Statens vegvesen skal altså greie ut fleire nye innfartvegar til Tromsø. Det er utruleg trist at jernbane ikkje er eit av alternativa som skal greiast ut.
Det er flott at hurtigbåt er eit av alternativa, men det betyr jo òg at dette ikkje er eit reint vegprosjekt. Og korleis kan det vere mogleg å å sjå behov vi har for innfartar til Tromsø utan å sjå på kva ei jernbane vil bety for dette behovet?
Det er sjølvsagt litt trist å vere så negativ, men utan jernbane er dette arbeidet heilt meiningslaust og må avsluttast før meir pengar blir brukt.