Rådhuset i Tromsø på kveld/natt vinterstid. Foto / Photo Credit: Mark Ledingham, Tromsø kommune
Kommunepolitikk,Politikk

Brann, normalhall, skoleressursar og tromsøbadet i kommunestyret på onsdag

På onsdag er det kommunestyremøte igjen. Denne gongen er det ei ganske kort saksliste. Eg tenkte eg skulle seie nokre ord om dei ulike sakene. Når eg skriv dette er det før vi har hatt gruppemøte i SV, så det er ikkje sikkert det eg skriv her blir det partiet meiner i alle sakene. Men stort sett trur eg jo at eg er ganske på linje med partiet.

Normalhall Storelva – justering av kostnadsramme

Denne saka utsette vi i forrige møte fordi vi hadde behov for å forstå korfor prisen er blitt såpass høg. Vi har fått eit notat frå administrasjonen som prøver å gå gjennom dette. Hovudkonklusjonen derifrå er at når vi byggjer for både idrettsformål og skoleformål så blir dette dyrare enn om ein berre bygg for idrettsformål. Eg synst framleis dette er dyrt, men vi må jo ha denne hallen. Så ja det vil koste 140 millionar, men dette skal og må vi bygge.

Saksframlegget finn du her.

Ny ressurstildeling for skoler

Dette er ei interessant sak. Vi har hatt ein konflikt med administrasjonen om denne saka i det heile tatt skulle handsamast politisk. Eg meiner det er heilt sjølvsagt at korleis vi skal tildele pengar til skolane er ei politisk sak. Eg er derfor ganske irritert over at denne modellen er innført utan politisk handsaming. Det betyr at denne tildelingsmodellen blir brukt i alle fall dette skoleåret uansett kva vi gjer på onsdag.

Utdannings og oppvekstutvalet hadde ei høyring i denne saka på fredag. Der kom det fram mange interessante synspunkt. Eg festa meg med særleg tre synspunkt.

  1. Den gamle modellen var komplisert og vanskeleg å bruke.
  2. Det er ein fare for at den nye modellen gjev for lite ressursar til elevar som har ulike tilleggsbehov.
  3. Når hovudutgifta med å drive ein skole er lønsutgifter til lærarane kan det slå feil ut når inntektane er kopla til elevtalet fordi det ikkje er ein linjær samanheng mellom talet på lærarar og talet på elevar. Ein klasse/gruppe må jo ha ein lærar om dei er fem eller femten.

Eg trur det rette er at vi no bruker dette året til å evaluere den nye modellen. Ei slik evaluering må komme på eit tidspunkt som gjer at vi kan gjere endringar på tildelingsmodellen for neste skoleår. Eg trur det kan slå veldig feil ut om vi prøver å gjere endringar på modellen i kommunestyret utan ein grundigare gjennomgang.

Du kan lese saksframlegget her.

To saker om Brann og redning

Vi har to saker om brann og redning i dette kommunestyremøtet. Det er ei orienteringssak om den vanskelege situasjonen der som i mange kommunale einingar. Administrasjonen har foreslått å kutte bemanninga på vaktlaga og legge ned branndeponia i distrikta. Det er mykje som tyder på at brann og redning er litt underbudsjettert. Men eg er ikkje imponert over den jobben som er gjort for å spare pengar. Eg er heller ikkje imponert over samarbeidet med fagforeiningane for å finne gode løysningar.

Trass i dette skulle eg gjerne gjeve meir pengar til Brann og redning. Vi treng eit godt brannvesen i Tromsø. Samstundes er det slik at pengane må komme frå ein plass, og det er og ein annan plass som ikkje får pengane. Ja, det er riktig at vi må ha ein beredskap som gjer at vi kan sikre liv og verdiar, men det er mange kommunale etatar som skal sikre liv og helse. Vi pålegg helsesektoren i Tromsø tøffe innsparingskrav. I mitt hovud er det urimeleg at vi samstundes ikkje skal kreve det same av Brann og redning.

Eg er derfor godt nøgd med det som er innstillinga frå byutviklingsutvalet i denne saka. Dei foreslår at kommunestyret skal vedta:

  1. Saken om økonomisk status ved Tromsø Brann og Redning (TBR) tas til orientering.
  2. I påvente av bestilt sak om mulig omorganisering av TBR (KST sak 132/18 og KST sak 133/19) gjennomføres ikke nedbemanning eller avvikling av tjenestetilbud. Men det igangsatte arbeidet med drøftinger med de tillitsvalgte om mulig nedtrekk i tjenesten fortsetter mtp å finne mulige løsninger for innsparinger og inntektsøkninger i enheten.
  3. Det settes umiddelbart i gang med en prosess for å søke tilskudd til drift av redningsdykkertjenesten, og evt. andre regionale tjenester som gis fra TBR, fra omliggende kommuner.
  4. Brannberedskapen i distriktet gjennomgås og det legges frem en sak til politisk behandling innen april 2020 som viser status og behov ved de ulike branndepotene.
  5. Kommunedirektøren bes vurdere om 110-sentralen kan finansieres over annen budsjettpost.

Den andre saka om Brann og redning er frå kontrollutvalet som har gått gjennom økonomikontroll og internkontroll i Brann og redning. Dei er ikkje heilt nøgde, men det er heller ikkje veldige alvorlege kommentarar dei har.

Du kan lese saksframlegget om økonomien her og saka frå kontrollutvalet her.

Klage på reguleringsplan Petersborggata 7A-B

Dette gjeld området over gamle Strimlen barnehage som Frelsesarmeen eig. Det er blitt klaga på byggehøgde, manglande konsekvensutgreiing og sol/skygge-tilhøva. Denne saka vart sendt tilbake i forrige møte i byutvikling fordi dei meinte det ikkje var svart godt nok på klagen. Etter at byutviklingsutvalet fekk eit grundigare notat med gjennomgang av saka har dei no samstemt innstilt på å avvise klagen og sende den til fylkesmannen. Eg synst det framstår som ei rett avgjerd.

Du kan lese saksframlegget her.

Kontrollutvalet om Tromsøbadet

Kontrollutvalet har hatt mange viktige saker på kort tid. Dei har saman med revisjonen gått gjennom om beslutningsgrunnlaget for vedtaket om bygging av Tromsøbadet var godt nok. Dei kjem med svært alvorlege anførslar etter å ha gått grundig gjennom saka. Kontrollutvalet meiner saka ikkje var godt nok opplyst, og det er og tråd med rapporten frå revisjonen. I rapporten skriv Komrev Nord som er forvaltningsrevisor: «Beslutningsgrunnlaget kommunestyret ble forelagt for vedtak om investeringsprosjektet Tromsøbadet, var mangelfullt og kan samlet sett ikke anses forsvarlig.»

Det er alvorleg og noko vi må gå svært grundig gjennom. Anklagane er ganske sterke mot dei to byråda som har hatt saka. Det er likevel betryggande at dei skriv at når vi fekk formannskap kom dei fleste fakta på bordet.

Du kan lese rapporten frå revisjonen her.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Til slutt i kommunestyret skal vi nok opprette eit økonomiutval. Det skal jobbe med å finne gode idear og løysningar for å gjere økonomien til kommunen betre. La oss inderleg håpe at dei får til mykje bra.

Det var alt for denne gongen. Still meg gjerne spørsmål eller kommenter så skal eg svare etter beste evne.

Standard

Ein tanke om “Brann, normalhall, skoleressursar og tromsøbadet i kommunestyret på onsdag

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.