Vanvitige feilslutningar frå Martin Lægland

Lægland lagar moro over at SVs Gunhild Johansen ikkje synst det er ein god ide med ostehøvelkutt innanfor helse og omsorg i Tromsø. Vidare lager han moro over at Johansen ønsker å vite konsekvensane av kutta som blir foreslått.

Gunhild Johansen er leiar i Helse- og velferdsutvalet i Tromsø kommune. Foto: Martin Eilertsen

Eg meiner det som ville vore heilt vanvitig er om vi hadde politikarar i Tromsø som ikkje ville vite konsekvensane av dei kutta som vi må gjere. Det skulle tatt seg ut!

Vi må vurdere om det vi gjer berre fører til større kostnader andre stader. Dersom dei gjer det er vi jo like langt om ikkje kortare samstundes som brukarane og pasientane er påført unødige vanskelegheiter.

Lægland skriv i kommentaren sin:

Kutt i millionklassen kommer til å gå ut over enkelte brukere og ansatte. Det finnes ikke andre måter å gjøre store kutt på.

Det kan vi kanskje vere samde om. Men det er ikkje uvesentleg kven og kva det går ut over. Meiner Lægland at vi som politikarar ikkje skal bry oss om det? Det er eigna til forundring. Som gruppeleiar for SV er eg stolt av at Gunhild Johansen og alle andre SVarar i kommunestyret faktisk bryr oss om konsekvensane av det vi gjer.

For øvrig har vi sett i gang store endringsprosessar innanfor sektoren – vi har hatt mange forslag. Men at vi som politikarar skal gå inn å foreslå enkeltkutt som ikkje er utgreidd, ikkje er diskutert med tillitsvalde eller ikkje sett i samanheng med drifta for øvrig trur eg eigenleg ikkje Lægland meiner om han berre set seg ned og tenkjer litt før han skriv kommentarane sine.

One Reply to “Vanvitige feilslutningar frå Martin Lægland”

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.