) blir 40 mill dyrere enn planlagt/budsjettert. Det overraskende her er likevel at du mener at det likevel er bare å «peise på»?
    Skal dette fortsatt skal være politikernes holdning til finansiere innbyggernes ønsker og behov? I så fall rykker den økonomiske avgrunnen stadig nærmere. Jeg tror innbyggerne i det lange løp er tjent med å få presentert økonomiske de realitetene og at politikene på vegne av kommunen tar ansvar for å få Tromsø-økonomien på rett kjøl igjen. Hvilket bl.a betyr at ønsket om en ny hall på Storelva ikke kan realiseres nå..

    • Det var kanskje ein litt sleivete måte å seie det på. Andre ord hadde sikkert vore betre. Men grunnen til at eg skriver det slik er at skolen der ikkje har tilgang til gymsal per no. Det må dei ha. Det andre er at vi har stor mangel på hallar i Tromsø. Det tredje er at saka har vore utsett fleire gonger og prosjektet har vore endra for å gjere det billigare. Vi kjem nok ikkje lenger ned enn dette. Derfor må vi nok «peise» på.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.