Trafikk i Tromsø
Kommunepolitikk

Piggdekkavgift, drivstoffavgift og viktige planar – sakene denne veka i utvala

Utvalsveka er i gang. Denne veka er det møter i dei ulike utvala frå måndag til fredag. Dei første møta er allereie i gang, men eg tenkte likevel eg skulle skrive nokre ord. Alle sakene skal handsamast anten i formannskapet eller i kommunestyret, så det er framleis tid til å komme med innspel

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Trygge skolevegar og drivstoffavgift

Den kanskje aller viktigaste saka i utvala og i kommunestyret denne gongen er eit forslag om å doble drivstoffavgifta i Tromsø. Grunnen til at denne saka kjem opp er at det enno ikkje er innført ein byvekstavtale i Tromsø. Vi har enorme utfordringar med infrastrukturen i dag, og må prøve å få gjort noko med det. Derfor dette forslaget. Etter at kommunestyret eventuelt har vedtatt dette må det godkjennast av fylkestinget, regjeringa og stortinget. Så det kjem ikkje på plass med ein gong.

I dag betaler vi 106 øre per liter bensin eller diesel i lokal avgift her i Tromsø. Denne avgifta er per i dag øyremerka til utbetring av Stakkevollvegen. I saksframlegget til administrasjonen er det foreslått at auken og skal gå til Stakkevollvegen. Grunnen til det er at prosjektet med å bygge firefelts Stakekvollveg ser ut til å bli bra mykje dyrare enn opprinneleg tenkt. Prisen ser ut til å bli rundt ein halv milliard. Dei pengane har vi ikkje i dag.

Eg meiner likevel at vi har ei enno større utfordring og som hastar meir. Det er å gje ungane våre trygge skolevegar. Vi kjem derfor til å foreslå at auken i drivstoffavgift i hovudsak skal gå til trygge skolevegar i Tromsø.

Les sakspapira her

Svevestøv og piggdekkavgift

Det er dessverre fleire saker som handlar om auka avgifter. Vi skal handsame ei sak om piggdekkavgift i Tromsø. Saka heiter eigentleg «Tiltaksutredningen for lokal luftkvalitet-Tromsø kommune», og det er jo eigentleg det saka handlar om. Korleis kan vi sikre at lufta i Tromsø ikkje er helseskadeleg. Dei siste åra har vi i Tromsø gått over den juridiske grensa for svevestøv. Det betyr at vi er pålagt å lage ei slik tiltaksutgreiing. Pålegget frå direktoratet kom i mars 2017. Vi har utsett denne saka fleire gonger fordi vi er lite lystne på å innføre avgifter for folk i Tromsø. Men svevestøv er eit alvorleg helseproblem som vi må gjere noko med. Eg saksar litt frå saksdokumentet:

«Eksponering for svevestøv kan sette i gang betennelsesreaksjoner som kan medvirke til utvikling og forverring av lungesykdommer og hjerte-kar sykdommer. Forskning tyder også på sammenheng mellom svevstøveksponering og effekter på fosterutvikling, nervesystem og stoffskifte. Undersøkelser fra hele verden viser sammenheng mellom økte nivåer av svevestøv i luften og antall sykehusinnleggelser og dødsfall i befolkningen. Ifølge den siste luftkvalitetsrapporten fra det europeiske miljøbyrået (EEA) sto PM 2,5  for rundt 400 000 for tidlige dødsfall 1  i Europa i 2014. I Norge anslås at eksponering for PM 2.5  resulterer i cirka 1500 for tidlige dødsfall. En studie fra New Zealand viser at PM 10  er årsak til ca. 900 for tidlige dødsfall nasjonalt årlig.»

Dette bildet viser skilnaden i område som er over grenseverdiane for svevestøv utan at vi gjer noko og dersom vi kjem til 50% piggfriandel. Kjelde: Tiltaksutgreiinga.

Denne tabellen viser kor mange i Tromsø som er ramma av svevestøv. Kjelde er tiltaksutgreiinga.

ScenarioAntall som eksponeres for årsmiddel over juridisk
grenseverdi (25 µg/m 3 )
Antall som eksponeres for døgnmiddel over juridisk grenseverdi (31 døgn over 50 µg/m 3 ) Antall som eksponeres for 31 døgn over
luftkvalitetskriteriet (døgnmiddel 30 µg/m 3 )
Referansesituasjonen 2023100-200300-400 Ca. 3900
Framtidig situasjon 2023 med 50% piggfriandel 0-100100-200 Ca. 800
Framtidig situasjon 2023 med 60% piggfriandel 0-1000-100Ca. 500

Situasjonen er den at det døyr fleire mennesker av trafikken enn i trafikken. Det må vi gjere noko med. I utgreiinga er det lista opp sju tiltak som vil bli sett i gang. Dei sju er:

  1. Innføre piggdekkgebyr etter prinsippet at forurenser betaler
  2. Videreføre piggdekkpant
  3. Øke innsatsen på renhold og støvdemping av veiene gjennom hele året. Støvdemping skal ses i sammenheng med renhold. På de meste trafikkerte veistrekningene skal kun salt, og ikke strøsand, brukes som middel for friksjon. 
  4. Tromsø kommune, Statens Vegvesen og Troms fylkeskommune skal etterstrebe et «vegg-til-vegg»-prinsipp ved renhold av veier.  Renholdet må også omfatte tilgrensende områder som parkeringsplasser, havne- og industriområder. Snødepoter skal fjernes for å hindre at de blir støvdepoter når snøen smelter. Forsvarlig håndtering av kostemasser skal sikres. 
  5. Skjerpe bestemmelsene for luftforurensning fra bygg- og anleggsplasser i kommuneplanens arealdel ved neste rullering
  6. Øke tilsynet av støvhåndtering i bygg- og anleggsprosjekter
  7. Holdnings- og informasjonskampanjer med målsetting om å øke piggfriandelen til 50 % innen 2025

Kanskje er dei viktigaste tiltaka nummer tre og fire. I det ligg det ein betydeleg innsats for å fjerne støv og reingjere vegane våre. Dessverre har vi ikkje råd til desse utan at vi samstundes innfører piggdekkavgifta. Det er piggdekkavgifta som skal betale for desse tiltaka. Eg meiner at det er nokre føresetnader som må ligge til grunn for å innføre dette. Det eine er at piggdekkavgifta må avviklast når og viss det blir bompengar i Tromsø. Det andre er at vi må sjå om vi kan ha ei lågare avgift for dei som bur utanfor bybussområdet og dermed ikkje kan velje bort bilen. Dei kan sjølvsagt velje bort piggdekka og slik sleppe avgifta, men utgangspunktet er at forureinar skal betale og forureiningsproblemet er størst i byen så det er rimeleg at dei som køyrer mest der betaler mest.

Også er det viktig at vi held fast med den ordninga vi allereie har om at dersom du bytter frå piggdekk til piggfrie dekk så får du 1400 kroner i pant frå kommunen.

Les sakspapira her

Budsjettet for 2020

Budsjettet for 2020 vart vedtatt i september. Men no i desember skal vi revidere budsjettet. Dei største endringane i budsjettet er knytt opp til endringar som er gjort i statsbudsjettet og som får konsekvensar for Tromsø og andre kommunar. Situasjonen er at det framleis er svært trangt i budsjettet og lite moglegheit for sprell av noko slag. Vi er bekymra for budsjettsituasjonen til Helse og Omsorg. Eg trur likevel at eventuelle endringar må vi gjere i Økonomirapport 1 når vi veit litt meir om korleis året går. Her vil diskusjonane gå heilt fram til kommunestyremøtet. Vi har jo ein veldig liten buffer 60 millionar som er veldig lite på eit budsjett på seks milliardar.

Les saksframlegget her

Nordbyen

To av utvala skal handsame områdereguleringa for Nordbyen. Eg synst planen ser veldig bra ut. Det er lagt opp til ein bydel med gode tilhøve for dei som går og syklar. Det blir torg, park, bustader og mykje plass til næring – både handel, kontor og sjøretta næring. Eg er veldig positiv. Det er nokre utfordringar med høgde og brua som landskapselement. Det trur eg lar seg løyse på ein god måte.

Les saksframlegget her

Forbodssone fyrverkeri

Brannsjefen meiner det er naudsynt å innføre forbod mot fyrverkeri i sentrum. Det er eg samd med han i at er in god ide. Vi har mykje gamal trehusbebyggelse som er utsett for brann og som vi må ta vare på.

I området innafor dei raude linjene blir det totalforbod mot fyrverkeri.

Les saksframlegget her

Planstrategi for kommuneplanens samfunnsdel

Dette er første steg mor ein ny kommuneplan for Tromsø. Samfunnsdelen skal samordne all verksemd i byen og legge grunnlaget for utviklinga av byen og vere grunnlaget for dei konkrete arealplanane som kjem seinare. I denne fasen er poenget å klårgjere kva tema som skal vere med i planen og peike ut dei overordna retningane vi ønsker å gå i planen.

Planen skal basere seg på FN sine bærekraftmål. Det er eit omfattande arbeid som gjenstår for å komme frå planstrategi til endeleg plan. Eg synst det ser ut som denne planstrategien legg eit godt grunnlag for den planen som kjem til våren ein gong.

Les saksframlegget her.

Samisk hus

Allereie i 1996 vedtok kommunen eit ønske om å få til eit samisk hus i Tromsø. Dessverre er dette enno ikkje på plass. Eg er heilt sikekr på at eit samisk hus vil vere viktig for å utvikle og ta vare på samisk språk og kultut i Tromsø. Tromsø er ein av dei viktigaste samiske kommunane i Noreg. Stadig fleire samar bur i byar. Det betyr og at byane må ta på seg ei viktig rolle for å vidareutvikle samisk språk og kultur.

Denne saka er ei undervegsmelding. Det er ein rapport om har jobba med korleis vi kan få realisert eit samisk hus i Tromsø.

Eg synst konklusjonen i saka er god:

«Kommunedirektøren vil anbefale at Tromsø kommune inviterer Sametinget og Troms og Finnmark fylkeskommune til et møte der en drøfter muligheten til å samfinansiere og etablere et samisk hus i Tromsø, i første omgang i leide eller midlertidige lokaler. Det åpner også for å søke andre kilder om midler til etablering og utvikling. Resultatet av slike forhandlinger vil bli framlagt i en senere sak til kommunestyret.»

Skal vi klare å få dette realisert treng vi eit samarbeid mellom fleire aktørar.

Les saksframlegget her

OK, det var alt for denne gongen. Eg har ikkje omtalt alle sakene. Du finn alt av saker på

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.