Kommunepolitikk

Overvatn og landstraum i Formannskapet

Eg veit ikkje heilt kor mange av dokker som eigentleg er interessert i kva vi held på med i kommunestyret og formannskapet her i Tromsø. Kanskje er du ein av dei som ser det som like spennande som finsk fjernsynsteater. Men det er jo saker som får betydning for alle oss som bur i Tromsø. Derfor skriv eg nokre ord om formannskapsmøtet no på komande tysdag. Kom gjerne med spørsmål og kommentarar

Overvatn

Mange sider, men etterkvart lærer ein at ikkje alt er like viktig å lese

Eg skal vere den første til å innrømme at «Kommundelplan for overvatn» kanskje ikkje er det vi alle drøymer om å lese. Men det er ein utruleg viktig plan for Tromsø. I ei tid med klimaendringar og meir ekstremt vêr så er måten vi behandlar vatn på viktig. Det blir meir regn, kraftigare snøsmelting og oftare stormflo. Vi treng ein beredskap for å sørge for at skadane blir så små som moglege av dette. Det skal denne planen bidra til.

Det er eit nytt hovudgrep i denne planen. Det viktigaste er eit stort fokus på fordrøying. Det betyr at ein skal bygge slik at ikkje alt vatnet renn bort med ein einaste gong og skaper flom, men blir tatt vare på i infiltriring i jord, ulike dammar og behaldarar. For å oppnå dette vil ein lage eit system for å score nye utbyggingar for dette, og ein må oppnå eit visst nivå på fordrøyinga. Det vil betyr meir bevisstheit om landskapsarkitekturen,

Vi skal og opne opp bekkar og flomvegar slik at vi får vatnet i havet utan at det går innom kjellarane til folk først i tillegg til fleire andre ting.

Oppdrett

Då kommunestyret i Tromsø samtykka til Arctic Offshore Farming sin søknad om å få prøve ut eit nytt oppdrettssystem ved Fellesholmen utanfor Tromsvika var eit av vilkåra at dei måtte bruke landstraum. Dersom anlegget skal bruke diesel vil det ha eit årleg utslepp på 2108 tonn Co2. Landstraum vil fjerne mesteparten av dette utslippet.

Fylkesmannen har innvilga søknaden utan krav om landstraum. Denne saka handlar om at Tromsø kommune klagar på dette vedtaket. Det er heilt urimeleg at ikkje oppdrettsnæringa skal vere med å bidra til reeduksjon av CO2-utslepp i Tromsø. Dersom det er nokon som har råd til dette er det oppdrettsnæringa. Dersom dette anlegget skulle sleppe krav om landstraum så er det andre bedriftar og privatpersonar med svakare økonomi som må ta denne utsleppsreduksjonen.

Alt anna

Dersom du har spørsmål om dei to sakene eg har omtalt, eller nokre av dei andre så bruk kommentarfeltet og eg skal prøve å svare etter beste evne.

Saksliste

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.