Ja, eg meiner at oppdrettsnæringa skal betale for å bruke areala i Tromsø kommune. Det håper eg Raudt er samd med meg i. I eit innlegg i iTromsø 22. januar kritiserer dei meg fordi eg har sagt at eg meiner næringa bør betale ein skatt til Tromsø kommune på 20-30 millionar kvart år. Dei hevdar at dette vil krevje ei valdsam utviding av lakseoppdrett i Tromsø.
Det stemmer ikkje.
I saksframlegget til formannskapet så står det:
Tromsø Kommune ser for seg en skattelegging av havbruksnæring gjennom en tredelt modell med en grunnrente beskatning på arealleie 50 % og en arealavgift for tildeling av nye arealer på 25 % samt en utvidelse av dagens ordning med en produksjonsavgift på kapasitetsvekst på 25 % (salg av konsesjoner). Målet er at dette skal gi kommunen stabile og forutsigbare inntekter på 32 millioner årlig.
Når eg seier til NRK at eg ser for meg ei inntekt på 20-30 millionar er det nettopp fordi eg ikkje ser for meg noko vekst i oppdrettsnæringa i Tromsø utan at næringa klarer å levere anlegg utan forspill eller utslepp av skit, utan påslag av lakselus og utan rømming av laks.
Dersom tala i saksframlegget frå kommune er rett skulle inntekta gjennom denne løysninga utan eit einaste nytt oppdrettsanlegg i Tromsø bli 24 millionar.
Så håper eg sjølvsagt at næringa løyser dei miljø- og dyrehelseutfordringane dei har slik at det faktisk kan bli fleire anlegg i Tromsø. Men, før det er på sin plass vil i alle fall ikkje eg gå inn for nye anlegg.
Dessutan 24 millionar vil komme svært godt med for Tromsø kommune
Foto: Thomas Bjørkan/ https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Fish_cages.jpg