Eg er veldig glad for at Høgres Stortingsrepresentant Kent Gudmundsen er så positiv til jernbane frå Narvik til Tromsø i sitt innlegg i iTromsø 28. august. Eg er samd med han i mange av tankane han gjer seg – særleg fokuset på oppgradering av Ofotbanen. Det at både Høgre og Ap no kjem med positive signal om banebygging betyr at eg er meir optimistisk enn på lenge.
Eg er likevel usamd med Gudmundsen at vi kan sjå Tromsbanen isolert frå strekninga Fauske til Narvik. Det å bygge heile banen frå Fauske til Tromsø og planlagt for forlenging nordover og austover vil gje samla best samfunnsnytte. Det er tre hovudgrunnar til dette:
Ein bane frå Fauske til Tromsø vil binde landsdelen saman og kople dei nordlegaste delane på eit nasjonalt jernbanesystem. Denne samanbindinga vil gje sterke vekstimpulsar både til Bodø, Tromsø og Harstad/Narvik-regionen. Det treng vi.
Ein bane frå Fauske til Tromsø vil ha betydeleg større potensiale for passasjertrafikk enn Narvik- Tromsø med påkopling til det svenske nettet. Det reiser svært mange passasjerar med fly på strekninga Bodø-Tromsø. Ein bane bygd for 300 kmt vil ta store delar av passasjertrafikken. Fleire passasjerar totalt betyr hyppigare avgangar og større nytte også mellom Narvik og Tromsø.
Ein ny høgfartsbane mellom Fauske og Tromsø vil styrke Nordlandsbanen og auke presset på å få oppdatert denne banen til ein moderne jernbane med større fart og høgare kapasitet.
Ein bane gjennom Noreg vil ha betydeleg kortare fraktavstand til kontinentet enn ein bane gjennom Sverige. Frå Narvik vil det vere ca 250 km kortare gjennom Noreg enn gjennom Sverige.
Full nytte av ein bane får vi ikkje før den blir ein del av det nasjonale jernbanenettet. Det er ingen tvil om at ein bane frå Fauske vil gje større fordelar og større samfunnsnytte – spesielt på passasjersida. For ein del gods vil ein bane frå Narvik til Tromsø vere tilstrekkeleg, men skal vi først bygge nytt er det ikkje nok at det er tilstrekkeleg. Det kan godt vere rett å starte bygginga på delstrekninga frå Narvik til Tromsø og med sidearm til Harstad , men det målet må vere å bygge heile banen.
Sommaren er over og 26. august er det kommunestyremøte i Tromsø. Her skriv eg litt om sakene, og inviterer deg til å stille spørsmål eller komme med innspel.
Dette skriv eg før vi har hatt gruppemøte i SV. Det eg skriv er mine meiningar og gruppemøtet kan komme til andre konklusjonar.
Mange hadde gledd seg og gruva seg til Arctic Center saka i dette kommunestyremøtet. Den saka kjem ikkje opp no. Det skal vere befaring på Finnheia 2. september, noko som betyr at den saka kjem opp i kommunestyremøtet i september.
Den saka som nok flest v dokker har meiningar om i dette kommunestyret er E8. Vi er invitert til å vedta reguleringsplan for E8 vestre trase. Det finst mange gode argument for å velje austre trase framfor vestre trase. Det finst og mange gode argument for å velje vestre trase framfor austre trase. I denne sak er det ulike meiningar i kommunestyregruppa til SV.
Eg meiner at det er på tide å legge 40 år med strid bakom seg. Dersom vi no vedtar reguleringsplanen for E8 Vestre trase kan bygginga komme i gang raskt. Staten har gjort det heilt klårt at dei ønsker vestre trase. Det å skifte til austre eller starte ein lang trasedebatt no er ei oppskrift på å utsette vegen nok ein gong. Det er mange nok som kjempar om samferdselskronene i Noreg. Vi kan ikkje gje dei argumentar for å nedprioritere E8 nok ein gong.
Sjølv om eg er samd i mange av argumenta til Gunhild Johansen i dette innlegget så er eg sterkt usamd i konklusjonen. Det er viktigare å få bygd vegen enn å diskutere dei trass alt ganske små skilnadane mellom traseane.
Dessutan har vestre trase nokre heilt klåre fordelar:
Vestre trase er kortare enn austre trase
Vestre trase er billigare enn austre trase
Vestre trase stenger ikkje for ein framtidig tindtunell
Min konklusjon er heilt klår. Vi må vedta denne planen og få bygd ny innfartsveg til Tromsø.
Rekneskapen
Eg er veldig glad for at det er staten som skal betale for E8, for Tromsø kommune sin rekneskap er ikkje lystig lesing. Tromsø kommune hadde eit underskott på 56 millionar i 2019 etter at vi salderte med dei siste restane av sparepengar som kommunen hadde. Dette understrekar at kommunen framleis er i ein svært vanskeleg situasjon. Vi kjem ikkje unna å måtte gjere ting på ein billigare og forhåpentlegvis betre måte. Det er eit pågåande arbeid, og eg meiner vi er på rett veg. Det kan illustrerast gjennom at sjølv om pleie og omsorg gjekk langt over budsjettet klarte vi å drive for mindre pengar i 2019 enn i 2018.
Eg skulle berre ønske at det gjekk raskare å få kontroll over økonomien.
Retningslinjene for servering av alkohol mm.
Skal det vere lov å skjenke alkohol på Jekta? Det har vore ein diskusjon ei god stund. Egon har søkt om skjenkeløyve til ein restaurant på Jekta. Til no har dei fått nei til slik skjenking. Retningslinene har sagt at vi ikkje skal ha skjenking på kjøpesenter.
Det er mange som har vore usamde i dette og har ønska seg at det skal opnast for skjenking på kjøpesenter.
Eg er skeptisk. Eg meiner det er rett at ein god del arenaer skal vere alkoholfrie. Eg kan likevel gå for det kompromisset som ligg der no. Det vil framleis vere forbod mot skjenking midt inne i kjøpesenter, men det kan opnast for skjenking dersom lokalet er klart avgrensa og har eigen inngang.
I tillegg er eg glad for at det ser ut til at vi finn ein måte å stille krav til lønsvilkår som gjer at du må følgje den allmenngjorde tariffen for å få skjenkeløyve i Tromsø.
Skytebane nok ein gong
Benjamin Notkevich gjer ein fantastisk jobb med skytebaneutvalet, men å finne ein stad for skytebane i Tromsø er vanskeleg. Det er ingen som ønsker ein skytebane i nærleiken av der dei bur.
Administrasjonen innstiller i denne saka på å ikkje gå vidare med skytebane på Langmoen ved Breivikeidet. Eg trur det er rett. Men spørsmålet blir. Kva gjer vi så?
Eg ser tre alternativ:
Ikkje bygge eit sentralskyteanlegg, men velje ei desentralisert løysning der dei ulike skytedisplinane blir på ulike stader. Det blir mindre omfattande anlegg som det blir enklare å finne plass til.
Gå tilbake til eit av dei tidlegare avviste alternativa. Kanskje er Simavika det beste alternativet dersom vi klarer å finne løysningar som ikkje trugar drikkevasskjeldene våre.
Gje opp
Reelt trur eg vi må velje mellom alternativ 1 eller 2. Eg er enno ikkje sikker på kva som er rett val.
Yttertøy til tilsette i heimetenesten i Tromsø
Tromsø er ein vinterby. Då burde dei tilsette i heimetenesten kunne forvente at arbeidsgjevaren stiller med yttertøy. Det håper eg vi kan få på plass med denne saka.
Takk til Mari-Ann Benonisen frå Ap som har løfta denne saka inn i kommunestyret.
Dei andre sakene
Det får halde for denne gongen. Alle sakene er lista opp under. Still meg gjerne spørsmål om du lurer på noko, eller kom med innspel på sakene.
Saksdok
Innstilling (forslag til kva kommunestyret skal vedta)
Tromsø Havnestyret legger med dette fram årsregnskapet og årsberetning for 2019 med følgende innstilling: 1. Tromsø havnestyre godkjenner årsregnskap og årsberetning for Tromsø Havn KF for 2019. 2. Tromsø Havn legger frem årsregnskapet og årsberetning for Tromsø kommunestyre med slik innstilling: a Tromsø kommunestyre godkjenner årsregnskapet for Tromsø Havn KF for 2019. b Regnskapsmessig mindreforbruk fra drift for 2019 kr 16 384 418 avsettes til disposisjonsfond. c Udisponert i investeringsregnskapet for 2019 kr 24 538 152 avsettes til investeringsfond. d Tromsø kommunestyre godkjenner årsberetning for Tromsø Havn KF for 2019.
1. Tromsøbadet KF sitt årsregnskap og årsberetning for 2019 godkjennes. 2. Regnskapsmessig mindreforbruk fra drift for 2019 på kr 0,4 mill. avsettes til disposisjonsfond.
1a. Tromsø kommunes årsregnskap for 2019 godkjennes. 1b. Tromsø kommunes regnskapsmessige merforbruk på 56 597 772,71 kroner dekkes inn med 28,3 mill. kroner i 2020, jf. kommunestyrets vedtak av 27. mai 2020 i sak 47/20 Økonomirapport 1-2020, og 28,3 mill. kroner i 2021. 2. Tromsø kommunes konsernregnskap for 2019 godkjennes. 3. Tromsø kommunes årsmelding for 2019 godkjennes
Forskrift om salgs-, skjenke og åpningstider, Tromsø kommune vedtas. Retningslinjer for servering-, tobakk og alkoholhåndtering i bevillingsperioden 2020-2024 vedtas
Kommunestyret tar redegjørelsen til orientering, og slutter seg til kommunedirektørens vurdering om at man ikke skal gå videre med planprosess for regulering og etablering av sentralt skytebaneanlegg på Langmoen.
1. Klage over vedtak om at søknad om konsesjonsendring er i strid med gjeldende reguleringsplan avvises ikke, og tas opp til realitetsbehandling. 2 2. Klage over vedtak om at søknad om konsesjonsendring er i strid med gjeldende reguleringsplan tas ikke til følge. Saken oversendes Fylkesmannen i Troms og Finnmark for behandling. Formannskapets vedtak den 25. mars 2020, sak 57/20, punkt 3 endres til: Søknad om konsesjonsendring og konsekvensutredningen som foreligger redegjør ikke i tilstrekkelig grad for konsekvenser av økt avfallsforbrenning for trafikk og arealbruk. Det konstateres at endring av fjernevarmekonsesjon som beskrevet i søknaden er i strid med bestemmelser i gjeldende arealplan (planID 1446). Tromsø kommune krever at det skal foreligge ny reguleringsplan for området før iverksetting av byggearbeid for utvidelse av avfallsforbrenningsanlegget. Ny reguleringsplan skal også avklare rekkefølgekrav knyttet til Stakkevollvegen/Ringvegen, jfr. krav initiert av Statens vegvesen ifbm. Med reguleringsplan for Mio-Nord (planID 1815)
Klage av 27.02.2020 på kommunestyrets vedtak av 26.02.2020, detaljreguleringsplan 1888 Norheim 118/25, tas ikke til følge. Saken oversendes Fylkesmannen i Troms og Finnmark for endelig behandling, i samsvar med plan- og bygningsloven § 1-9 og forvaltningsloven § 33 fjerde ledd.
Detaljreguleringsplan 1920 – E8 Sørbotn- Laukslett, vestre trasé, med plankart av 01.07.2020 og planbestemmelser av 19.06.2020, vedtas. Vedtaket er hjemlet i plan- og bygningsloven § 12-12
Omsorgsboligene som tromsø kommune skal kjøpe/ha tildelingsrett til i dette rosjektet, må oppfylle Husbankens krav til omsorgsboliger for tillskudd/lån. Tromsø Kommune er glade for at dette prosjektet nå kan realiseres. Tromsø kommune godkjenner opsjonsavtale mellom Tromsø kommune og Peab Eiendomsutvikling Nord AS
1. Forslaget fyller vilkårene for behandling. 2. Tilleggspunkt: Hjemmetjenesten skal tilbys yttertøy etter behov. Kostnaden innarbeides i handlings- og økonomiplanen fra 2021.
2. Det settes ned en arbeidsgruppe med to fra posisjon og to fra opposisjon sammen med fleire aktører fra næringslivet. Arbeidet leveres innen utgangen av Juni.
1. Kommunestyret viser til funn og konklusjoner i forvaltningsrevisjonsrapporten «Sluttrapport – Investeringsprosjektet Otium bo – og velferdssenter». 2. Kommunestyret ber kommunedirektøren iverksette tiltak for å sikre at kommunens egne rutiner etterleves i gjennomføringen av investeringsprosjekter. Herunder etterlevelse av rutiner knyttet til: Arkivering av prosjektdokumentasjon • Rapporteringer Kontroll av faktura opp mot kontrakt Videre ber kommunestyret kommunedirektøren vurdere om rutinene for gjennomføring av investeringsprosjekter er god nok/ tilstrekkelige. 3. Kommunestyret ber kommunedirektøren gi kontrollutvalget en skriftlig redegjørelse for planlagte og gjennomførte tiltak for å forbedre etterlevelsen av rutiner som nevnt ovenfor i pkt. 2. Svarfrist settes til 30. oktober 2020.
1. Vanja Terentieff innvilges midlertidig fritak fra sine verv i Kommunestyret, Formannskapet, Miljø-, klima- og samferdselsutvalget, Klageutvalget og Administrasjonsutvalget fra og med 1. juli 2020 frem til 1. november 2020. 2. Følgende rykker opp som fast medlem i formannskapet i permisjonsperioden: Morten Skandfer (V) Som siste varamedlem velges: Anna Amdal Fyhn (H) 3. Følgende rykker opp som fast medlem i miljø-, klima- og samferdselsutvalget i permisjonsperioden: Irene V. Dahl (V). Som siste varamedlem velges: Tormod Ingebrigtsen (H) 4. Følgende rykker opp som fast medlem i klageutvalget i permisjonsperioden: Frid E.Fossbakk (H) Som siste varamedlem velges: Gunnar Pedersen (H) 5. Som nytt varamedlem i administrasjonsutvalget i permisjonsperioden velges: Bodil Ridderseth Larsen (H)
1. Følgende innvilges fritak fra sitt verv som meddommer: – Henry Leeves – Johnny Lorentsen 2. Som nye meddommere til Nord-Troms tingrett for resten av perioden 2017-2020 velges: – Jan Grav, Langbølgen 73, 9017 Tromsø – Freddy Berntsen, Bakken 29, 9017 Tromsø 3. Som ny meddommer til Hålogaland lagmannsrett for perioden 2021-2024 velges: – Jan Grav, Langbølgen 73, 9017 Tromsø 4. Som ny meddommer til Nord-Troms tingrett for perioden 2021-2024 velges: – Freddy Berntsen, Bakken 29, 9017 Tromsø