Nytt år, nytt formannskapsmøte.

I morgon er det første formannskapsmøte i 2020, og det er eit par både fasinerande og vanskelege saker.

Stakkevollvegen

Den aller vanskelegaste saka synst eg er Stakkevollvegen. Vi har bede om å få ei sak som ser på om det er mogleg å gjere Stakkevollvegen billigare enn det som har vore planen til no. Svaret i saka er er i hovudsak nei.

Framlegget til vedtak frå administrasjonen er:

  1. Prosjektet Tromsøpakke 3 Stakkevollvegen videreføres med 4 kjørefelt, i samsvar med tidligere kommunestyrevedtak og reguleringsplan 1821.  
  2. Nytt kostnadsanslag og en gjennomgang av kostnadene, med forslag til mulige reduksjon i kostnadene, gjennomføres når prosjektet er detaljert.

Per i dag er kostnadanslaget på å bygge ny firefelts Stakkevollveg på 496 millionar pluss/minus 100 millionar eller så.

Vi har nesten 200 millionar på konto frå drivstoffavgifta som er øyremerka til denne vegen. Det store og vanskelege spørsmålet er korleis vi skal klare å finansiere dei siste 3-400 millionane. Dersom vi skal låne desse pengane vil det få konsekvensar for driftsbudsjettet når lånet skal betalast tilbake. Eit alternativ kunne vore å auka drivstoffavgifta for å få inn pengar nok til å bygge denne vegen. Problemet med det er at eg synst det er vanskeleg å skulle gå vekk frå løftet om at pengane frå ei auking av drivstoffavgifta skal gå til ungane våre gjennom å sikre trygge skolevegar. Anslaget er at å sikre skolevegane i Tromsø vil komme på over 800 millionar.

Ei anna utfordring i dette arbeidet er korleis vi skal handtere byggeperioden. I saksframlegget er det sagt at byggeperioden vil bli 3-5 år. I desse åra vil sjølvsagt trafikken langs vegen bli forstyrra – tidvis ganske kraftig. Utfordringa er at Vegvesenet har planar om å oppgradere tunellen i omtrent same tidsrommet. Eg trur (for å seie det forsiktig) ikkje at det er ein god ide å oppgradere Stakkevollvegen samstundes med at tunellane skal oppgraderast og sannsynlegvis stengast i lengre periodar.

Det som er hovudbekymringa mi i denne saka no er at vi beveger oss i retning eit «point of no return» og plutseleg sit vi der med eit uhandterleg prosjekt som vi eigentleg ikkje har råd til.

I denne videoen seier eg litt om Stakkevollvegen i samband med at saka var opp for ei stund sidan.

Kjoselvdalen

Nesten like vanskeleg som Stakkevollvegen synst eg saka i formnnskapet om kjøp av forsvaret sine eigedomar i Kjoselvdalen. Administrasjonen har lagt fram ei innstilling i saka som er slik:

  1. Tromsø kommune melder sin interesse for eiendommene gnr. 12 bnr. 196, gnr. 12 bnr. 197, gnr. 12 bnr. 198, gnr. 12 bnr. 199, gnr. 12 bnr. 200 og gnr. 12 bnr. 402 til Forsvarsbygg. Ved aksept fra Forsvarsbygg kjøper Tromsø kommune de nevnte eiendommene til takst. 
  2. Under forutsetning at Tromsø kommune får erverve eiendommene, videreselges eiendommene gnr. 12 bnr. 198, gnr. 12 bnr. 199, gnr. 12 bnr. 200 og gnr. 12 bnr. 402 til Tromsø skytterlag.

Eg tenkjer at det er heilt uproblematisk at Tromsø kommune kjøper desse eigedomane. Taksten er rett over 160 000 kroner. Det vanskelege spørsmålet er kva som skal skje med eigedomen etter at Tromsø kommune har kjøpt den.

Innstillinga er at Tromsø skyttarlag skal få kjøpe eigedomane. Grunnen til at Skyttarlaget er interessert i dette er fordi dei gjerne vil reetablere ein 200 metersbane på området. Forsvaret har hatt ein 200 metersbane her som vart stengt i 2016 og forsvaret har no rydda opp etter seg i dette området.

Skyttarlaget har eit stort behov for ein 200 metersbane. All konkurranseskyting for seniorar foregår på ein slik bane. I dag har ikkje Skyttarlaget ein slik bane. Det betyr at dei ikkje får trent slik dei skal og heller ikkje kan arrangere stemner. Skyting er ein stor idrett i Noreg. Det å mangle ein slik bane blir samanlikna med at TIL kun skulle hatt ein 7-arbane å trene på.

Motargumentet er at dei som bur i området ikkje ønsker skytestøy i området sitt. Dei har levd med slik støy i mange år, og har hatt ei reell forventning om at tilstanden skulle bli betre etter at forsvaret la ned si verksemd og kommunestyret sa nei til eit stort skyteanlegg i området.

Det kommuenstyret sa nei til var eit anlegg som skulle innehalde mykje meir enn ein riflebane. Det skulle vere hagleskyting (skeet og trap), pistolskyting, løpande elg mm. Det er vesentleg annleis enn kun ein 200 metersbane.

Samstundes er det liten tvil om at det vil bli støy frå ein 200 metersbane som heilt sikkert vil vere plagsam for dei som bur der. Det er og usikkert kor verknadsfull ei støyskjerming kan bli.

Det er minst to interesser som står mot kvarandre her. Skyttarane sine behov for ein 200 metersbane, og innbyggarane sitt behov for å ikkje ha skytestøy i nærmiljøet sitt. Begge behova er legitime.

Min konklusjon så langt er at det er for tidleg å ta stilling til om det kan etablerast ein 200 metersbane i Kjoselvdalen. Vi må først få resultatet av det arbeidet som no blir gjort i skytebaneutvalet til kommunen. Dersom vi klarer å finne ein stad der vi kan etablere eit skyteanlegg som har mindre påverknad på omgjevnadane sine enn det skytinga i Kjoselvdalen har, så ville det vore urimeleg å legge ein 200 metersbane der. Innstillinga frå skytebaneutvalet får vi sannsynlegvis i kommunestyret i januar eller februar. Eg tenkjer at det er tidsnok å ta stilling til kva som skal skje i Kjoselvdalen etter den behandlinga.

Dei andre sakene

Dei tre andre sakene framstår som heilt greie. Du kan finne alle sakspapira til dette formannskapsmøtet på https://innsyn.tromso.kommune.no/motekalender/motedag/200222245

One Reply to “Nytt år, nytt formannskapsmøte.”

  1. Johan Robertsen sa:

    Når det gjelder Stakkevollvegen, er det i dag firefelts veg mellom Hansjordnesbukta og Tverrforbindelsen ved 2 felt i tunell og 2 felt på eksisterende vei. Her kan trafikken styres mye bedre med tidssonebruk i forhold til type grafikk. Det som er viktig er å sluttføre arbeidene fra rundkjøringa ved Gimlevegen og nordover. Dette vil ikke medføre samtidsproblematikk mellom arbeider i tunell og veg.

    Når det gjelder skytebane – så må det finnes dalfører/ områder hvor det ikke bor folk, Golferne drar helt til Breivikeidet, da må Hilmarsen og co også finne løsninger med lukkede skyteform i Tromsø og baneskyting lenger unna.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.