USS Florida (SSGN 728) makes her way through Cumberland Sound en route to Naval Submarine Base Kings Bay April 11. USS Florida will be officially welcomed to her new home in Kings Bay with a return to service ceremony scheduled for May 25 in Mayport, Fla. USS Florida is the second of four SSBN submarines to be converted to the guided missile (SSGN) platform. (U.S. Navy photo by Photographer's Mate 2nd Class Lynn Friant) (Released).

Burde vi vere redde for atomkrig?

Eg er ein av dei som vaks opp med redselen for ein altomfattande og altøydeleggande atomkrig. Som unge var det mange netter det var vanskeleg å få sove på grunn av redselen. Eg som mange andre pusta letta ut då den kalde krigen tok slutt. Redselen slapp taket og livet gjekk vidare. I fleire tiår tenkte eg ikkje på faren for atomkrig.

Dette er videoversjonen av denne bloggposten om du heller vil sjå og høyre enn lese.

Men det har endra seg. Den store endringa for min del kom då det vart aktuelt for allierte atomubåtar å komme og legge til kai i sentrum av Tromsø, berre nokre få kilometer frå det største og viktigaste sjukehuset i Nord-Noreg. Eit sjukehus som vil bli ubrukeleg dersom det skjer ei større ulykke med ein av desse båtane medan dei ligg til kai i Tromsø.

Då det kom oppslag i avisa iTromsø om at det planlagte anløpet i sommar ikkje blir noko av på grunn av coronakrisa pusta eg letta ut. Eg hadde lyst til å legge ut det oppslaget på facebook med teksten: «aldri så galt at det ikkje er godt for noko», men slo det frå meg. Man skal ikkje ta lettvint på coronaen.

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

Men det eg har oppdaga er at eg ikkje burde slutta å vere redd for atomkrig. For aldri før har det vore større fare for atomkrig enn det er akkurat no.

Atomvåpen er framleis ei av dei aller største farane på denne jorda. Framleis er atomvåpenarsenalet så stort at det kan utslette alt liv på jorda fleire gonger. Totalt er det over 13 000 atomstridshovud i verda. USA og Russland har 92% av desse.

Land Antal atomvåpen
Russland 6 370
USA 5 800
Frankrike 300
Kina 290
Storbritannia 215
Pakistan 150
India 130
Israel 80
Nord Korea 20
Kjelde http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Vitskapsfolka bak det såkalla dommedagsuret har i 2020 stilt uret til 100 sekund før midnatt. Aldri har det vore nærmare midnatt. (https://thebulletin.org/doomsday-clock/) enn det er no.

Dei skriv i rapporten for 2020:

“In the nuclear realm, national leaders have ended or undermined several major arms control treaties and negotiations during the last year, creating an environment conducive to a renewed nuclear arms race, to the proliferation of nuclear weapons, and to lowered barriers to nuclear war. Political conflicts regarding nuclear programs in Iran and North Korea remain unresolved and are, if anything, worsening. US-Russia cooperation on arms control and disarmament is all but nonexistent.”

Mi oversetting, «Innafor atomområdet har nasjonale leiarar avslutta eller undergravd fleire viktige våpenkontrollavtalar og forhandlingar det siste året. Det har skapt eit miljø for eit fornya våpenkappløp, spreiinga av atomvåpen og lågare barrierar mot atomkrig. Politiske konfliktar om atomprogramma i Iran og Nord-Korea er uløyste, og kanskje blitt verre. Samarbeid mellom USA og Russland om våpenkontroll og nedrusting er så godt som ikkjeeksisterande.»

I 2019 opphøyrte ein av dei aller viktigaste avtalane vi hadde om atomvåpen – avtale som la ned forbod mot mellomdistanserakettar. Dette er rakettar med atomvåpen som kan nå det aller meste av Europa i løpet av nokre få minutt. Det gjev ei enormt kort responstid noko som sjølvsagt aukar moglegheitene for mennesklege feil enormt. Det er ikkje tid til å sjekke om det er ein gåseflokk eller om det er atomrakettar radaren ser.

Noko av det som berga oss gjennom den kalde krigen utan at han vart varm var at alle visste at ingen ville vinne ein atomkrig. Det var MAD – Mutually assured destruction. Det er sjølvsagt galskap at vi blir berga av at vi veit at alt blir øydelagt, men det får så vere.

Nasjonalmuseet har opent digitalt, og der fann eg blant mykje anna denne skulpturen. Du kan sjå museet si side om denne skulpturen her: Uten tittel. Atom-minne,Kunstner:Jone Kvie, Datering:(2001),Betegnelse:Skulptur. Nasjonalmuseet oppgjev denne lisensen for bildet: Creative Commons Attribution Non-commercial (CC-BY-NC 4.0).

Det som er ekstra skummelt no er at både det amerikanske millitæret og det russiske millitæret seriøst tenkjer om korleis dei kan vinne ein atomkrig – ein såkalla begrensa atomkrig. Dei utviklar mindre, såkalla taktiske atomvåpen, som skal kunne brukast i ein begrensa atomkrig. Tanken er at dersom vi bruker eit lite atomvåpen vil fiende og berre bruke eit lite taktisk atomvåpen, og då kan vi bruke det på slagmarka for å vinne ein eller annan kamp. Og at det vil vere ein advarsel til den andre parten om å ikkje bruke store våpen for vi har vist vilje til å bruke små våpen og då vil vi sikkert bruke store våpen og. Såkalla escalate to deescalate

Dette er etter mi meining ei livsfarleg utvikling. Det å senke det barrierane, det å redusere det internasjonale tabuet mot å bruke atomvåpen av noko slag aukar risikoen for oss alle.

Det går an å sjå for seg at i ein krigs eller krisesituasjon på baltikum eller likande så vil Russland etter denne strategien bruke ei lita atombombe mot Ämari flybase i Estland der NATO sine fly er basert. Det er ganske aude så dei sivile tapa ville blitt begrensa (i atomkrigforsstand). Korleis skulle USA/NATO svart på noko slik. Kanskje med ei «lita» atombombe mot flyplassen Sesja, aust for Ukraina ganske aude.

Spørsmålet er, kva skjer etter dette. Er det mogleg å stoppe? Det er umogleg å vite. Det som er heilt sikkert at sjansen for ei feilvurdering i ein slik situasjon er kjempestore. Risikoen for at det skal gå alvorleg galt er skyhøg.

Det er ingen som veit om doktrinane i USA og Russland er endra og tilpassa bruk av små atombomber. Men det framstår som ganske sikkert at dette blir prøvd ut og vurdert i ulike «wargames» på begge sider.

Eg har ikkje tenkt å starte å gråte meg i svevn kvar kveld med tanke på faren for atomkrig. Det er så mykje vi kan vere redde for tida. Men eg meiner det er på tide at vi verkeleg tar atomspørsmålet på alvor i den politiske debatten igjen.

Derfor er eit besøk av amerikanske atomubåtar eit større spørsmål enn berre om kva som skjer dersom det skulle vere eit uhell med ein av desse båtane. Dette handlar om korleis dei russiske styresmaktene oppfattar dette. Er det ein trussel, og ikkje minst er spørsmålet om dette gjer Tromsø til eit «legitimt» mål i ein escalate to deescalate situasjon.

Eg er veldig glad for at Tromsø kommunestyret har vore veldig tydeleg på at vi ikkje ønsker desse atomubåtane til kai i Tromsø. Eg er og veldig stolt av at Tromsø har slutta seg til ICAN sin kampanje for ei atomvåpenfri verd.

Eg skulle berre ønska at også Noreg slutta seg til det internasjonale forbodet mot atomvåpen. Eg trur ikkje at eit sånt internasjonalt forbod vil fjerne atomvåpen, men det vi såg med forbodet mot personellmine og klasevåpen er at våpna ikkje vart borte, men dei vart lagt på lager og lite brukt. Det kan vi i alle fall oppnå med eit internasjonalt forbod mot atomvåpen. Vi kan gjere tabuet mot bruk sterkare. Vi kan kanskje bidra til å hindre ei allminneleggjering av «små» atomvåpen.

Derfor, ver med å still kravet om at Noreg skal slutte seg til det inernasjonale forbodet mot atomvåpen. Det kan du gjere gjennom å signere dette oppropet: https://neitilatomvapen.org/norsk-stotte-til-fns-atomvapenforbud/

Kjelder:

https://fas.org/blogs/security/2020/01/w76-2deployed/

https://www.theguardian.com/world/2019/jun/19/nuclear-weapons-pentagon-us-military-doctrine

https://www.theguardian.com/world/2020/feb/24/limited-nuclear-war-game-us-russia

https://fas.org/sgp/crs/nuke/R45861.pdf

https://www.icannorway.no/

https://neitilatomvapen.org/norsk-stotte-til-fns-atomvapenforbud/

http://www.ploughshares.org/world-nuclear-stockpile-report

Forsidebildet: U.S. Navy photo by Photographer’s Mate 2nd Class Lynn Friant / Public domain / https://commons.wikimedia.org/wiki/File:US_Navy_060411-N-1810F-001_The_Ohio-class_guided_missile_submarine_USS_Florida_(SSGN_728)_makes_her_way_through_Cumberland_Sound_to_Naval_Submarine_Base_Kings_Bay.jpg

Dette innlegget har ein kommentar

  1. Liv Marie Austrem

    Godt innlegg.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.