Raude tal

Ei av dei største endringane eg gjekk gjennom då eg vart kommunepolitikar var på korleis eg tenkte om snøvêr. Før tenkte eg skispor og flotte løyper kvar gong det kom snø. No tenkjer eg berre brøytekostnadane ved snøen som kjem.

I dag vart rekneskapen for Tromsø kommune for 2019 lagt fram. Det var ikkje lystig lesing. Underskottet i 2019 var 41,5 millionar. Det er ein sum pengar som vi må spare inn i løpet av i år og neste år. Men situasjonen er verre enn som så. For i tillegg til dei 41,5 millionane er disposisjonsfondet på 111 millionar brukt opp. I tillegg har skatteinntektane auka med 103 millionar samanlikna med det vi opprinneleg budsjtterte med i 2019. Altså er utgiftene totalt sett 250 millionar meir enn planlagt.

Det som er heilt sikkert er at disposisjonsfondet ikkje kan brukast meir enn ein gong. Så som eit minimum må drifta ned med 152,5 millionar i 2020. I tillegg ser det ut som skatteinngangen kan bli mindre i 2020, blant anna fordi regjeringa i statsbudsjettet sette ned kommuneskatten. Det kan føre til at utfordringa blir enno større. Du kan lese heile rekneskapen til kommunen her.

Det dette betyr er at misnøgdas vinter ikkje er over. Rekneskapen viser at dei tiltaka som vi vedtok i budsjettet i desember dessverre var heilt naudsynte. Eg har skrive meir om desse tiltaka her.

Denne tabellen viser dei faktiske tala. Tala er i heile tusen.

Ansvar ramme Oppr.budsjett(1) Revidert budsjett(2) Regnskap 2019(3) Avvik(2-3=4) Avvik %(4/2)
Politisk og adm støttefunksjon 72 459 71 848 75 509 -3 662 -5,1
Administrative tjenester 181 478 191 916 191 997 -80 0,0
Bygg 255 355 268 710 262 457 6 253 2,3
Diverse fellesutgifter 11 508 -71 399 -74 486 3 087 -4,3
Interne finanstransaksjoner -133 177 -133 177 -117 700 -15 477 11,6
Folkevalgte 23 640 24 339 25 308 -969 -4,0
Skole 780 927 806 345 797 866 8 479 1,1
Barnehage 690 994 691 918 689 042 2 876 0,4
Forebyggende helse 86 113 93 514 92 634 880 0,9
Barnevern 137 099 151 710 156 322 -4 612 -3,0
Flyktningetjenester 86 088 75 952 70 259 5 693 7,5
Sosialtjenesten 142 526 162 387 162 784 -397 -0,2
Pleie og omsorg 1 033 974 1 171 284 1 206 292 -35 008 -3,0
Boligtiltak -20 778 -21 002 -23 236 2 234 10,6
Kommunehelse 244 922 283 386 285 799 -2 414 -0,9
Kultur 115 353 120 009 117 597 2 413 2,0
Idrettstilbud 14 001 14 425 15 557 -1 132 -7,8
Kirke og trossamfunn 33 760 35 260 35 887 -626 -1,8
Næring 10 466 10 306 11 100 -794 -7,7
Byutvikling 50 643 49 558 50 073 -515 -1,0
Bydrift 81 770 82 149 92 892 -10 743 -13,1
Brann og redning 48 116 49 851 54 974 -5 122 -10,3
Vann og avløp 0 0 0 0 0
3 947 240 4 129 290 4 178 926 -49 636

Dette kansjølvsagt ikkje vare – kommunen kan ikkje i det lange løp ha større utgifter enn inntekter.

Dei største avvika er innafor helse og omsorg, bydrift og Brann og redning. Det er likevel viktig å understreke at dei fleste avdelingane i kommunen held budsjetta sine. Det er gledeleg.

Det blir kommunestyremøte i februar og

Oversiktsbilde av flyplassen i Tromsø

Ja, så er det klart for kommunestyremøte igjen her i Tromsø. På onsdag brakar det laus. Beklager at omtalen kjem litt seint denne gongen. Laurdag var det bursdagselskap og i dag har det vore dugnad i samband med Sonemeisterskapen i Troppsturn og klatring etter det. Men uansett, eg kunne jo skrive dette på fredag, men det vart søndag kveld. Dette er uansett skriven før gruppemøtet og samordning med dei andre partia så det er mogleg å komme med innspel.

Skolebudsjett

Den første saka er og den saka som sikkert flest bryr seg om. Den handlar om «tilpassingar» til budsjett innafor skole. Oppvekstutvalet har handsama saka og har prøvd å finne kutt som i så liten grad som mogleg fører til kutt i lærarstillingar og samtidig klarer å styrke barnevernet. I forslaget deira er det nok forslaget om å flytte 5-7 klasse ved Sjursnes skole til Ramfjorden som har vekt mest debatt.

Eg er veldig usikker på kva eg synst om dette forslaget. Det er heilt openbart at det blir lang reiseveg, og at vegen til tider vil vere stengt på grunn av rasfare. Eg ser og tydeleg at det kan ha konsekvensar for bygda og svekke skolen. Forslaget kom først opp i administrasjonen sitt framlegg til budsjett i september i fjor. Der skriv kommunedirektøren:

«Elevene vil få en reisevei på 37 km, og dette overskrider ikke de anbefalinger som framkommer i Rundskriv fra Utdanningsdirektoratet 03-2009 om skoleskyss.»

Dersom vi ikkje gjer denne samanslåinga må den innsparinga takast ein annan plass. Men før vi tar den beslutninga så skal vi frå SV si side reise ut til Sjursnes i morgon og treffe folk der og høyre kva dei har å seie.

Du kan lese heile forslaget frå oppvekstutvalet nederst i denne saka.

Skytebane

Den neste saka blir skytebane. Vi har hatt eit eiga utval i arbeid som har sett på korleis vi skal løyse skytebanespørsmålet i Tromsø. Dei har to alternative forslag. 1. Nytt sentralanlegg på Breivikeidet, eller 2. ei desentralisert løysning.

Eg meiner at det er for tidleg å konkludere endeleg om skytebane. Den store fordelen med eit sentralanlegg er at vi får samla skyteidrettane og laga eit godt miljø. Ulempen er at det enno vi ikkje veit om Langmoen på Breivikeidet. Vil det la seg gjere å bygge ein skytebane der utan for store konsekvensar for miljø og området rundt? Alternativet med ei desentralisert løysning betyr at skytinga i Kjoselvdalen vil halde fram og kanskje bli utvida til ein 200 metersbane og at vi ikkje får laga eit samla skytemiljø.

Eg tenkjer at det vi må gjere er no først gjere dei grunnleggande undersøkingane for å finne ut om det er mogleg på Breivikeidet. Etter at vi veit konsekvensane av eit skyteanlegg der kan vi ta ei endeleg beslutning.

Innspel Nasjonal transportplan

Den store debatten om Tromsø kommunes innspel til Nasjonal transportplan har handla om forlenging av rullebanen i Tromsø. Det er likevel ikkje den viktigaste saka der. Viktigare er det at vi har prioritert Nord-Noregbanen, E8 og byvekstavtale i Tromsø. Vi er og heilt samstemte om å prioritere oppstillingsplassar, utviding av sikkerheitssona og nytt terminalbygg på flyplassen. Eigentleg er det ganske så utruleg at det politiske Tromsø er så samstemte om Nasjonal transportplan.

Når det gjelde forlenging av rullebanen meiner eg det er mange gode argument for at vi ikkje skal legge til rette for meir flytransport til Tromsø. Poenget med ei forelenging av rullebanen er fleire og større fly. Samstundes er det eit poeng at lenge rullebane vil gjere regularitet og tryggleik betre. Nokre argumenterer og for at det kan vere viktig for el-fly i framtida. Argumenta er gode på begge sider. Dette skal vi konkludere med på gruppemøtet.

Stakkevollvegen

Alt tyder på at dette kommunestyret vedtar ny reguleringsplan for Stakkevollvegen. Det vil ta oss viktige steg mot å få realisert denne vegen. Reguleringsplanen slår ikkje fast nøyaktig korleis vegen skal sjå ut. Den definerer kor mykje areal vi har til vegformål på strekning mellom Hansjordnesbukta og Tverrforbindelsen.

Også er det ein masse andre saker. Heile sakslista er her, kom gjerne med innspel eller spørsmål om du lurer på noko.

Saksdok

Heile forslaget frå oppvekst og utdanningsutvalet

  1. Oppvekst- og utdanningsutvalget ber om at følgende innsparingstiltak gjennomføres fra høsten 2020, med halvårseffekt i 2020 og helårseffekt i 2021:
    1. Ordningen med skoleskyss for ungdomsskoleelever til Grønnåsen skole avsluttes ved skolestart høsten 2020, jf. kommunestyresak 209/19 -1 000 000
    1. Antall plasser i innføringsklassene for innvandrere kan reduseres fra 82 til 45 på grunn av vesentlig nedgang i behovet -5 000 000
    1. Avvikle tilskuddsordninger -2 300 000
    1. Redusere åpningstid SFO -2 000 000
    1. Omorganisering Sjursnes og Ramfjord skole -1 200 000
    1. Videreutdanning lærere (Halvere kommunal andel) -1 500 000
    1. Administrative stillinger Avdeling for Oppvekst- og utdanning -3 800 000
    1. Sum foreslåtte innsparingstiltak: -16 800 000
    1. Utvalget ber om at 10 millioner kroner tilføres barnevernet Utvalget ber om at 6,8 millioner kroner tilføres redusert innsparing skoleramma
  2. Saken sendes videre til kommunestyret
  3. Utvalget ber om en sak som beskriver hvilke administrative oppgaver Avdeling for Oppvekst- og utdanning kan gjøre mindre av. Eksempler på dette kan være statlige høringssvar, kommunale planer, tilsyn og lignende. Saken skal beskrive konsekvensene av å ta ned den administrative ressursen med 3,8 millioner kroner
  4. Utvalget ber om at administrasjonen starter en utredning av ny skolestruktur i Tromsø kommune, som skal munne ut i en sak med ulike alternativer for ny skolestruktur, som kommunestyret kan velge mellom
  5. Utvalget ber om at Holt 4h i økonomirapport 1 flyttes fra skoleramma til enhet for Klima, miljø og landbruk
  6. Utvalget ber om en sak som beskriver kostnadene ved skolematprosjektet
  7. Utvalget ber om at det settes i gang et arbeid for å sikre kommunale botiltak for ungdom, samlokalisert med personalbase, i Tromsø kommune 3
  8. Utvalget ber om en sak om rekruttering av fosterhjem, der man blant annet ser til Drammen, der kommunen har egne boliger hvor familier kan flytte inn og være beredskapshjem
  9. Utvalget ber om en orientering om framgangen i arbeidet med nytt datasystem for barnevernet
  10. Utvalget ber om status for omorganisering av ledelse og administrasjon i Forebyggende helsetjenester
  11. Utvalget ber om en redegjørelse av i hvilken grad vi har klart å effektivisere med samlokalisering på TUIL Arena og økte gruppetiltak
  12. Dersom det er nødvendig med ytterligere politiske vedtak for å gjennomføre tiltakene i saken, ber utvalget om en tilbakemelding fra administrasjonen
  13. Utvalg for Oppvekst og utdanning er stert bekymret for de alvorlige konsekvensene budsjettet for 2020 vil har for barn og unge. Utvalget ber kommunestyret finne midler på andre rammer for å reversere de alvorlige kuttene, spesielt innen barnevern.

Foto: Jeroen Komen from Utrecht, Netherlands – Tromsø airport, Norway

Stakkevollveg og skytebane i utvalsmøtet

Stakkevollvegen er nok den viktigaste saka som skal opp i Miljø, klima og samferdselsutvalet på torsdag.

Det er to ulike saker vi skal handsame. Det eine er sjølve reguleringsplanen. Reguleringsplanen er på mange måtar svært enkel. Den regulerer ei vegbreidde på 19,5 meter frå Hansjordnesbukta til rundkøyringa ved Tverrforbinndelsen. Reguleringsplanen fastset ikkje korleis desse 19,5 metrane skal brukast. Altså det at vi vedtar reguleringsplanen avgjer ikkje om det blir fire eller tre felt, eller korleis tilhøva blir for dei som går og syklar.

Den andre saka om Stakkevollvegen seier noko om kva type veg vi skal bygge. Den saka er eit svar på vedtaket kommunestyret gjorde om firefeltsveg. (Noko eg synst var eit dårleg vedtak). Saka viser at vegen vil koste 500 millionar, reelt 400 millionar fordi vi får momsen tilbake. Men, vi har berre 250 millionar vi kan bruke på denne vegen. Det er dei oppsparte midla frå drivstoffavgifta pluss inntektane frå denne dei neste tre åra som gjev summen 250 millionar. Dette er pengar vi ikkje har lov å bruke til andre ting enn Stakkevollvegen på grunn av vedtak i Stortinget.

Eg meiner det er for mange utfordringar med firefeltsveg, og at vi må tenke nøye gjennom det prosjektet. Dette er hovudinnvendingane mine mot firefeltsprosjektet:

  • Det blir ikkje noko god løysning for dei som skal sykle langs vegen.
  • Det er ikkje rom til snødeponi noko som vil gjere vintervedlikehaldet dyrt og vanskeleg
  • Det blir ikkje noko bygate. Det er ikkje rom for rabattar, tre eller liknande. Det blir rett og slett stygt og ikkje eit bidrag til å lage noko som vil gje bulyst.
  • Det går ein tunnell paralelt med vegen. Det betyr at vi ikkje treng legge til rette for gjennomgangstrafikk på Stakkevollvegen.

Uansett. Nøyaktig korleis vegen skal sjå ut må vi komme tilbake til.

Skytebane i Tromsø

Vi har vel jobba med å finne plass til ein skytebane i Tromsø omtrent like lenge som vi har jobba med å få på plass E8. Eg håper at begge delar skal komme på plass om ikkje så alt for lenge. I denne saka har skytebaneutvalet kome med to framlegg. Det eine er eit sentralskyteanlegg på Langmoen på Brevikeidet, alternativt ei desentralisert løysning der dei ulike skyteidrettane er på ulike stader i kommunen.

Det er ein del utfordringar med Langmoen som gjer at eg synst det er for tidleg å konkludere med at vi kan legge skytebanen der. Men, det er også for tidleg å avvise forslaget. Eit desentralisert anlegg har sine eigne utfordringar, kanskje spesielt fordi det betyr at skytinga i Kjoselvdalen vil halde fram. Eg tenkjer derfor at det er lurt å undersøke litt grundigare om det er mogleg å få til eit anlegg på Langmoen før vi konkluderer.

Innspel Nasjonal transportplan

Innspelet til revisjon av NTP ser i all hovudsak greitt ut. Det viktigaste er at vi er tydelege frå Tromsø kommune på at jernbane er prioritert svært høgt av oss. Eg er litt meir i tvil om det er fornuftig og naudsynt å gå inn for forlenging av rullebanen på Tromsø lufthavn. Utviding av terminalbygget og oppstillingsplassar for fly er viktig, men i eit miljøperspektiv er eg i tvil om vi bør utvide rullebanen for å kunne ta i mot større fly.

Dei fleste av desse sakne skal vidare til kommunestyret, så kom gjerne med innspel heilt fram til kommunestyremøtet.

Saksliste

Saksnr Saksdok Vedtak Vedlegg
Behandling av utvalgssak 0003/20 Valg av styrer, råd og utvalg som oppnevnes av Miljø-, klima- og samferdselsutvalget Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0004/20 Plan 1821 Stakkevollvegen reguleringsplan Vedlegg (17)
Behandling av utvalgssak 0005/20 TP3 Stakkevollvegen – Orientering om kostnader og byggetid Vedlegg (1)
Behandling av utvalgssak 0006/20 Skytebaneutvalgets anbefaling til kommunestyret
Behandling av utvalgssak 0007/20 Tromsø kommunes innspill til revisjon av Nasjonal transportplan 2022-2033 Vedlegg (2)