Kvoter til besvær

Stortinget skal i løpet av våren avgjere korleis utviklinga i norsk fiskerinæring skal bli dei neste åra. Dessverre legg regeringa si kvotemelding opp til at det skal bli ei enno større sentralisering i næringa. Dei som har mest skal få mest.

Kvotemeldinga legg opp til at privatiseringa av fiskeressursane skal halde fram. Den legg opp til at færre personar skal eige meir av fiskeressursane og den legg opp til at mange fiskerisamfunn langs kysten vår framleis vil mangle tilgang på fiskeriressursen.

No må Stortinget manne seg opp og gjere noko med dei problema vi har i fiskerinæringa:

  1. Enorme kostnader for å komme seg inn i næringa for ungdom
  2. Eigarkonsentrasjon i næringa, stadig færre eig stadig meir av retten til å fiske
  3. Alt for mykje av fisken blir levert frossen, noko som betyr at norsk fiskeindustri mistar konkurransefortrinnet med å ligge nær dei store fiskeressursane.

Det er sjølvsagt eit uttal detaljar i kvotemeldinga som skal og må diskuterast, men dei overordna problemstillingane er likevel dei viktigaste å diskutere.

Frå SV si side har vi svara på dei overordna problemstillingane.

  1. Kystflåten leverer i større grad den ferske fisken som industrien etterspør. For å sikre heilårige arbeidsplassar er det derfor naturleg at ein større del av fisken blir fanga av kystflåten. SV meiner derfor at må trålstigen endrast. Det kan anten skje ved at kvoter blir flytta frå trål til kyst, eller ved at den største kystflåten blir flytta opp i trålklassen utan at kvotene følgjer med. I tillegg må ordningar som ferskfiskbonus behaldast og vidareutviklast slik at vi får levert fisk heile året.
  2. Vi må sette eigarskapsbegrensningar også på kystflåten. Ei aktuell grense kan vere at ingen skal ha kontroll med meir enn tre prosent av kvotene innafor kvar gruppe i finnmarksmodellen.
  3. Strukturkvotene må tilbakeførast og ikkje forlengast. Denne tilbakeføringa må skje som uomsettelege rekrutteringskvoter som gjer det enklare for ungdom å komme inn i fiskeria, eller slik at kommunar/regionar kan disponere desse til beste for sine lokalsamfunn.
  4. Ved eventuell framtidig strukturering må avkortinga bli større – opp mot 50%. Det vil verke prisdempande og dei inndratte kvotene kan gå til uomsettelege rekrutteringskvoter.

Over tid vil desse endringane føre til ei kraftig redusering av kapitaljaget i næringa. Det vil styrke lokalsamfuna og gjere det enklare for ungdom å komme inn i næringa utan at vi øydelegg livsgrunnlaget til ei som allereie har investert stort i næringa.

Foto: Foto: Einar Stamnes/Wikimedia Commons

One Reply to “Kvoter til besvær”

  1. Jeg slutter meg 100% til SV sine meninger i denne saken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version