Piggdekkavgift er ikkje hyggeleg, men det er naudsynt

Det er ikkje artig å be folk betale meir. Eg er derfor lite fornøgd med å vere med på å innføre piggdekkavgift. Men eg meiner at det er heilt naudsynt og at vi i realiteten ikkje har noko val.

Omtrent 3900 menneske i Tromsø bur slik til at dei kan bli utsett for helsefarlege mengdar svevestøv – støv som i all hovudsak kjem frå piggdekk som slår mot asfalten. Vi kan ikkje ha det slik at mange i Tromsø blir sjuke av lufta dei pustar. I alle fall ikkje når vi faktisk kan gjere noko med det.

Dei viktigaste tiltaka vi no skal innføre er ikkje piggdekkavgifta. Dei viktigaste tiltaka er hyppigare og betre reingjering av gatene og vegane våre. Betre vintervedlikehald slik at det ikkje blir store støvdeponi når snøen smeltar. Betre ventilasjon i tunellane slik at vi får støvet vekk. Salte med ein type salt som bind støvet slik at det ikkje svever av garde.

Men det alle desse tiltaka har til felles er at dei kostar pengar. 36 millionar i første omgang fordi vi må kjøpe ein del nytt utstyr, etterkvart ca 24 millionar i året. Det må til for å få ned mengda helseskadeleg støv.

Og, det er ingen plassar å finne desse pengane i kommunekassa om vi ikkje tar dei anten frå skolane, frå barnehagane eller frå helse og omsorg.

Dette er verkelegheita. Eg liker det ikkje, men slik er det.

I tilegg så veit vi at piggdekkavgift vil føre til at fleire vel piggfrie dekk. Dersom ikkje fleire vel å køyre med piggfrie dekk så vil sannsynlegvis dei tiltaka vi må sette i verk bli enno dyrare.

Så, det er ikkje for å vere jævlege vi vel å innføre piggdekkavgift. Det er ikkje fordi vi liker å plage folk med avgifter. Det er ikkje for at det skal bli vanskelegare å komme seg opp og ned bakkane i Tromsø vi innfører piggdekkavgift.

Det er for å sikre helsa til familiane som bur i område med store mengder støv. Det er for å hindre at dei 980 kiloa med støv som blir sliten vekk frå Stakkevollvegen kvar dag i piggdekksesongen skal hamne i lungene til barn i Tromsø.

Det er valet. Ei avgift som du kan unngå ved å køyre piggfritt. Eller ei luft som er skadeleg for mange av innbyggarane i Tromsø.

Eg veit kva eg vel – kva vel du?

2 Replies to “Piggdekkavgift er ikkje hyggeleg, men det er naudsynt”

  1. Helt enig Pål Julius!

    Tror ikke det er noen vei tilbake. Her må bileierne selv vurdere alternativet eller betale for tiltakene som reduserer støvet/ plagene.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.