Regjeringa har foreslått at stortinget skal vedta at regjeringa skal få sette til sides lover som er vedtatt av Stortinget. Eg meiner dette er unødvendig og ein farleg presedens. Kanskje er det nettopp i krisetider det er viktig at vi har den kontrollen med regjeringa si verksemd som stortinget utfører. Det er alt for lett å bli fanga av krisa og gjere raske avgjerder som vi vil angre på. Derfor er det lurt at regjeringa må gå til Stortinget og få tilslutning til dei aller mest inngripande forslaga.
I lovforslaget foreslår regjeringa denne paragrafen:
Kongen kan i midlertidige forskrifter utfylle, supplere eller fravike gjeldende lovgivning så langt det er nødvendig for å ivareta lovens formål. Forskriftene kan ikke fravike regler i Grunnloven. Innskrenking av rettigheter kan bare gjøres så langt det er forenlig med Grunnloven og menneskerettsloven.
Det norske demokratiet, til liks med dei fleste om ikkje alle demokrati, har ei tredeling av makta. Regjeringa har den utøvande makta, Stortinget vedtar lovene og domstolane dømmer etter lovene. Denne tredelinga er ei sperre mot tyranni og vilkårlegheit. Regjeringa foreslår no å sette denne tredelinga til sides, gjennom at regjeringa skal få lov til å sette lovene til sides.
Det betyr ikkje at eg mistenker Erna for å ville bli tyrann eller å vere noko anna enn ein god demokrat. Men ofte er vegen til helvete brulagt med gode forsettar.
Grunngjevinga frå regjeringa er overraskande overtydande. Det er eksempel på lovar som kanskje bør endrast for å handtere coronakrisa. Forslaget til kriselov inneheld og sperrar, blant anna kan ein tredjedel av Stortinget stoppe forskriftar vedtatt av regjeringa.
Eg meiner likevel at grunngjevinga ikkje er god nok. Det er ingenting som tyder på at Stortinget ikkje vil hastebehandle naudsynte tiltak for å handtere krisa. Samarbeidet er godt mellom regjering og storting. Og dersom det skulle vere ein situasjon der Stortinget ikkje vil vedta eller hastebehandle framlegg frå regjeringa så er det sannsynlegvis ting regjeringa ikkje bør få lov til å vedta på eiga hand.
Det er viktig at når vi skal vedta lover som gjev nokon stor makt, så må vi gjere det i rolege tider. I tider der vi har tid til å diskutere og tenke over om det er naudsynt å gje for eksempel regjeringa så store fullmakter.
Regjeringa har allereie vide fullmakter gjennom smittevernlova, beredskapslova og ein masse andre stader. Skulle det verkeleg stå på finst og noko som heiter konstitusjonell naudrett.
Denne loven er unødvendig, den skaper ein farleg presedens for andre kriser og Stortinget bør manne seg opp til å seie nei til denne loven
Foto: Foto: European Peoples Party/https://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Erna_Solberg_EPP_Congress_Warsaw_(original).jpg
20.03.20 kl 1206: Eg har gjort nokre mindre språklege endringar etter første publisering for å rette skrivefeil og klårgjere nokre dårelge setningar.
Eg syns det du skriv er overtydande.