Alt stoppar ikkje opp – nytt formannskapsmøte

På tysdag blir det nytt formannskapsmøte. Det skal arrangerast som videomøte og det blir interessant å sjå korleis det fungerer i ein sånn heilt formell setting. Fleire av sakene ville vanlegvis blitt avgjort i kommunestyret, men kommunestyret i mars vart avlyst og sakene må avgjerast. I slike tilfelle finst det ein eigen paragraf i kommunelova om at formannskapet kan avgjere saker. Siste saka er om korleis kommuneøkonomien blir påverka av coronaviruset. Det er ikkje hyggeleg lesing.

Eg vil og benytte sjansen til å takke alle som står på i vanskelege tider. På skolane, på helseinstitusjonane i bydrifta og alle andre som er med på å halde hjula i gang.

Uansett, til sakene!

Valg av representanter til Ishavskysten friluftsråd

Første saka er val av representantar til Ishavkysten friluftsråd. Den er godt handsama i kulturutvalet, og eg reknar med at denne raskt blir banka gjennom i formannskapet.

Effekter og resultater av prosjekter i Forbedringsprogrammet

Forbetringsprogrammet er på mange måtar skuffande. Vi har ikkje fått dei økonomiske uttellingane som vi hadde håpa på. Programmet er no avslutta. Men det må seiast at sjølv om det økonomiske resultatet ikkje er så godt som vi håpa, har det blitt andre forbetringar. I saksframlegget skriv kommunedirektøren:

Prosjektene som har vært en del av porteføljen til Forbedringsprogrammet har hovedsakelig gitt indirekte økonomiske gevinster eller kvalitative effekter. Det er derfor vanskelig å vise sammenhengen mellom prosjektgjennomføringen og målet om et netto driftsresultat på minimum 205 millioner kroner. Forbedringsarbeid handler mer om hensiktsmessige arbeidsprosesser, tverrfaglig samhandling, arbeidsglede og motivasjon enn om organisering. En viktig erfaring fra programperioden er derfor at det blir vanskelig å vise til gode resultater på hovedmålene, siden innsatsen egentlig ikke egner seg til å påvirke disse målene direkte.

Det eg oppfattar som hovudproblemet i denne saka er at ein har sett saman mange prosjekt og kalla det eit forbetringsprogram, i staden for å starte med måla for programmet og finne ut kva ein må gjere for å nå dei måla.

Anskaffelsesstrategi for Tromsø kommune 2020-2023

Anskaffelsesstrategien er eit svært viktig dokument. Kommunen bruker milliardar på å kjøpe ting kvart år. Det å klare å få betre prisar og minst like god kvalitet vil bety mykje for økonomien i kommunen.

Eg er glad for at det ser ut som viktige ting vi har vedtatt i kommunestyret er tatt inn i dokumentet. Gjennomføringa av oslomodellen, krava i klima-, miljø-, og energiplanen og innovative innkjøp er tatt med. Det er og lagt vekt på at vi skal kunne bruke lokale aktørar – for eksempel lokalbutikkar i distrikta våre. Eg synst likevel at spesielt miljømåla kunne ha blitt gjort tydelegare og eg saknar ei skildring av korleis oslomodellen skal takast inn i arbeidet.

Ein siste ting eg synst manglar i strategien er at det ikkje er tatt med at kommunestyret har vedtatt å ikkje kjøpe varer frå okkuperte territorium. Det trur eg vi bør prøve å få inn.

Orientering om kommunedirektørens løpende personalansvar, samt redegjørelse for kommunens restriktive ansettelsespolitikk

Kommunedirektørens løpande personalansvar er blitt tydeleggjort i kommunelova. Tidlegare var dette delegert frå kommunestyret til kommunedirektøren. No er det i lova lagt til kommunedirektøren. I Tromsø har det vore ein diskusjon om det betyr at kommunestyret ikkje kan vedta tilsettingsstopp. Eg synst ikkje saka tydeleg nok klårgjer dette, så der blir det nok ein diskusjon.

TILBAKEKJØP AV IKEA TOMTEN – GNR 116 BNR 380

Ja, eg reknar fullt og heilt med at vi kjem til å kjøpe tilbake IKEA-tomta. Det er ikkje avgjort kva den skal brukast til, men det er eit verdfult areal på Tromsøya som kommunen bør ha kontroll med.

Økning av lokal drivstoffavgift Tromsø kommune

Vi har tidlegare utsett saka om dobling av drivstoffavgifta i Tromsø. Grunnen var at det var eit behov for å diskutere utforminga av ei eventuell dobling med fylkeskommunen. Dersom vi skal få til ei slik endring av drivstoffavgifta er vi avhengig av likelydande vedtak i fylket og i kommunen. Den merksame lesar vil merke seg at innstillinga frå administrasjonen er den same som sist. Der kjem det nok til å bli gjort endringar før endeleg vedtak. Diskusjonen vil nok handle om kva pengane skal brukast til og korleis dei skal fordelast.

Debattheftet 2020

Den mest kryptiske sakstittelen er nok «Debatthefte 2020». Den saka er ei rad med spørsmål får KS i forkant av tariffoppgjeret til våren. KS forhandlar om løn for dei kommunalt tilsette på vegne av alle kommunane unntatt Oslo. Kom gjerne med innspel. Noko av det eg har tenkt på burde inn er lik løn mellom kommunal og statleg sektor, men det kan vere andre ting vi bør ta opp.

Vikran barnehage – justering av kostnadsramme og tildeling av totalentreprise

Vikran barnehage vart utsett i førre møte. Grunnen til det var at vi ikkje følte at vi fekk gode nok svar på korfor kostnadane har auka såpass kraftig sida prosjektet først kom inn i økonomiplanen. Noko av forklaringa er nok at prosjektet kom inn i planen før det var prosjektert og vi hadde ein reell kostnad, noko er knytt til at det er dyrt å bygge i Tromsø, og noko er at det er ein del kostnadar som er faste anten ein bygger ein stor eller ein liten barnehage og i ein liten barnehage er det færre kvadratmeter å fordele kostnadane på. Eg synst tilleggsnotatet svarer godt på dette, og reknar med at vi går inn for å bygge barnehagen på Vikran sjølv om den vil koste 48 millionar. Så skal det seiast at vi får momsen tilbake så realkostnaden er noko lågare.

Økonomiske konsekvenser av koronautbruddet – behov for økning av trekkrettighet/kassekreditt i 2020

Den siste saka er ganske uhyggeleg lesing. Her får vi ein foreløpig gjennomgang av dei økonomiske konsekvensane for kommunen av coronakrisa. Dette blir dyrt. Tala er sjølvsagt behefta med stor usikerheit, men vi må uansett ta til å tenke på det. Sånn ca som dette ser det ut per no:

  Tal i millionar Min kommentar
Mindre skatteinnbetaling -350 Svært usikre tal, kan bli mindre
Auka utgifter vikarar etc helse pga karantene ol. -6 per mars
Auka utgifter til smittevernutstyr ?  
Meirutgifter sosialhjelp ? Ikkje slått inn enno, kan kome når tida med full løn i permisjon tar til å gå ut for folk
Mindreinntekt foreldrebetaling barnehage og SFO -10,4 Her er det 10,4 mill per månad avheng av kor lenge stenginga varer
Mindreutgift skoleskyss 2,25 Per månad
Mindreinntekt på kultur -3 Ca per månad, usikkert anslag
Mindre byggesak ol. Svært usikkert -1 Per månad
Truleg mindre vikarar i skole og bhg 14 usikkert
Reduksjon øvrige driftsutgifter pga mindre aktivitet 15 Svært usikkert
Auka utgifter til pensjon pga nedgang i marknaden ? Svært usikkert
Rentenedgang 5 Antar at dette er månadlege tal framgår ikkje klårt av saksframlegget
Aurora kino – ikkje leigeinntektar i tre månader -1,4 Ikkje vedtatt om dette skal gjerast enno
Tromsø alpinpark – leige og lån -1,3 heile sesongen, i tillegg kjem tidlegare ubetalte krav på 3,5 mill
Tromsøbadet -2 Per månad, usikkert kor mykje kommunen eventuelt må dekke. Badet har eit eiga fond
Redusert arbeidsgjevaravgift 24 to månader
-314,85

Eg må understreke at dette er svært usikre tal. Men det er klart at over 300 millionar mindre i kommunen er dramatisk. Så har staten sagt at kommunane skal kompenserast, men dette er ikkje talfesta enno. All erfaring frå før er at staten aldri fullfinansierer oppgåver til kommunane. La oss håpe at det skjer denne gongen.

I tillegg til dette har kommunen garantert for lån for idrettslag ol for over 300 millionar. Om dei ikkje skulle klare å betale låna sine vil kommunen måtte steppe inn.

Så ja, eg kjem til å stemme for det administrasjonen ber om, at kassakreditten i banken skal aukast til 500 millionar slik at vi er sikre på at kommunen kan oppfylle forpliktingane sine. La oss håpe at det ikkje blir bruk for den kassakreditten.

Her er heile sakslista med lenke til saksframlegga

Saksnr Saksdok
0059/20 Valg av representanter til Ishavskysten friluftsråd
0060/20 Effekter og resultater av prosjekter i Forbedringsprogrammet
0061/20 Anskaffelsesstrategi for Tromsø kommune 2020-2023
0062/20 Orientering om kommunedirektørens løpende personalansvar, samt redegjørelse for kommunens restriktive ansettelsespolitikk
0063/20 TILBAKEKJØP AV IKEA TOMTEN – GNR 116 BNR 380
0064/20 Økning av lokal drivstoffavgift Tromsø kommune
0065/20 Debattheftet 2020
0066/20 Orientering om status og aktuelle problemstillinger i forbindelse med leie av bygg fra Stiftelsen kommunale boliger (lukka sak)
0067/20 Vurdering av anke av lagmannsrettens dom (lukka sak)
0068/20 Konstituering i stilling som kommunedirektør (lukka sak)
0069/20 Vikran barnehage – justering av kostnadsramme og tildeling av totalentreprise
0070/20 Økonomiske konsekvenser av koronautbruddet – behov for økning av trekkrettighet/kassekreditt i 2020

Foto av formannskapet i Tromsø av Håkon Steinmo/ Tromsø kommune

Stortinget må seie nei til kriseloven

Regjeringa har foreslått at stortinget skal vedta at regjeringa skal få sette til sides lover som er vedtatt av Stortinget. Eg meiner dette er unødvendig og ein farleg presedens. Kanskje er det nettopp i krisetider det er viktig at vi har den kontrollen med regjeringa si verksemd som stortinget utfører. Det er alt for lett å bli fanga av krisa og gjere raske avgjerder som vi vil angre på. Derfor er det lurt at regjeringa må gå til Stortinget og få tilslutning til dei aller mest inngripande forslaga.

I lovforslaget foreslår regjeringa denne paragrafen:

Kongen kan i midlertidige forskrifter utfylle, supplere eller fravike gjeldende lovgivning så langt det er nødvendig for å ivareta lovens formål. Forskriftene kan ikke fravike regler i Grunnloven. Innskrenking av rettigheter kan bare gjøres så langt det er forenlig med Grunnloven og menneskerettsloven.

Du kan lese forslaget her.

Det norske demokratiet, til liks med dei fleste om ikkje alle demokrati, har ei tredeling av makta. Regjeringa har den utøvande makta, Stortinget vedtar lovene og domstolane dømmer etter lovene. Denne tredelinga er ei sperre mot tyranni og vilkårlegheit. Regjeringa foreslår no å sette denne tredelinga til sides, gjennom at regjeringa skal få lov til å sette lovene til sides.

Det betyr ikkje at eg mistenker Erna for å ville bli tyrann eller å vere noko anna enn ein god demokrat. Men ofte er vegen til helvete brulagt med gode forsettar.

Grunngjevinga frå regjeringa er overraskande overtydande. Det er eksempel på lovar som kanskje bør endrast for å handtere coronakrisa. Forslaget til kriselov inneheld og sperrar, blant anna kan ein tredjedel av Stortinget stoppe forskriftar vedtatt av regjeringa.

Eg meiner likevel at grunngjevinga ikkje er god nok. Det er ingenting som tyder på at Stortinget ikkje vil hastebehandle naudsynte tiltak for å handtere krisa. Samarbeidet er godt mellom regjering og storting. Og dersom det skulle vere ein situasjon der Stortinget ikkje vil vedta eller hastebehandle framlegg frå regjeringa så er det sannsynlegvis ting regjeringa ikkje bør få lov til å vedta på eiga hand.

Det er viktig at når vi skal vedta lover som gjev nokon stor makt, så må vi gjere det i rolege tider. I tider der vi har tid til å diskutere og tenke over om det er naudsynt å gje for eksempel regjeringa så store fullmakter.

Regjeringa har allereie vide fullmakter gjennom smittevernlova, beredskapslova og ein masse andre stader. Skulle det verkeleg stå på finst og noko som heiter konstitusjonell naudrett.

Denne loven er unødvendig, den skaper ein farleg presedens for andre kriser og Stortinget bør manne seg opp til å seie nei til denne loven

Foto: Foto: European Peoples Party/https://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Erna_Solberg_EPP_Congress_Warsaw_(original).jpg

20.03.20 kl 1206: Eg har gjort nokre mindre språklege endringar etter første publisering for å rette skrivefeil og klårgjere nokre dårelge setningar.

Kvoter til besvær

Stortinget skal i løpet av våren avgjere korleis utviklinga i norsk fiskerinæring skal bli dei neste åra. Dessverre legg regeringa si kvotemelding opp til at det skal bli ei enno større sentralisering i næringa. Dei som har mest skal få mest.

Kvotemeldinga legg opp til at privatiseringa av fiskeressursane skal halde fram. Den legg opp til at færre personar skal eige meir av fiskeressursane og den legg opp til at mange fiskerisamfunn langs kysten vår framleis vil mangle tilgang på fiskeriressursen.

No må Stortinget manne seg opp og gjere noko med dei problema vi har i fiskerinæringa:

  1. Enorme kostnader for å komme seg inn i næringa for ungdom
  2. Eigarkonsentrasjon i næringa, stadig færre eig stadig meir av retten til å fiske
  3. Alt for mykje av fisken blir levert frossen, noko som betyr at norsk fiskeindustri mistar konkurransefortrinnet med å ligge nær dei store fiskeressursane.

Det er sjølvsagt eit uttal detaljar i kvotemeldinga som skal og må diskuterast, men dei overordna problemstillingane er likevel dei viktigaste å diskutere.

Frå SV si side har vi svara på dei overordna problemstillingane.

  1. Kystflåten leverer i større grad den ferske fisken som industrien etterspør. For å sikre heilårige arbeidsplassar er det derfor naturleg at ein større del av fisken blir fanga av kystflåten. SV meiner derfor at må trålstigen endrast. Det kan anten skje ved at kvoter blir flytta frå trål til kyst, eller ved at den største kystflåten blir flytta opp i trålklassen utan at kvotene følgjer med. I tillegg må ordningar som ferskfiskbonus behaldast og vidareutviklast slik at vi får levert fisk heile året.
  2. Vi må sette eigarskapsbegrensningar også på kystflåten. Ei aktuell grense kan vere at ingen skal ha kontroll med meir enn tre prosent av kvotene innafor kvar gruppe i finnmarksmodellen.
  3. Strukturkvotene må tilbakeførast og ikkje forlengast. Denne tilbakeføringa må skje som uomsettelege rekrutteringskvoter som gjer det enklare for ungdom å komme inn i fiskeria, eller slik at kommunar/regionar kan disponere desse til beste for sine lokalsamfunn.
  4. Ved eventuell framtidig strukturering må avkortinga bli større – opp mot 50%. Det vil verke prisdempande og dei inndratte kvotene kan gå til uomsettelege rekrutteringskvoter.

Over tid vil desse endringane føre til ei kraftig redusering av kapitaljaget i næringa. Det vil styrke lokalsamfuna og gjere det enklare for ungdom å komme inn i næringa utan at vi øydelegg livsgrunnlaget til ei som allereie har investert stort i næringa.

Foto: Foto: Einar Stamnes/Wikimedia Commons

E8, bemanningskontor og idrett i utvala denne veka

I veka som kjem er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Det er mange saker, nokre blir endeleg avgjort i utvala, men mange blir førebudd i utvala for deretter å bli endeleg avgjort i kommunestyret.

Når eg skriv dette er det mange diskusjonar som ikkje er ført til endes, det betyr at det kan bli endringar og at det er rom for å kome med innspel for å få ting slik akkurat du meiner er best.

Helse på måndag

Framtida for bemanningskontoret i oppfølgjintstenesta i Tromsø kommune har vore diskutert mykje. Det er laga ein god evalueringsrapport som viser at vi har fått til svært mykje av det vi ønska å oppnå. Ressursutnyttinga er 99,64 prosent, vi har styrka heiltidskulturen, vi har fått turnusar som passar med lov og avtaleverk og vi har spart ein del pengar. Det gjenstår to ubesvarte spørsmål i denne saka. 1. Er innsparinga stor nok til å dekke kostnaden med bemanningskontoret? 2. Finst det måtar å organisere bemanninskontoret på som reduserer administrasjonskostnadane?

Administrasjonen har foreslått å legge ned bemanningskontoret i si noverande form. Det trur eg ikkje eg er eit godt forslag, eg trur det rette er å finne måtar å organisere på som tar vare på alt det vi har oppnådd, men samtidig gjer drifta billigare. Eit alternativ kan vere å ikkje organisere det som ei eiga eining, men legge det rett under seksjonsnivået.

Helse og velferdsutvalet skal og avgje høyringsuttale om den store reusreformen. Den saka skal nok vidare til kommunestyret så det blir tid til å diskutere. Eg er samd med utvalet om at det er mange gode argument for å sørgje for at vi ikkje straffar rusmisbrukarar for vanleg bruk og heller gje dei behandling i helsevesenet. Eg har likevel tre innvendingar. Det eine er at eg nok synst utvalet har lagt grensa høgt for kor mange brukardoser du kan ha straffefritt, det andre er at eg er skeptisk til om kommunane faktisk får dekt dei auka utgiftene til å gje meir behandling og oppfølgjing og det tredje er om det å motta behandling skal vere fullstendig frivillig?

Eg synst innstillinga frå administrasjonen er ganske dekkande for dette.

Dette er heile sakslista i helse og velferdsutvalet:

Gunhild Johansen og Abdalla Ali Mohammed representerer SV i Helse og velferdsutvalet.

Byutvikling på tysdag

Det er to saker i dette utviklet om fortener ekstra omtale. Den eine saka er konsesjonen til Kvitebjørn varme, den andre er planprogrammet til E8. Kvitebjørn kjem eg ikkje til å skrive noko om fordi eg sannsynlegvis er inhabil i den saka på grunna av at eg er styremedlem i Remiks.

Eg er veldig glad for at vi no får fram planprogrammet for E8. Det er eit viktig steg på vegen mot å få realisert ny E8. Det er ein offentleg debatt om vestre eller austre trase for E8. Den debatten har eg ikkje tenkt å gå inn i. Poengert er no å få realisert ein ny veg. Frå staten si side er det tydeleg sagt at vestre er det dei vil bygge etter. Då er det den traseen som vil vere raskast å få på plass.

Så ligg det i planprogrammet at det skal lagast ei konsekvensundersøking, og ei planskildring som omtalar viktige tema:

Tema som skal behandles i KU (utredningstema):

  • Landskapsbilde
  • Kulturarv
  • Nærmiljø og friluftsliv
  • Naturmangfold
  • Naturressurser og reindrift
  • Vannressurser
  • Reindrift

 Tema som behandles i planbeskrivelsen (vurderingstema):

  • Trafikksikkerhet
  • Vegteknologi, konstruksjoner, teknisk infrastruktur
  • Støy
  • Grunnforhold
  • Skred
  • Hydrologi og overvannshåndtering (flomfare)
  • Ytre miljø – landskap
  • Drift og vedlikehold
  • Berørte eiendommer til veganlegget
  • Barn og unge
  • Friluftsliv og tilrettelegging for reisende
  • Folkehelse
  • Universell utforming
  • Kollektivt tiltak
  • Omklassifisering og bruk av dagens E8
  • Anleggsperiode
  • Samisk fjordbosetning og bruk av utmark. 
  • Kollektivtilbud

Eg trur det vil gje oss eit godt grunnlag for å ta stilling til sjølve reguleringsplanen når den kjem.

Dette er heile sakslista i kommune og byutviklingsutvalet:

Åsne Høgetveit og Ingrid Hovda Lien representerer SV i byutviklingsutvalet.

Kultur på onsdag

Den kanskje største saka i dette utvalet er endringa av den organistoriske tilknyttinga for dei som driv med idrett i Tromsø kommune. Administrasjonen meiner det vil bli meir effektiv drift dersom idrett blir tilknytta bydrift. Dei tilsette er bekymra for både kultut og idrett dersom den eininga blir splitta. Eg har ikkje svært sterke meiningar om dette, men eg har jo sans for argument om meir rasjonell og effektiv drift.

Dette er heile sakslista for kultur, idretts og friluftsutvalet

Maja Lockert representerer SV i kulturutvalet

Miljø på torsdag

For sakene om Kvitebørn og E8, sjå det som eg har skrive under byutvikling på tysdag.

Dispensjonen om bruk av snøscooter synst eg ser grei ut. Høyringssaka om endringa av lova for motorferdsel i utmark har eg berre fått skumma gjennom. Det er endringar knytt til el-motorar, dispensasjonar ol. Dersom nokon kan noko om temaet set eg verkeleg pris på innspel.

Dette er heile sakslista til Miljø-, klima-, og samferdselsutvalet

Det er Sigrid . Hammer og Pål Julius Skogholt som representerer SV i dette utvalet

Oppvekst på fredag

Sakspapira til oppvekstutvalet på fredag er berre akkurat komen, så desse har eg ikkje fått sett grundig på. Den einaste saka eg har lest er saka om kombinasjonsklassen på Ishavsbyen. Der synst eg det er argumentert overtydande for at den klassen må vi halde fram med. Kom gjerne med innspel.

Dette er sakslista til møtet oppvekstutvalet:

Det er Benjamin A. Notkevich om representerer SV i dette utvalet

Exit mobile version