Kommunestyremøtet på onsdag – litt meir enn Arctic Centre

Heisann, denne gjennomgangen av kommunestyresakene kjem litt seint. Unnskyldninga mi er den dårlege HMS-en på heimekontoret. Det tar såpass på ryggen å sitte på ein kjøkkenstol heile dagen at ryggen har slått seg litt vrang. Det tar vekk litt av skrivegleda. Men no har eg stole gamingstolen til ein av ungane så no går det betre.

Arctic Centre

Den saka som har fått mest merksemd er Arctic Centre. Her har SV si meining vore heilt klår, og er forankra i det programmet vi gjekk til val på. Vi meiner at hyttelandsbyen si påverknad på natur og miljø er alt for stor. Det vil endre heile landskapet. Det vil sleppe ut minimum 35 000 tonn CO2 gjennom arealendringa og påverknaden på reindrifta er stor. Du må gjerne lese Åsne Høgetveit og Ingrid Hovda Lien sitt innlegg om saka her.

Men før vi går i gang med Arctic Centre skal vi gjennom to interpellasjonar og minst to uttaler frå kommunestyret. Det er ein interpellasjon (ein interpellasjon er eit spørsmål til ordførar der svaret blir deattert) om Nord-Norsk kunstmuseum frå SVs Maja Lockert og ein om situasjonen i flyktningeleirane på dei greske øyene frå Aleksandra Seljeseth. Det er foreslått uttaler om flyplassterminalen og om flyktningane i Moria. Om det siste temaet er det fleire forslag. Håper vi får vedtak på begge områda.

Drivstoffavgift

Det kjem sikkert til å bli ein del debatt om auking av drivstoffavgifta i Tromsø til 212 øre per liter drivstoff. Det er naudsynst å gjere for å få pengar til trygge skolevegar og bygging av ny Stakkevollveg.

Eidhaugen

Det er ei einstemmig innstilling frå kommune og byutviklingsutvalet om at vi skal vedta ein ny reguleringsplan for Eidhaugen på Kvaløya. Det vil gje 19 nye bueiningar og er innafor den byggekvota som vi er pålagt på Kvaløya. Planen ser grei ut og eg reknar med den går glatt gjennom i kommunestyret.

Kommuneplan for overvatn

Ja, eg er samd ein kommunal plan for overvatn høyrest ut som eit svært kjedeleg dokument. Det er det ikkje. Denne planen handlar om korleis vi skal klare å handtere alt vatnet frå meir regn og snø utan å sprenge kapasiteten i ledningsnettet. Når kapasiteten blir sprengt får vi vatn der vi ikkje vil ha det – på vegar og i kjellarar. I store delar av kommunen har vi ikkje delt nett for kloakk og anna vatn. Det betyr og at overkapasitet fører til fare for spredning av kloakk med alle farer det kan leide til.

Eg synst planen er god. Det blir lagt opp til ei utskifting av ledningsnettet, men enno viktigare er korleis vi handterer vatnet før det eventuelt kjem inn i ledningsnettet. Derfor legg planen blant anna opp til å opne bekkefar som er lagt i røyr og å legge til rette for fordrøying slik at vatnet bruker lengre tid på å renne til havet og at vi dermed unngår flaumar.

Forbetringsprogrammet og innkjøpsstrategi

Evalueringa av forbetringsprogrammet viser at det ikkje har fått dei positive økonomiske resultata vi hadde håpa på, men det har gjeve oss betre kvalitet på dei kommunale tenestene. Det er gjort ein stor og god jobb, men no må vi klare å hauste dei økonomiske gevinstane av det vi gjer framover. Innkjøpsstrategien er eit av verktya for å få det til. Eg håper og trur at den skal legge til rette for betre innkjøp. Kommunen kjøper for milliardbeløp kvart år så om vi gjer dette rett har stor betydning.

Eg er glad for at strategien tar høgde for både arbeidsvilkåra til folk som jobber der vi kjøper inn, at miljø blir eit viktig kriterium og at vi skal kunne bruke lokale butikkar i distrikta. Vi har og tatt inn punktet om at kommunen ikkje skal kjøpe varer prdusert på okkupert territorium.

Tromvik barnehage

Det er aldri artig å legge ned eit kommunalt tilbod, men når det berre er to barn igjen i barnehagen er det ikkje mogleg å halde fram å drive barnehagen.

Kombinasjonsklassen for elevar 16 -21 år utan grunnskolekompetanse

I samarbeid med fylket driv kommunen ein klasse ved Ishavsbyen for innvandrarungdom som kjem hit utan grunnskolekompetanse. Evalueringa viser at denne klassen fungerer svært godt. Det er høg gjennomføring og elevane trivst. Det er viktig for å få til integrering og få folk i arbeid. Eg er glad for at vi skal halde fram med dette tilbodet.

Kvalitets- og utviklingsmelding 2019 for seksjon skole

Dette er det sentralt bestemt at vi skal ha. Meldinga viser at lærartettleiken går opp i tromsøskolen og at bruken av spesialundervisning går ned. Begge delar er positivt.I tillegg viser elevundersøkinga lite mobbing. Dette er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid.

Ok , det får vere npok for denne gongen. Heile sakslista med lenke til saksdokumenta finn du under her. No må eg røre litt på ryggen min. Gamingstol er ikkje heile løysninga.

Sakslista

SaksnrSaksdokVedlegg
I0004/20Interpellasjon – Evakuer barna fra Moria nå
I0005/20Interpellasjon – Nordnorsk kunstmuseum
Ordinære saker
SaksnrSaksdokVedlegg
 0030/20Økning av lokal drivstoffavgift Tromsø kommune
 0031/20Plan 1875 – Detaljregulering for alpinanlegg i Håkøybotn, nedre del av Arctic Center Vedlegg (25)
 0032/20Plan 1879 – Finnheia alpinlandsby til endeling vedtakVedlegg (41)
 0033/20Plan 1856 – detaljregulering EidhaugenVedlegg (23)
 0034/20Plan 255 – Kommunedelplan for overvann 2019-2032Vedlegg (7)
 0035/20Effekter og resultater av prosjekter i ForbedringsprogrammetVedlegg (1)
 0036/20Anskaffelsesstrategi for Tromsø kommune 2020-2023Vedlegg (1)
 0037/20Nedleggelse av Tromvik barnehageVedlegg (1)
 0038/20Kombinasjonsklassen for elever 16 -21 år uten grunnskolekompetanseVedlegg (1)
 0039/20Kvalitets- og utviklingsmelding 2019 for seksjon skoleVedlegg (2)
 0040/20Orientering om kommunedirektørens løpende personalansvar, samt redegjørelse for kommunens restriktive ansettelsespolitikkVedlegg (1)
 0041/20Politisk behandling av reglement for arbeidsgiverutvalget, likestillingsutvalget og administrasjonsutvalget 2019-2023Vedlegg (3)
 0042/20Debattheftet 2020
 0043/20Finansrapport pr. 31. desember 2019 – Tromsø Havn KFVedlegg (2)
 0044/20Tromsø Havn – Lokal fartsforskrift i Tromsø kommunes sjøområdeVedlegg (2)
 0045/20Orientering om hastesaker behandlet av formannskapet
 0046/20Meddommerutvalget 2017-2020 – Fritak og nyvalg

Hovudbildet: Siri Uldal – Eget verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=43382694

Ei satsing på himmel og hav i Tromsø

Koronakrisa rammar ikkje likt. Nå sit nokon på heimekontor med vanleg lønn, mens mange av dei med servise- eller teknisk arbeid er permitterte, etterkvart med 62,4 % løn. Når smittespreiinga er kommet under kontroll, vil nokon ha arbeid å gå tilbake til mens andre har blitt arbeidslause. Før påske var det omtrent 4500 permiterte og arbeidsløse i Tromsø. Å sikre folk arbeid og inntekt er den aller viktigaste oppgåva framover. Så langt har de med minst fra før, blitt rammet hardast av denne krisen. Det kan ikkje vere resultatet som står igjen etter at krisen er over.

Vi veit ikkje enno når Coronakrisa er over, men det vi veit heilt sikkert er at krisa ikkje er over når viruset er borte. Vi kan og skal frå samfunnet si side sette i gang tiltak for å få aktiviteten i gang og få folk i arbeid. Det enklaste for kommunen er å forsere ein del byggeprosjekt for å få opp aktiviteten i dei bransjane. Vi satsar på at kommunen vil ha økonomisk rom til å få det på plass med hjelp frå staten.

Framtida for reiselivsnæringa

Men verken staten eller kommunen kan vedta at turistane skal komme attende. Det er ikkje urimeleg å tru at det vil ta tid før reiselivsbransjen er tilbake der den var før krisa traff oss. Noko kan kvar einskild av oss gjere gjennom å feriere i Noreg og nærområdet denne sommaren, og bruke dei tilboda som finst. Men kanskje skal vi og bruke dette opphaldet vi har i den store tilstrøyminga av gjestar til å gjere noko med infrastrukturen vår. Kanskje er dette rette tidspunktet til å bygge og tilrettelegge stiar, utfartsparkering, toalettfasilitetar og anna? Eg trur og vi no må ta eit felles initiativ frå reiselivsnæringa og kommunane i Nord-Noreg for å få på plass eigne statlege krisepakker for reiselivsnæringa. Eg heiar på utspelet frå Visit Tromsø om ei statleg krisepakke retta spesielt mot denne næringa.

Det aller viktigaste vi må gjere no er likevel å tenke på korleis vi vil at samfunnet skal sjå ut framover. Kva næringsliv og samfunn skal vi bygge for dei neste 30 til 50 åra? Vi må bruke denne krisa som eit startskot for eit grønnare næringsliv  – det vi skal leve av dei neste 50 åra.

Biomarin hovedstad

I Tromsø har vi allereie sett resultat av den biomarine satsinga. Fleire nye selskap har oppstått basert på slik kunnskap. Eg er sikker på at det marine og biologiske må vere ein grunnstein i det grønne framtidsnæringslivet i Tromsø og Nord-Noreg. Eg meiner at framtidige krisepakker frå staten ikkje kun kan vere å ta vare på det næringslivet vi allereie har, men må legge til rette for å utvikle nye næringar, nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Dei neste krisepakkane må derfor fylle opp dei kommunale næringsfonda, gje fylket større musklar i form av regionale utviklingsmidlar og gje universitet såkornpengar som kan løfte fram nye idear.

Foredling av fisken

Eg elskar ny teknologi og nye næringar. Men vi må ikkje gløyme den meir tradisjonelle fiskeri- og havbruksnæringa. Den er stor i Tromsø og har potensiale til å skape mykje større verdiar i Tromsø og i landsdelen. Tromsø er den største sjarkkommunen i landet. Det å ta vare på den minste flåten som leverer fersk fisk av høg kvalitet er svært viktig. Vi må i samla flokk kjempe mot kvotemeldinga til regjeringa som legg opp til at dei store skal bli større og at meir fisk skal frysast om bord og dermed like gjerne seljast til vidareforedling i Kina som i Oldervika. Frossen fisk gjer at dei lokale bedriftene våre mistar sitt fremste konkurransefortrinn – at dei ligg nær ressursane.

Vi må legge til rette for dei bedriftene som kjøper og produserer fersk fisk for lokale og internasjonale marknader i Tromsø. Det aller viktigaste vi kan gjere er å sikre oss nok leveransar av fersk høgkvalitets fisk. I den grad den kommunale økonomien gjer det mogleg må vi bidra til å sikre kvoter til fiskarane i kommunen. Og vi må ha gode fiskerihamner med leveringsmoglegheit.

Men den største mengda fisk som blir levert i Tromsø blir levert på fryselager. Det er meir enn to millionar tonn kvart år. Klarer vi å få til vidareforedling av berre ein brøkdel av denne fisken i Tromsø vil det skape store verdiar og arbeidsplassar.

Ein ny fiskeflåte – kven skal bygge den?

Fiskeflåten vår må ha rammer som gjer det mogleg å gå over til meir miljøvenleg drift. Vi veit at den minste flåten har lågast utslepp av CO2 per kg fanga fisk. Det betyr at det første og viktigaste er å sikre denne flåten, men fiskeflåten av alle storleikar slepp ut meir enn 27 000 tonn CO2 i Tromsø kvart år.

Vi må sikre at flåten har tilgang til landstraum og bidra til at lokale og regionale verft kan delta i ombygging eller nybygging av båtar med hybrid diesel-elektrisk.

Ei havbruksnæring for framtida

Også havbruksnæringa har eit enormt potensiale for å gjere drifta si meir miljøvenleg. Det er mange interessante konsept på veg. Vi må frå kommunen si side vere ekstremt tydelege på at vi forventar tre gonger null frå havbruksnæringa. Null lus, null rømming og null utslepp til sjø. Dersom vi kombinerer dette med landstraum til anlegga har vi tatt eit kjempesteg i retning ei oppdrettsnæring vi kan vere stolte av i framtida. I tillegg kan oppsamla slam gå inn i energiproduksjon eller som ingrediens i fôrproduksjon.

Lokal fôrproduksjon kan bli verkeleg stort. Planktonproduksjon, insekt etc som del av fôret til laksen må vi no få på plass incentiv for å få bygd opp.

Hav, men og himmel

I Tromsø må ein del av ein ny pakke vere å støtte opp det vellykka næringslivet vi har. Romnæringa er ein del av dette. Derfor må vi no arbeide for å få flytta Norsk Romsenter til Tromsø. Det å halde fram med å bygge opp Tromsø som den norske romhovudstaden vil kunne gje svært god avkasting. I samarbeid mellom Andenes og Tromsø ligg det eit grunnlag for å skape spennande arbeidsplassar og ny næring. Dette er og i tråd med Universitetet si satsing. I eit møte med tromsbenken på Stortinget tok Universitetet opp nettopp dette at Norsk Romsenter bør flyttast til Tromsø. Det bør vi gjere, men gjerne delt mellom Tromsø og Andenes.

Potensialet for å bygge nye arbeidsplassar i Tromsø og i Nord-Noreg er enormt. Jobben vår når viruset er borte er å sikre kapital og kunnskap til å få realisert dette potensialet – ei grøn og verdiskapande framtid er mogleg. Det vi skal leve av i Tromsø er himmel og hav. Vi har alle føresetnader for å få det til

Foto: http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Arctica_surface.jpg

Viktig støtte – men vi burde stille krav til bedriftene

Det er fantastisk og viktig at Stortinget no gjev kontantstøtte til bedrifter som slit. Vi må gjere det vi kan for at vi skal komme ut på andre sida av denne koronakrisa med eit næringsliv som kan produsere det vi treng, som kan selje oss det vi treng, som kan skape verdiar og arbeidsplassar. Ja om noko har denne krisa lært oss at vi treng meir produksjon i Noreg og at vi har gjort oss alt for avhengige av internasjonale verdikjeder der vi plutseleg er utan det vi treng i krisetider.

Men når vi – det norske samfunnet – skal bruke 50 milliardar i månaden på å støtte næringslivet vårt er det for meg fullstendig uforståeleg, på grense til galskap at vi ikkje set strenge vilkår for korleis denne støtta skal brukast.

  • SV har foreslått har det ikkje skal vere lov å ta ut utbytte til privat berikelse når du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet har sagt nei
  • SV har foreslått at du ikkje skal kunne seie opp folk så lenge du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet seier nei.
  • SV har foreslått at leiarløner og godtgjering til styremedlemmer ikkje skal kunne auke meir enn lønsveksten i samfunnet medan du får kontantstøtte frå oss alle – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at kontantstøtten skal gå til seriøse bedrifter – dei som har fast ansatte, ikkje er dømt for arbeidslivskriminalitet osb – regjeringa og stortingsfleirtalet meiner det ikkje er naudsynt.
  • SV har foreslått at vi skal ha reglar mot at kontantoverføringane til bedriftane ikkje skal førast ut av landet – det synst ikkje regjeringa og stortingsfleirtalet er greitt.
  • SV har foreslått at vi skal få vite kven som mottar kontantstøtte – den informasjonen meiner regjeringa og stortingsfleirtalet at vi ikkje treng.

Det er heilt tydeleg at den regjeringa vi har er ei høgreregjering. Ei regjering som først og fremst er opptatt av at kapitalen og kapitaleigarane skal få sitt og vel så det. Dei er ikkje opptatt av samfunnet og vanlege folk. Det at dei får fleirtal for dette saman med Frp er ikkje overraskande, det partiet har aldri vore opptatt av folk flest.

Her finn du voteringsoversikta i Stortinget slik at du kan sjekke kven som stemte for kva.

Og her er alle forslaga i saka.

Burde vi vere redde for atomkrig?

Eg er ein av dei som vaks opp med redselen for ein altomfattande og altøydeleggande atomkrig. Som unge var det mange netter det var vanskeleg å få sove på grunn av redselen. Eg som mange andre pusta letta ut då den kalde krigen tok slutt. Redselen slapp taket og livet gjekk vidare. I fleire tiår tenkte eg ikkje på faren for atomkrig.

Dette er videoversjonen av denne bloggposten om du heller vil sjå og høyre enn lese.

Men det har endra seg. Den store endringa for min del kom då det vart aktuelt for allierte atomubåtar å komme og legge til kai i sentrum av Tromsø, berre nokre få kilometer frå det største og viktigaste sjukehuset i Nord-Noreg. Eit sjukehus som vil bli ubrukeleg dersom det skjer ei større ulykke med ein av desse båtane medan dei ligg til kai i Tromsø.

Då det kom oppslag i avisa iTromsø om at det planlagte anløpet i sommar ikkje blir noko av på grunn av coronakrisa pusta eg letta ut. Eg hadde lyst til å legge ut det oppslaget på facebook med teksten: «aldri så galt at det ikkje er godt for noko», men slo det frå meg. Man skal ikkje ta lettvint på coronaen.

Faksimile frå iTromsø
Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

Men det eg har oppdaga er at eg ikkje burde slutta å vere redd for atomkrig. For aldri før har det vore større fare for atomkrig enn det er akkurat no.

Atomvåpen er framleis ei av dei aller største farane på denne jorda. Framleis er atomvåpenarsenalet så stort at det kan utslette alt liv på jorda fleire gonger. Totalt er det over 13 000 atomstridshovud i verda. USA og Russland har 92% av desse.

Land Antal atomvåpen
Russland 6 370
USA 5 800
Frankrike 300
Kina 290
Storbritannia 215
Pakistan 150
India 130
Israel 80
Nord Korea 20
Kjelde http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Vitskapsfolka bak det såkalla dommedagsuret har i 2020 stilt uret til 100 sekund før midnatt. Aldri har det vore nærmare midnatt. (https://thebulletin.org/doomsday-clock/) enn det er no.

Dei skriv i rapporten for 2020:

“In the nuclear realm, national leaders have ended or undermined several major arms control treaties and negotiations during the last year, creating an environment conducive to a renewed nuclear arms race, to the proliferation of nuclear weapons, and to lowered barriers to nuclear war. Political conflicts regarding nuclear programs in Iran and North Korea remain unresolved and are, if anything, worsening. US-Russia cooperation on arms control and disarmament is all but nonexistent.”

Mi oversetting, «Innafor atomområdet har nasjonale leiarar avslutta eller undergravd fleire viktige våpenkontrollavtalar og forhandlingar det siste året. Det har skapt eit miljø for eit fornya våpenkappløp, spreiinga av atomvåpen og lågare barrierar mot atomkrig. Politiske konfliktar om atomprogramma i Iran og Nord-Korea er uløyste, og kanskje blitt verre. Samarbeid mellom USA og Russland om våpenkontroll og nedrusting er så godt som ikkjeeksisterande.»

I 2019 opphøyrte ein av dei aller viktigaste avtalane vi hadde om atomvåpen – avtale som la ned forbod mot mellomdistanserakettar. Dette er rakettar med atomvåpen som kan nå det aller meste av Europa i løpet av nokre få minutt. Det gjev ei enormt kort responstid noko som sjølvsagt aukar moglegheitene for mennesklege feil enormt. Det er ikkje tid til å sjekke om det er ein gåseflokk eller om det er atomrakettar radaren ser.

Noko av det som berga oss gjennom den kalde krigen utan at han vart varm var at alle visste at ingen ville vinne ein atomkrig. Det var MAD – Mutually assured destruction. Det er sjølvsagt galskap at vi blir berga av at vi veit at alt blir øydelagt, men det får så vere.

Nasjonalmuseet har opent digitalt, og der fann eg blant mykje anna denne skulpturen. Du kan sjå museet si side om denne skulpturen her: Uten tittel. Atom-minne,Kunstner:Jone Kvie, Datering:(2001),Betegnelse:Skulptur. Nasjonalmuseet oppgjev denne lisensen for bildet: Creative Commons Attribution Non-commercial (CC-BY-NC 4.0).

Det som er ekstra skummelt no er at både det amerikanske millitæret og det russiske millitæret seriøst tenkjer om korleis dei kan vinne ein atomkrig – ein såkalla begrensa atomkrig. Dei utviklar mindre, såkalla taktiske atomvåpen, som skal kunne brukast i ein begrensa atomkrig. Tanken er at dersom vi bruker eit lite atomvåpen vil fiende og berre bruke eit lite taktisk atomvåpen, og då kan vi bruke det på slagmarka for å vinne ein eller annan kamp. Og at det vil vere ein advarsel til den andre parten om å ikkje bruke store våpen for vi har vist vilje til å bruke små våpen og då vil vi sikkert bruke store våpen og. Såkalla escalate to deescalate

Dette er etter mi meining ei livsfarleg utvikling. Det å senke det barrierane, det å redusere det internasjonale tabuet mot å bruke atomvåpen av noko slag aukar risikoen for oss alle.

Det går an å sjå for seg at i ein krigs eller krisesituasjon på baltikum eller likande så vil Russland etter denne strategien bruke ei lita atombombe mot Ämari flybase i Estland der NATO sine fly er basert. Det er ganske aude så dei sivile tapa ville blitt begrensa (i atomkrigforsstand). Korleis skulle USA/NATO svart på noko slik. Kanskje med ei «lita» atombombe mot flyplassen Sesja, aust for Ukraina ganske aude.

Spørsmålet er, kva skjer etter dette. Er det mogleg å stoppe? Det er umogleg å vite. Det som er heilt sikkert at sjansen for ei feilvurdering i ein slik situasjon er kjempestore. Risikoen for at det skal gå alvorleg galt er skyhøg.

Det er ingen som veit om doktrinane i USA og Russland er endra og tilpassa bruk av små atombomber. Men det framstår som ganske sikkert at dette blir prøvd ut og vurdert i ulike «wargames» på begge sider.

Eg har ikkje tenkt å starte å gråte meg i svevn kvar kveld med tanke på faren for atomkrig. Det er så mykje vi kan vere redde for tida. Men eg meiner det er på tide at vi verkeleg tar atomspørsmålet på alvor i den politiske debatten igjen.

Derfor er eit besøk av amerikanske atomubåtar eit større spørsmål enn berre om kva som skjer dersom det skulle vere eit uhell med ein av desse båtane. Dette handlar om korleis dei russiske styresmaktene oppfattar dette. Er det ein trussel, og ikkje minst er spørsmålet om dette gjer Tromsø til eit «legitimt» mål i ein escalate to deescalate situasjon.

Eg er veldig glad for at Tromsø kommunestyret har vore veldig tydeleg på at vi ikkje ønsker desse atomubåtane til kai i Tromsø. Eg er og veldig stolt av at Tromsø har slutta seg til ICAN sin kampanje for ei atomvåpenfri verd.

Eg skulle berre ønska at også Noreg slutta seg til det internasjonale forbodet mot atomvåpen. Eg trur ikkje at eit sånt internasjonalt forbod vil fjerne atomvåpen, men det vi såg med forbodet mot personellmine og klasevåpen er at våpna ikkje vart borte, men dei vart lagt på lager og lite brukt. Det kan vi i alle fall oppnå med eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Vi kan gjere tabuet mot bruk sterkare. Vi kan kanskje bidra til å hindre ei allminneleggjering av «små» atomvåpen.

Derfor, ver med å still kravet om at Noreg skal slutte seg til det inernasjonale forbodet mot atomvåpen. Det kan du gjere gjennom å signere dette oppropet: https://neitilatomvapen.org/norsk-stotte-til-fns-atomvapenforbud/

Kjelder:

https://fas.org/blogs/security/2020/01/w76-2deployed/

https://www.theguardian.com/world/2019/jun/19/nuclear-weapons-pentagon-us-military-doctrine

https://www.theguardian.com/world/2020/feb/24/limited-nuclear-war-game-us-russia

https://fas.org/sgp/crs/nuke/R45861.pdf

https://www.icannorway.no/

https://neitilatomvapen.org/norsk-stotte-til-fns-atomvapenforbud/

http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Forsidebildet: U.S. Navy photo by Photographer’s Mate 2nd Class Lynn Friant / Public domain / https://commons.wikimedia.org/wiki/File:US_Navy_060411-N-1810F-001_The_Ohio-class_guided_missile_submarine_USS_Florida_(SSGN_728)_makes_her_way_through_Cumberland_Sound_to_Naval_Submarine_Base_Kings_Bay.jpg