På tysdag blir det nytt formannskapsmøte. Det skal arrangerast som videomøte og det blir interessant å sjå korleis det fungerer i ein sånn heilt formell setting. Fleire av sakene ville vanlegvis blitt avgjort i kommunestyret, men kommunestyret i mars vart avlyst og sakene må avgjerast. I slike tilfelle finst det ein eigen paragraf i kommunelova om at formannskapet kan avgjere saker. Siste saka er om korleis kommuneøkonomien blir påverka av coronaviruset. Det er ikkje hyggeleg lesing.
Eg vil og benytte sjansen til å takke alle som står på i vanskelege tider. På skolane, på helseinstitusjonane i bydrifta og alle andre som er med på å halde hjula i gang.
Uansett, til sakene!
Valg av representanter til Ishavskysten friluftsråd
Første saka er val av representantar til Ishavkysten friluftsråd. Den er godt handsama i kulturutvalet, og eg reknar med at denne raskt blir banka gjennom i formannskapet.
Effekter og resultater av prosjekter i Forbedringsprogrammet
Forbetringsprogrammet er på mange måtar skuffande. Vi har ikkje fått dei økonomiske uttellingane som vi hadde håpa på. Programmet er no avslutta. Men det må seiast at sjølv om det økonomiske resultatet ikkje er så godt som vi håpa, har det blitt andre forbetringar. I saksframlegget skriv kommunedirektøren:
Prosjektene som har vært en del av porteføljen til Forbedringsprogrammet har hovedsakelig gitt indirekte økonomiske gevinster eller kvalitative effekter. Det er derfor vanskelig å vise sammenhengen mellom prosjektgjennomføringen og målet om et netto driftsresultat på minimum 205 millioner kroner. Forbedringsarbeid handler mer om hensiktsmessige arbeidsprosesser, tverrfaglig samhandling, arbeidsglede og motivasjon enn om organisering. En viktig erfaring fra programperioden er derfor at det blir vanskelig å vise til gode resultater på hovedmålene, siden innsatsen egentlig ikke egner seg til å påvirke disse målene direkte.
Det eg oppfattar som hovudproblemet i denne saka er at ein har sett saman mange prosjekt og kalla det eit forbetringsprogram, i staden for å starte med måla for programmet og finne ut kva ein må gjere for å nå dei måla.
Anskaffelsesstrategi for Tromsø kommune 2020-2023
Anskaffelsesstrategien er eit svært viktig dokument. Kommunen bruker milliardar på å kjøpe ting kvart år. Det å klare å få betre prisar og minst like god kvalitet vil bety mykje for økonomien i kommunen.
Eg er glad for at det ser ut som viktige ting vi har vedtatt i kommunestyret er tatt inn i dokumentet. Gjennomføringa av oslomodellen, krava i klima-, miljø-, og energiplanen og innovative innkjøp er tatt med. Det er og lagt vekt på at vi skal kunne bruke lokale aktørar – for eksempel lokalbutikkar i distrikta våre. Eg synst likevel at spesielt miljømåla kunne ha blitt gjort tydelegare og eg saknar ei skildring av korleis oslomodellen skal takast inn i arbeidet.
Ein siste ting eg synst manglar i strategien er at det ikkje er tatt med at kommunestyret har vedtatt å ikkje kjøpe varer frå okkuperte territorium. Det trur eg vi bør prøve å få inn.
Orientering om kommunedirektørens løpende personalansvar, samt redegjørelse for kommunens restriktive ansettelsespolitikk
Kommunedirektørens løpande personalansvar er blitt tydeleggjort i kommunelova. Tidlegare var dette delegert frå kommunestyret til kommunedirektøren. No er det i lova lagt til kommunedirektøren. I Tromsø har det vore ein diskusjon om det betyr at kommunestyret ikkje kan vedta tilsettingsstopp. Eg synst ikkje saka tydeleg nok klårgjer dette, så der blir det nok ein diskusjon.
TILBAKEKJØP AV IKEA TOMTEN – GNR 116 BNR 380
Ja, eg reknar fullt og heilt med at vi kjem til å kjøpe tilbake IKEA-tomta. Det er ikkje avgjort kva den skal brukast til, men det er eit verdfult areal på Tromsøya som kommunen bør ha kontroll med.
Økning av lokal drivstoffavgift Tromsø kommune
Vi har tidlegare utsett saka om dobling av drivstoffavgifta i Tromsø. Grunnen var at det var eit behov for å diskutere utforminga av ei eventuell dobling med fylkeskommunen. Dersom vi skal få til ei slik endring av drivstoffavgifta er vi avhengig av likelydande vedtak i fylket og i kommunen. Den merksame lesar vil merke seg at innstillinga frå administrasjonen er den same som sist. Der kjem det nok til å bli gjort endringar før endeleg vedtak. Diskusjonen vil nok handle om kva pengane skal brukast til og korleis dei skal fordelast.
Debattheftet 2020
Den mest kryptiske sakstittelen er nok «Debatthefte 2020». Den saka er ei rad med spørsmål får KS i forkant av tariffoppgjeret til våren. KS forhandlar om løn for dei kommunalt tilsette på vegne av alle kommunane unntatt Oslo. Kom gjerne med innspel. Noko av det eg har tenkt på burde inn er lik løn mellom kommunal og statleg sektor, men det kan vere andre ting vi bør ta opp.
Vikran barnehage – justering av kostnadsramme og tildeling av totalentreprise
Vikran barnehage vart utsett i førre møte. Grunnen til det var at vi ikkje følte at vi fekk gode nok svar på korfor kostnadane har auka såpass kraftig sida prosjektet først kom inn i økonomiplanen. Noko av forklaringa er nok at prosjektet kom inn i planen før det var prosjektert og vi hadde ein reell kostnad, noko er knytt til at det er dyrt å bygge i Tromsø, og noko er at det er ein del kostnadar som er faste anten ein bygger ein stor eller ein liten barnehage og i ein liten barnehage er det færre kvadratmeter å fordele kostnadane på. Eg synst tilleggsnotatet svarer godt på dette, og reknar med at vi går inn for å bygge barnehagen på Vikran sjølv om den vil koste 48 millionar. Så skal det seiast at vi får momsen tilbake så realkostnaden er noko lågare.
Økonomiske konsekvenser av koronautbruddet – behov for økning av trekkrettighet/kassekreditt i 2020
Den siste saka er ganske uhyggeleg lesing. Her får vi ein foreløpig gjennomgang av dei økonomiske konsekvensane for kommunen av coronakrisa. Dette blir dyrt. Tala er sjølvsagt behefta med stor usikerheit, men vi må uansett ta til å tenke på det. Sånn ca som dette ser det ut per no:
Tal i millionar | Min kommentar | |
Mindre skatteinnbetaling | -350 | Svært usikre tal, kan bli mindre |
Auka utgifter vikarar etc helse pga karantene ol. | -6 | per mars |
Auka utgifter til smittevernutstyr | ? | |
Meirutgifter sosialhjelp | ? | Ikkje slått inn enno, kan kome når tida med full løn i permisjon tar til å gå ut for folk |
Mindreinntekt foreldrebetaling barnehage og SFO | -10,4 | Her er det 10,4 mill per månad avheng av kor lenge stenginga varer |
Mindreutgift skoleskyss | 2,25 | Per månad |
Mindreinntekt på kultur | -3 | Ca per månad, usikkert anslag |
Mindre byggesak ol. Svært usikkert | -1 | Per månad |
Truleg mindre vikarar i skole og bhg | 14 | usikkert |
Reduksjon øvrige driftsutgifter pga mindre aktivitet | 15 | Svært usikkert |
Auka utgifter til pensjon pga nedgang i marknaden | ? | Svært usikkert |
Rentenedgang | 5 | Antar at dette er månadlege tal framgår ikkje klårt av saksframlegget |
Aurora kino – ikkje leigeinntektar i tre månader | -1,4 | Ikkje vedtatt om dette skal gjerast enno |
Tromsø alpinpark – leige og lån | -1,3 | heile sesongen, i tillegg kjem tidlegare ubetalte krav på 3,5 mill |
Tromsøbadet | -2 | Per månad, usikkert kor mykje kommunen eventuelt må dekke. Badet har eit eiga fond |
Redusert arbeidsgjevaravgift | 24 | to månader |
-314,85 |
Eg må understreke at dette er svært usikre tal. Men det er klart at over 300 millionar mindre i kommunen er dramatisk. Så har staten sagt at kommunane skal kompenserast, men dette er ikkje talfesta enno. All erfaring frå før er at staten aldri fullfinansierer oppgåver til kommunane. La oss håpe at det skjer denne gongen.
I tillegg til dette har kommunen garantert for lån for idrettslag ol for over 300 millionar. Om dei ikkje skulle klare å betale låna sine vil kommunen måtte steppe inn.
Så ja, eg kjem til å stemme for det administrasjonen ber om, at kassakreditten i banken skal aukast til 500 millionar slik at vi er sikre på at kommunen kan oppfylle forpliktingane sine. La oss håpe at det ikkje blir bruk for den kassakreditten.
Her er heile sakslista med lenke til saksframlegga
Saksnr | Saksdok |
0059/20 | Valg av representanter til Ishavskysten friluftsråd |
0060/20 | Effekter og resultater av prosjekter i Forbedringsprogrammet |
0061/20 | Anskaffelsesstrategi for Tromsø kommune 2020-2023 |
0062/20 | Orientering om kommunedirektørens løpende personalansvar, samt redegjørelse for kommunens restriktive ansettelsespolitikk |
0063/20 | TILBAKEKJØP AV IKEA TOMTEN – GNR 116 BNR 380 |
0064/20 | Økning av lokal drivstoffavgift Tromsø kommune |
0065/20 | Debattheftet 2020 |
0066/20 | Orientering om status og aktuelle problemstillinger i forbindelse med leie av bygg fra Stiftelsen kommunale boliger (lukka sak) |
0067/20 | Vurdering av anke av lagmannsrettens dom (lukka sak) |
0068/20 | Konstituering i stilling som kommunedirektør (lukka sak) |
0069/20 | Vikran barnehage – justering av kostnadsramme og tildeling av totalentreprise |
0070/20 | Økonomiske konsekvenser av koronautbruddet – behov for økning av trekkrettighet/kassekreditt i 2020 |
Foto av formannskapet i Tromsø av Håkon Steinmo/ Tromsø kommune