Tromsø kommunes økonomi

I går vedtok vi budsjettet for neste år for Tromsø kommune. Det var ingen enkel jobb. Realiteten er at kommunen bruker meir pengar enn det den har. Det kan ingen gjere lenge. Utgiftene på helse og omsorg er omtrent 260 millionar høgare i 2019 enn det vi har å bruke i 2020. Det var den utfordringa vi måtte prøve å løyse.

Frå administrasjonen får vi beskjed om at helse og omsorg er i stand til å spare ca 140 millionar i 2020 utan at konsekvensane for pasientar og brukarar blir uforsvarleg dårleg. Dersom dei skulle måtte spare meir enn 140 millionar ville det for det første gjere at kostnadane tyter ut ein annan plass og for det andre ville det føre til ei omfattande nedlegging av institusjonsplassar. Vi var derfor nødt til å tilføre i underkant av 120 millionar til helse og omsorg. Når vi gjer det så vil det framleis vere store utfordringar for helse og omsorg, men utfordringar som skal vere mogleg å løyse.

Spørsmålet blir så, kvar skal dei 120 millionane helse og omsorg treng komme frå?

Vi har redusert avsettinga til disposisjonsfond frå 62 millionar til 13 millionar. 13 millionar er eit svært lågt beløp å sette av til uføresette kostnadar i ein så stor kommune som Tromsø. Men etter å ha gjort dette manglar vi framleis 71 millionar på å ha dei pengane som helse og omsorg må ha.

Deretter har vi auka utbytta frå dei kommunale selskapa med 20 millionar. Det er eit nivå som er i grenselandet av å vere forsvarleg, i alle fall inntil Troms Kraft kjem i posisjon til å betale utbytte igjen. Etter denne operasjonen manglar vi framleis 51 millionar på å ha dei pengane som det er heilt naudsynt å skaffe fram til helse og omsorg i Tromsø.

Det er dessverre ingen annan plass å hente desse pengane enn i andre delar av Tromsø kommune. Det er på mange måtar urimeleg å pålegge dei avdelingane og einingane som klarer å drive innafor budsjett å betale for helse og omsorg. Alternativet er likevel verre.

Det betyr at det blir nedtrekk på skole, administrasjon, barnehage bydrift også vidare. Desse nedtrekka vil få konsekvensar. Vurderinga vår er likevel at det hadde vore verre å måtte ha ei omfattande nedlegging av institusjonsplassar, redusere BPA med meir.

Dette har vore ei vanskeleg avveging. Eg er framleis ikkje sikker på at vi har gjort alt rett i denne prosessen. Det vi har gjort er å vege dei alternativa vi har hatt mot kvarandre og gjort det vi samla sett meiner gjev det beste resultatet for innbyggarane i Tromsø.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

This Post Has One Comment

  1. L M Austrem

    Veldig bra orientering om harde bud.