Det er eit stort spenn av saker som vi skal ta stilling til i veka som kjem. Denne veka er det møter i alle hovudutvala i Tromsø kommune. Nokre saker blir avgjort der, men dei aller fleste skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak. Det er mange saker, men ein god del av dei skal diskuterast i alle utvala.
Dei som møtes først er kommune og byutviklingsutvalet. Dei møtest allereie i morgon, tysdag 2. juni.
Sakene til byutviklingsutvalet
Saksdok
- Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
- Kommunedelplan for Tromsø Sentrum 2020-2032 PLANID 0225 – Vedtak om offentlig ettersyn
- Rapport forprosjekt utbedring Storgata nord
- Bompengeforliket og konsekvenser for Tromsø. Brev fra SD januar 2020.
- Transportetatenes innspill til Nasjonal transportplan 2022-2033
- 1846 Nordbyen områderegulering Vedtak av del av plan som var unntatt rettsvirkning i tidligere vedtak
- Plan 1833- Detaljreguleringsplan Austadkvartalet
- Plan 1910 – detaljregulering Lanesvegen 4, 119/769
- Detaljreguleringsplan 1857 – Toftvegen 11 og 13, Hamna, 115/115 – Endelig vedtak
- Plan 1834 Detaljregulering, SOLNESET FELT A1-A2 – Endelig Vedtak
- Klagebehandling, plan 1821, detaljregulering Stakkevollvegen
- Utbyggingsavtale Stakkevollvegen 11 – offentlig ettersyn
Kommuneplanens samfunnsdel skal diskuterast i alle utvala. Dette skal vere den overordna strategiske planen for kommunen. Denne er blitt god. Det er likevel nokre ting som kunne vore betre.
Eg kunne ønska meg eit sterkare fokus på arbeid og arbeidsplassar som det kanskje aller viktigaste for å oppnå inkludering i samfunnet og små skilnader mellom folk. Tromsø har vore velsigna med låg arbeidsløyse. Det kan kanskje endre seg no – i etterkant av koronaen.
Eg synst og vi kunne vore meir offensive på å utvide folkestyret. Det er rom i Tromsø kommune for å eksperimentere med nye metodar for medverknad. Det kan vere deltakande budsjettering, minipublics. Vi må i alle fall bevege oss framover – det er ikkje nok med folkemøter.
Sentrumsplanen
Sentrumsplanen fortener nok eit eiga innlegg. Det kjem etter kvart. I denne omgangen skal vi ikkje vedta planen, men legge den ut til offentleg ettersyn. Det er mykje å diskutere. Byggehøgder i sentrum blir alltid eit stridstema i Tromsø, men og blanding mellom bustader og næring. Kvar i sentrum skal folk bu og kor mykje folk skal det vere her? Eit tredje viktig tema er gatebruksplanen. Kvar skal bilane køyre, enn bussane og ikkje minst skal det vere fleire gågater og korleis lagar vi gode offentlege rom, torg og leikeplassar i sentrum.
Eg synst og det er ei vanskeleg avveging kor strikte vi skal vere. Er vi for strenge ender vi opp med ein plan der det vil bli gjeve mange dispensasjonar og planen fungerer ikkje. Er vi for slappe mistar vi styringa med korleis sentrum skal sjå ut.
Eg vil oppfordre alle til å delta i debatten fram til endeleg vedtak. Sentrumsplanen blir bere god om alle er med å meiner noko om korleis den skal bli.
Austadkvartalet
I denne saka er vi rett inne i korleis vi vil at sentrum skal sjå ut. Dette er detaljane der sentrumsplanen er det overordna. Eg har fått med meg at det går ein debatt om høgda her. Det er og ein debatt om korleis bygningar blir framstilt. På dette bildet ser det nye bygget gjennomsiktig ut. Slik blir det sjølvsagt ikkje. Det kan vere verd å minne om diskusjonen om Munchmuseet i Oslo eller Solseglet her i Tromsø.
Eg finn mange ting å like med denne planen, men synst kanskje høgda burde vore det same som SAS-hotellet heller enn the Edge.
Utbetring av Storgata
I denne saka blir vi bede om å velje mellom tre ulike måtar å oppgradere Storgata. Den billige som er lapping på dagens gate, ei skikkeleg oppgradering a la området ved Kirkeparken/Rødbanken eller ein mellomting. Eg er ganske sikker på at ei mellomløysning bli feil. Eg vil helst oppgradere skikkeleg, men korleis vi skal klare å finne 50 til 70 millionar til det prosjektet det veit eg ikkje. Så kanskje blir det berre lapping. Det ville vore trist
Kultur, idrett og friluftsliv.
Hovudutvalet for Kultur, idrett og friluftsliv har møte på onsdag og dette er sakslista:
Saksdok
- Status idretts- og aktivitetsanlegg under corona
- Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
- Rapport forprosjekt utbedring Storgata nord
- Tromsø kirkelige fellesråd – Årsmelding og årsregnskap for 2019
- Nordsamisk stedsnavn, Juhpa
- Navn på gatekoder i nytt felt mellom Kroken og Skjelnan
- Forvaltningsplan for friluftsliv i Tromsdalen 2020-2023
- Tromsdalen eiendom, 16/7 – Pistolskytebane – Dispensasjon
- Tromsdalen eiendom, 16/7 – Dispensasjon – avslag
Alle namnesakene ser greie ut. Statusrapporten om idrettsanlegga er ein fin gjennomgang. Eg synst det er artig at ein skal prøve å opne ishallen for rulleskøyter i sommar.
Friluft i Tromsdalen
Forvaltningsplanen for friluftsliv i Tromsdalen er ein stor og viktig plan. Der har utvalet hatt open høyring for å hente inn innspel. Eg fekk dessverre ikkje vore med på den høyringa, så eg er eigentleg ganske spent på korleis utvalet kjem til å konkludere i denne saka. Det er viktige val om korleis dei ulike delane av dalen skal tilretteleggast for friluftsliv.
Forøvrig tenkjer eg at det ikkje er grunnlag for å halde fram med pistolskyting i Tromsdalen.
Miljø, klima og samferdselsutvalet
Dette utvalet møter på torsdag, og sakslista er denne:
Saksdok
- Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
- Tiltaksutredningen for lokal luftkvalitet – vurdering av vedtatt handlingsplan til Miljødirektoratet
- Rapport forprosjekt utbedring Storgata nord
- Bompengeforliket og konsekvenser for Tromsø. Brev fra SD januar 2020.
- Transportetatenes innspill til Nasjonal transportplan 2022-2033
- 1846 Nordbyen områderegulering Vedtak av del av plan som var unntatt rettsvirkning i tidligere vedtak
- Høringsuttalelse – Endring i reglene for når det kan gis tillatelse til bruk av snøskuter til hytte
- Tromsdalen eiendom, 16/7 – Pistolskytebane – Dispensasjon
- Tromsdalen eiendom, 16/7 – Dispensasjon – avslag
Piggdekkavgift
Det er vel sannsynleg at tiltaksutgreiinga for lokal luftkvalitet blir den største saka i dette møtet. I den saka ligg nok ein gong piggdekkavgifta til behandling.
Det er minst fem viktige fakta i denne saka.
- Periodevis er lufta i delar av Tromsø slik at helsa til folk blir påverka.
- For å gjere noko med det må vi koste og vaske meir, samt drive godt vedlikehald av vegane.
- Piggdekk er den viktigaste kjelda til helsefarleg støv.
- Kommunen har ikkje pengar til dei tiltaka vi bør sette i verk for å hindre støvspreiing
- Piggdekkavgift og dei andre tiltaka er samfunnsøkonomisk lønsame
Når alt det er sagt er dette ikkje ei enkel sak. Eg liker ikkje å legge avgift på folk. Og sjølv om det er samfunnsøkonomisk lønsamt så får ikkje vi dei pengane inn på konto. Piggdekkavgifta derimot går rett ut av kvar einskild sin konto.
Men vi har og eit heilt klart ansvar for helsa til folk. Alt i alt meiner eg det er rett å innføre piggdekkavgift i Tromsø. Vi kan sjølvsagt diskutere kor ofte og kor mykje vi er over grenseverdiane, vi kan diskutere kor mange som blir ramme av svevestøv. Men det må vere rett at den som forureinar betaler for seg, og dei tiltaka vi set i verk for å redusere svevestøv vil gjere byen betre for alle og vil gjere vegane våre betre for alle.
Bompengar
Dette er eit svar på eit brev frå departementet. I saka foreslår administrasjonen at kommune skal akseptere krava frå staten. Det vil seie at vi aksepterer ein 20% eigendel på prosjekta langs kommunal veg. Vi opnar og for å vurdere at det skal gå lengre tid mellom kvar gong du må betale i bommane på ettermiddagstid. I dagens vedtak er det ein time, no er det opna for tre timar. Det vil sjølvsagt minske inntektene til prosjektet og vil ikkje redusere biltrafikken så mykje. Men det vil og gjere det billigare for den som skal køyre ungar til trening og liknande.
Forøvrig er det framleis opent når det kan bli forhandlingar med staten om ein avtale. Det er og opent om dei store riksvegprosjekta kan finansierast utanfor avtale. Det gjeld ny tverrforbindelse i tunell og flyplassvegen.
Utdanning og oppvekst
Utdanning og oppvekstutvalet møter på fredag, og har desse sakene på sakslista:
Saksdok
- Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
- Revidering av vedtekter for Tromsø kommunes barnehager
- Revidering av vedtekter for skolefritidsordningen (SFO)
- Evaluering av akuttberedskap i barnevernet vår 2020
- Kvalitets – og utviklingsmelding fra seksjon barn og familie 2020
- Mobilfri skole – prøveordning i Tromsø kommune
Eg har ikkje sterke meiningar om mobilfri skole. Men eg har ungar heime som har svært sterke meiningar om dette. Eg er usikker på om eg tør komme heim om eg stemmer for dette.
Evalueringa av akuttberedskapen i barnevernet viser at den nye ordninga har fungert fint. Spørsmålet i denne saka som i så mange andre er sjølvsagt om verdien er verd kostnaden. I utgangspunktet trur eg det er det, men vi har mange gode tiltak også i barnevernet som skulle hatt meir pengar. Er dette rett pengebruk?
Helse og velferd
Helse- og velferdsutvalet møtes på måndag i neste veke. Dei har denne sakslista:
Saksdok
- Rapport forprosjekt utbedring Storgata nord
- Reviderte retningslinjer startlån og tilskudd
- Vedtak av kommuneplanens samfunnsdel med arealstrategi 2020-2032
- Endring av betalingssatser i avdeling for helse og omsorg for 2020
- Intensjonserklæring – Akson Intensjonserklæring for Akson
Startlån
Startlån er ei fantastisk ordning der folk som ikkje få lån gjennom venleg bank kan få lån gjennom kommunen til å skafef seg ein bustad. Det er 250 millionar i denne ordninga i Tromsø kvart år. Det er mindre enn behovet, så derfor må vi prioritere kven som skal få hjelp. Det er verd å merke seg at det er svært lite tap på denne ordninga. Folk betaler låna sine, sjølv om dei har dårleg råd.
Revidering skjer delvis fordi Husbanken har revidert sine retningslinjer. Det blir ei enno tydelegare prioritering av barnefamiliar.
Dette er den foreslåtte prioriteringslista:
- Barnefamilier som nå opplever utrygghet i fht bortfall av inntekt, og som står i fare for å miste bolig
- Barnefamilier uten fast, men med stabil inntekt innenfor yrker med god jobbsikkerhet
- Husstander med uføretrygdede
- Pensjonister, eldre uten mulighet for lån i ordinær bank
Dette er ei liste med færre kategoriar enn vi har no, samstundes har det vore slik at dei som har stått nedst på lista per i dag ikkje har nådd opp fordi det har vore for lite pengar. Eg lurer likevel på om ikkje nyetablerarar, også om dei ikkje har barn burde vore nummer fem på lista.
Betalingsatser
Dette er ikkje ei hyggeleg sak. Som ein del av arbeidet med å få kontroll på økonomien er det foreslått å auke ein del betalingssatsar. Dei har vore låge i Tromsø, derfor blir det her foreslått å auke det til same nivå som samanliknbare kommunar.
Den aukinga som er synst er vanskelegast å akseptere er innføringa av eigendel hos kommunale fysioterapeutar. Regjeringa gjorde dette på generelt plan for nokre år sidan for grupper som før hadde gratis fysioterapi, men vi har ikkje gjort det for dei som går hos kommunal fysioterapeut.
Eg meiner det regjeringa gjorde i 2017 var svært galt, og vil ikkje at kommune skal gjere det same. Eg håper og trur vi skal kunne klare å unngå i alle fall denne auken.
Akson
Akson er eit enormt nasjonalt IT-prosjekt for å få alle delar av helsetenesta til å snakke saman. Eg er svært skeptisk til slike enorme prosjekt. Det blir fort store overskridingar. Det er likevel vanskeleg for Tromsø å stille seg utanfor. Dette er uansett berre ein intensjonsavtale, vi bitt oss ikkje til å betale noko i denne saka.
Sluttord
OK, alt for denne gongen. Kom gjerne med innspel og spørsmål. Eit lite atterhald til slutt. Dette er skriven før vi har hatt gruppemøte så dette er mine meiningar. Partiet kan ende på andre standpunkt.