Siste kommunestyremøte før sommaren

Det kjem til å bli eit intenst siste kommunestyremøte før sommaren. «Heldigvis» har eg meldt forfall til siste delen av møtet fordi eg skal på avslutninga etter 10. klasse for sonen min. Det er mange interessante saker. Eg skal skrive litt om nokre av dei. I slutten av bloggposten er det liste over alle sakene med lenke til saksframlegga. Spør gjerne om det er noko du lurer på.

Kommuneplanens samfunnsdel

Den første saka er kommuneplanens samfunnsdel. Dette er det overordna styringsdokumentet for kommunen fram til 2032. Med eit såpass langt perspektiv og så mange tema vil det naturleg nok vere ein del generelle og overordna ting som står i denne planen.

Eg meiner at utkastet frå administrasjonen i all hovudsak er bra. Det er sjølvsagt mykje ein kunne tenkt seg å foreslå, men mykje av den konkrete politikken vil komme i seinare planar. Arealplanen som kjem seinare blir det nok meir debatt om. Den størst edebatten i denne saka er kor sterke føringar vi skal legge for arealplanen. Spsifikt har det vore diskutert i kor stor grad vi skal legge opp til transformasjon og endring av allereie bebygde område i Tromsø kontra å bygge ut på nye område. Dette må sjølvsagt vere ein balanse. Vi vil jo at for eksempel omårdet langs Stakkevollvegen skal byggast ut og om, men vi må og gje opning for andre område. Satsar på at vi klarer å finne balansen her.

Piggdekkavgift

Denne saka har eg skrive om her. Men i korte trekk handlar dette om korleis vi skal vekte at 3900 menneske i Tromsø bur i område med forurensa luft kontra det å be folk betale eit gebyr for å køyre med piggdekk.

Byvekstavtale – svar på brev frå samferdselsdepartementet

Arbeidet med byvekstavtale går sakte framover. Regjeringa har endeleg fastsett det nye nullvekstmålet som skal ligge til grunn for eventuelle forhandlingar med staten. Det er likevel ingen grunn til å tru at ein byvekstavtale er rett rundt hjørnet. Forhandlingar med staten kan tidlegast ta til seint i haust og det er mykje det skal snakkast om før det blir aktuelt med bompnegar.

I denne konkrete saka svarer vi at vi aksepterer staten sitt krav om 20% kommunal eigenandel i alle prosjekta langs kommunal veg, og at vi gjerne vil forhandle om kva prosjekt som skal vere med i ein avtale.

Nasjonal transportplan

Nasjonal transportplan er staten sitt verktøy for å prioritere alle samferdselsprosjekt i Noreg. I denne saka skal vi gje innspel på rapportane frå vegdirektorat, jernbaneverket, kystverket osb. For Tromsø er sjølvsagt E8, byvekstavtale, jernbane og flyplass og ny veg til flyplassen/ny tverrforbindelse viktige prosjekt.

Nye vedtekter for SFO

I denne saka blir vi nok ein gong ramma av pengemangel og må prioritere. Skal vi kutte i lærarstillingar eller skal vi kutte inn opningstida på SFO med ein halvtime? Sjølv om eg innser at det kan bli problematisk for nokre familiar så trur eg lærarar er viktigare.

Storgata

Det er snart 30 år sidan Storgata vart oppgradert og vi ser alle slitasjen på gata tydeleg. Det er naudsynt å få til ei oppgradering mellom Bispegata og Fredrik Langes gate. Det vil koste mellom 50 og 70 millionar. Det er pengar vi ikkje har akkurat no. Det betyr at vi må lappe og fikse litt enno ei stund medan vi jobbar med å få på plass eit prosjekt som vi har råd til og som vil sikre framkommelegheit for alle og eit triveleg sentrum.

Austadkvartalet

Eg synst dette prosjektet er litt for høgt og kunne gjerne vore finare. Samstundes vil det medføre ei viktig og god oppgradering av Søren Fløttmanns plass (området mellom SAS-hotellet, Ishavshotellet og Austadgården. Byutviklingsutvalet ville stille krav om arkitektkonkurranse på dette prosjektet. Det kan bli vanskeleg å få til ser det ut som. Dette må vi diskutere heilt fram til kommunestyremøtet.

Alle sakene

Det får halde for denne gongen. Her er heile sakslista. Spør om du lurer på noko.

Interpellasjonar
SaksnrSaksdok
0007/20Interpellasjon – Hvordan få til et bærekraftig løft for Ullsfjordområdet ved å satse på Lyngsalpan og sjøsamisk kultur?
0008/20Interpellasjon – Å leve sammen hele livet
Behandling av utvalgssak
SaksnrSaksdok
0076/20Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
0077/20Tiltaksutredningen for lokal luftkvalitet – vurdering av vedtatt handlingsplan til Miljødirektoratet
0078/20Bompengeforliket og konsekvenser for Tromsø. Brev fra SD januar 2020.
0079/20Transportetatenes innspill til Nasjonal transportplan 2022-2033
0080/20Evaluering av akuttberedskap i barnevernet vår 2020
0081/20Kvalitets – og utviklingsmelding fra seksjon barn og familie 2020
0082/20Revidering av vedtekter for skolefritidsordningen (SFO)
0083/20Revidering av vedtekter for Tromsø kommunes barnehager
0084/20Finansrapport pr. 31.12.2019
0085/20Endring av budsjett-/bevilgningsstruktur
0086/20Endring av betalingssatser i avdeling for helse og omsorg for 2020
0087/20Tromsø kirkelige fellesråd – Årsmelding og årsregnskap for 2019
0088/20Økonomirapport 1 – pr. mars 2020 – Tromsøbadet KF
0089/20Reviderte retningslinjer startlån og tilskudd
0090/20Opsjonsavtale mellom Tromsø kommune og Peab Eiendomsutvikling AS om omsorgsboliger i Inga Sparboes vei
0091/20Plan 1833- Detaljreguleringsplan Austadkvartalet
0092/201846 Nordbyen områderegulering Vedtak av del av plan som var unntatt rettsvirkning i tidligere vedtak
0093/20Plan 1834 Detaljregulering, SOLNESET FELT A1-A2 – Endelig Vedtak
0094/20Detaljreguleringsplan 1857 – Toftvegen 11 og 13, Hamna, 115/115 – Endelig vedtak
0095/20Endelig vedtak- plan 1847 – detaljregulering eiendommer i ringvegen, hamna
0096/20Klagebehandling, plan 1821, detaljregulering Stakkevollvegen
0097/20Politisk behandling av reglement for arbeidsgiverutvalget, likestillingsutvalget og administrasjonsutvalget 2019-2023
0098/20Valg av meddommere til Nord-Troms jordskrifterett
0099/20Valg av meddommere til Hålogaland lagmannsrett
0100/20Valg av meddommere til Nord-Troms tingrett
0101/20Meddommerutvalget 2017-2020 – Søknad om fritak og nyvalg
0102/20Styrevalg – Tromsø Havn KF
0103/20Rapport forprosjekt utbedring Storgata nord
0104/20Krav om lov lovlighetskontroll av sak 75/20 – «Lovlighetskontroll sak 32/20, plan 1879 Finnheia alpinlandsby»

Piggdekkavgift er ikkje hyggeleg, men det er naudsynt

Det er ikkje artig å be folk betale meir. Eg er derfor lite fornøgd med å vere med på å innføre piggdekkavgift. Men eg meiner at det er heilt naudsynt og at vi i realiteten ikkje har noko val.

Omtrent 3900 menneske i Tromsø bur slik til at dei kan bli utsett for helsefarlege mengdar svevestøv – støv som i all hovudsak kjem frå piggdekk som slår mot asfalten. Vi kan ikkje ha det slik at mange i Tromsø blir sjuke av lufta dei pustar. I alle fall ikkje når vi faktisk kan gjere noko med det.

Dei viktigaste tiltaka vi no skal innføre er ikkje piggdekkavgifta. Dei viktigaste tiltaka er hyppigare og betre reingjering av gatene og vegane våre. Betre vintervedlikehald slik at det ikkje blir store støvdeponi når snøen smeltar. Betre ventilasjon i tunellane slik at vi får støvet vekk. Salte med ein type salt som bind støvet slik at det ikkje svever av garde.

Men det alle desse tiltaka har til felles er at dei kostar pengar. 36 millionar i første omgang fordi vi må kjøpe ein del nytt utstyr, etterkvart ca 24 millionar i året. Det må til for å få ned mengda helseskadeleg støv.

Og, det er ingen plassar å finne desse pengane i kommunekassa om vi ikkje tar dei anten frå skolane, frå barnehagane eller frå helse og omsorg.

Dette er verkelegheita. Eg liker det ikkje, men slik er det.

I tilegg så veit vi at piggdekkavgift vil føre til at fleire vel piggfrie dekk. Dersom ikkje fleire vel å køyre med piggfrie dekk så vil sannsynlegvis dei tiltaka vi må sette i verk bli enno dyrare.

Så, det er ikkje for å vere jævlege vi vel å innføre piggdekkavgift. Det er ikkje fordi vi liker å plage folk med avgifter. Det er ikkje for at det skal bli vanskelegare å komme seg opp og ned bakkane i Tromsø vi innfører piggdekkavgift.

Det er for å sikre helsa til familiane som bur i område med store mengder støv. Det er for å hindre at dei 980 kiloa med støv som blir sliten vekk frå Stakkevollvegen kvar dag i piggdekksesongen skal hamne i lungene til barn i Tromsø.

Det er valet. Ei avgift som du kan unngå ved å køyre piggfritt. Eller ei luft som er skadeleg for mange av innbyggarane i Tromsø.

Eg veit kva eg vel – kva vel du?

Sentrumsplan og mobilfrie skolar – sakene i hovudutvala denne veka

Illustrasjon Austadkvartalet

Det er eit stort spenn av saker som vi skal ta stilling til i veka som kjem. Denne veka er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Nokre saker blir avgjort der, men dei aller fleste skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Det er mange saker, men ein god del av dei skal diskuterast i alle utvala.

Dei som møtes først er kommune og byutviklingsutvalet. Dei møtest allereie i morgon, tysdag 2. juni.

Sakene til byutviklingsutvalet

Saksdok

Kommuneplanens samfunnsdel skal diskuterast i alle utvala. Dette skal vere den overordna strategiske planen for kommunen. Denne er blitt god. Det er likevel nokre ting som kunne vore betre.

Eg kunne ønska meg eit sterkare fokus på arbeid og arbeidsplassar som det kanskje aller viktigaste for å oppnå inkludering i samfunnet og små skilnader mellom folk. Tromsø har vore velsigna med låg arbeidsløyse. Det kan kanskje endre seg no – i etterkant av koronaen.

Eg synst og vi kunne vore meir offensive på å utvide folkestyret. Det er rom i Tromsø kommune for å eksperimentere med nye metodar for medverknad. Det kan vere deltakande budsjettering, minipublics. Vi må i alle fall bevege oss framover – det er ikkje nok med folkemøter.

Sentrumsplanen

Sentrumsplanen fortener nok eit eiga innlegg. Det kjem etter kvart. I denne omgangen skal vi ikkje vedta planen, men legge den ut til offentleg ettersyn. Det er mykje å diskutere. Byggehøgder i sentrum blir alltid eit stridstema i Tromsø, men og blanding mellom bustader og næring. Kvar i sentrum skal folk bu og kor mykje folk skal det vere her? Eit tredje viktig tema er gatebruksplanen. Kvar skal bilane køyre, enn bussane og ikkje minst skal det vere fleire gågater og korleis lagar vi gode offentlege rom, torg og leikeplassar i sentrum.

Eg synst og det er ei vanskeleg avveging kor strikte vi skal vere. Er vi for strenge ender vi opp med ein plan der det vil bli gjeve mange dispensasjonar og planen fungerer ikkje. Er vi for slappe mistar vi styringa med korleis sentrum skal sjå ut.

Eg vil oppfordre alle til å delta i debatten fram til endeleg vedtak. Sentrumsplanen blir bere god om alle er med å meiner noko om korleis den skal bli.

Austadkvartalet

I denne saka er vi rett inne i korleis vi vil at sentrum skal sjå ut. Dette er detaljane der sentrumsplanen er det overordna. Eg har fått med meg at det går ein debatt om høgda her. Det er og ein debatt om korleis bygningar blir framstilt. På dette bildet ser det nye bygget gjennomsiktig ut. Slik blir det sjølvsagt ikkje. Det kan vere verd å minne om diskusjonen om Munchmuseet i Oslo eller Solseglet her i Tromsø.

Eg finn mange ting å like med denne planen, men synst kanskje høgda burde vore det same som SAS-hotellet heller enn the Edge.

Utbetring av Storgata

I denne saka blir vi bede om å velje mellom tre ulike måtar å oppgradere Storgata. Den billige som er lapping på dagens gate, ei skikkeleg oppgradering a la området ved Kirkeparken/Rødbanken eller ein mellomting. Eg er ganske sikker på at ei mellomløysning bli feil. Eg vil helst oppgradere skikkeleg, men korleis vi skal klare å finne 50 til 70 millionar til det prosjektet det veit eg ikkje. Så kanskje blir det berre lapping. Det ville vore trist

Kultur, idrett og friluftsliv.

Hovudutvalet for Kultur, idrett og friluftsliv har møte på onsdag og dette er sakslista:

Saksdok

Alle namnesakene ser greie ut. Statusrapporten om idrettsanlegga er ein fin gjennomgang. Eg synst det er artig at ein skal prøve å opne ishallen for rulleskøyter i sommar.

Friluft i Tromsdalen

Forvaltningsplanen for friluftsliv i Tromsdalen er ein stor og viktig plan. Der har utvalet hatt open høyring for å hente inn innspel. Eg fekk dessverre ikkje vore med på den høyringa, så eg er eigentleg ganske spent på korleis utvalet kjem til å konkludere i denne saka. Det er viktige val om korleis dei ulike delane av dalen skal tilretteleggast for friluftsliv.

Forøvrig tenkjer eg at det ikkje er grunnlag for å halde fram med pistolskyting i Tromsdalen.

Miljø, klima og samferdselsutvalet

Dette utvalet møter på torsdag, og sakslista er denne:

Saksdok

Piggdekkavgift

Det er vel sannsynleg at tiltaksutgreiinga for lokal luftkvalitet blir den største saka i dette møtet. I den saka ligg nok ein gong piggdekkavgifta til behandling.

Det er minst fem viktige fakta i denne saka.

  1. Periodevis er lufta i delar av Tromsø slik at helsa til folk blir påverka.
  2. For å gjere noko med det må vi koste og vaske meir, samt drive godt vedlikehald av vegane.
  3. Piggdekk er den viktigaste kjelda til helsefarleg støv.
  4. Kommunen har ikkje pengar til dei tiltaka vi bør sette i verk for å hindre støvspreiing
  5. Piggdekkavgift og dei andre tiltaka er samfunnsøkonomisk lønsame

Når alt det er sagt er dette ikkje ei enkel sak. Eg liker ikkje å legge avgift på folk. Og sjølv om det er samfunnsøkonomisk lønsamt så får ikkje vi dei pengane inn på konto. Piggdekkavgifta derimot går rett ut av kvar einskild sin konto.

Men vi har og eit heilt klart ansvar for helsa til folk. Alt i alt meiner eg det er rett å innføre piggdekkavgift i Tromsø. Vi kan sjølvsagt diskutere kor ofte og kor mykje vi er over grenseverdiane, vi kan diskutere kor mange som blir ramme av svevestøv. Men det må vere rett at den som forureinar betaler for seg, og dei tiltaka vi set i verk for å redusere svevestøv vil gjere byen betre for alle og vil gjere vegane våre betre for alle.

Bompengar

Dette er eit svar på eit brev frå departementet. I saka foreslår administrasjonen at kommune skal akseptere krava frå staten. Det vil seie at vi aksepterer ein 20% eigendel på prosjekta langs kommunal veg. Vi opnar og for å vurdere at det skal gå lengre tid mellom kvar gong du må betale i bommane på ettermiddagstid. I dagens vedtak er det ein time, no er det opna for tre timar. Det vil sjølvsagt minske inntektene til prosjektet og vil ikkje redusere biltrafikken så mykje. Men det vil og gjere det billigare for den som skal køyre ungar til trening og liknande.

Forøvrig er det framleis opent når det kan bli forhandlingar med staten om ein avtale. Det er og opent om dei store riksvegprosjekta kan finansierast utanfor avtale. Det gjeld ny tverrforbindelse i tunell og flyplassvegen.

Utdanning og oppvekst

Utdanning og oppvekstutvalet møter på fredag, og har desse sakene på sakslista:

Saksdok

Eg har ikkje sterke meiningar om mobilfri skole. Men eg har ungar heime som har svært sterke meiningar om dette. Eg er usikker på om eg tør komme heim om eg stemmer for dette.

Evalueringa av akuttberedskapen i barnevernet viser at den nye ordninga har fungert fint. Spørsmålet i denne saka som i så mange andre er sjølvsagt om verdien er verd kostnaden. I utgangspunktet trur eg det er det, men vi har mange gode tiltak også i barnevernet som skulle hatt meir pengar. Er dette rett pengebruk?

Helse og velferd

Helse- og velferdsutvalet møtes på måndag i neste veke. Dei har denne sakslista:

Saksdok

Startlån

Startlån er ei fantastisk ordning der folk som ikkje få lån gjennom venleg bank kan få lån gjennom kommunen til å skafef seg ein bustad. Det er 250 millionar i denne ordninga i Tromsø kvart år. Det er mindre enn behovet, så derfor må vi prioritere kven som skal få hjelp. Det er verd å merke seg at det er svært lite tap på denne ordninga. Folk betaler låna sine, sjølv om dei har dårleg råd.

Revidering skjer delvis fordi Husbanken har revidert sine retningslinjer. Det blir ei enno tydelegare prioritering av barnefamiliar.

Dette er den foreslåtte prioriteringslista:

  1. Barnefamilier som nå opplever utrygghet i fht bortfall av inntekt, og som står i fare for å miste bolig
  2. Barnefamilier uten fast, men med stabil inntekt innenfor yrker med god jobbsikkerhet
  3. Husstander med uføretrygdede
  4. Pensjonister, eldre uten mulighet for lån i ordinær bank

Dette er ei liste med færre kategoriar enn vi har no, samstundes har det vore slik at dei som har stått nedst på lista per i dag ikkje har nådd opp fordi det har vore for lite pengar. Eg lurer likevel på om ikkje nyetablerarar, også om dei ikkje har barn burde vore nummer fem på lista.

Betalingsatser

Dette er ikkje ei hyggeleg sak. Som ein del av arbeidet med å få kontroll på økonomien er det foreslått å auke ein del betalingssatsar. Dei har vore låge i Tromsø, derfor blir det her foreslått å auke det til same nivå som samanliknbare kommunar.

Den aukinga som er synst er vanskelegast å akseptere er innføringa av eigendel hos kommunale fysioterapeutar. Regjeringa gjorde dette på generelt plan for nokre år sidan for grupper som før hadde gratis fysioterapi, men vi har ikkje gjort det for dei som går hos kommunal fysioterapeut.

Eg meiner det regjeringa gjorde i 2017 var svært galt, og vil ikkje at kommune skal gjere det same. Eg håper og trur vi skal kunne klare å unngå i alle fall denne auken.

Akson

Akson er eit enormt nasjonalt IT-prosjekt for å få alle delar av helsetenesta til å snakke saman. Eg er svært skeptisk til slike enorme prosjekt. Det blir fort store overskridingar. Det er likevel vanskeleg for Tromsø å stille seg utanfor. Dette er uansett berre ein intensjonsavtale, vi bitt oss ikkje til å betale noko i denne saka.

Sluttord

OK, alt for denne gongen. Kom gjerne med innspel og spørsmål. Eit lite atterhald til slutt. Dette er skriven før vi har hatt gruppemøte så dette er mine meiningar. Partiet kan ende på andre standpunkt.