Glad for Gudmundsen sitt fokus på oppgradering av Ofotbanen. Foto: Wikimedia Commons/https://no.m.wikipedia.org/wiki/Fil:Bm68_Ofotbanen.jpg

Vi må bygge heile banen

Eg er veldig glad for at Høgres Stortingsrepresentant Kent Gudmundsen er så positiv til jernbane frå Narvik til Tromsø i sitt innlegg i iTromsø 28. august. Eg er samd med han i mange av tankane han gjer seg – særleg fokuset på oppgradering av Ofotbanen. Det at både Høgre og Ap no kjem med positive signal om banebygging betyr at eg er meir optimistisk enn på lenge.

Eg er likevel usamd med Gudmundsen at vi kan sjå Tromsbanen isolert frå strekninga Fauske til Narvik. Det å bygge heile banen frå Fauske til Tromsø og planlagt for forlenging nordover og austover vil gje samla best samfunnsnytte. Det er tre hovudgrunnar til dette:

  1. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil binde landsdelen saman og kople dei nordlegaste delane på eit nasjonalt jernbanesystem. Denne samanbindinga vil gje sterke vekstimpulsar både til Bodø, Tromsø og Harstad/Narvik-regionen. Det treng vi.
  2. Ein bane frå Fauske til Tromsø vil ha betydeleg større potensiale for passasjertrafikk enn Narvik- Tromsø med påkopling til det svenske nettet. Det reiser svært mange passasjerar med fly på strekninga Bodø-Tromsø. Ein bane bygd for 300 kmt vil ta store delar av passasjertrafikken. Fleire passasjerar totalt betyr hyppigare avgangar og større nytte også mellom Narvik og Tromsø.
  3. Ein ny høgfartsbane mellom Fauske og Tromsø vil styrke Nordlandsbanen og auke presset på å få oppdatert denne banen til ein moderne jernbane med større fart og høgare kapasitet.
  4. Ein bane gjennom Noreg vil ha betydeleg kortare fraktavstand til kontinentet enn ein bane gjennom Sverige. Frå Narvik vil det vere ca 250 km kortare gjennom Noreg enn gjennom Sverige.

Full nytte av ein bane får vi ikkje før den blir ein del av det nasjonale jernbanenettet. Det er ingen tvil om at ein bane frå Fauske vil gje større fordelar og større samfunnsnytte – spesielt på passasjersida. For ein del gods vil ein bane frå Narvik til Tromsø vere tilstrekkeleg, men skal vi først bygge nytt er det ikkje nok at det er tilstrekkeleg. Det kan godt vere rett å starte bygginga på delstrekninga frå Narvik til Tromsø og med sidearm til Harstad , men det målet må vere å bygge heile banen.

Foto: Wikimedia Commons/https://no.m.wikipedia.org/wiki/Fil:Bm68_Ofotbanen.jpg

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.

This Post Has 3 Comments

  1. jvrosnes

    Hvis jeg forstår deg riktig på denne bloggen.
    E8 (Ramfjord-Tromsdalen) vil du planlegge og bygge stykkvis og delt for å få det gjort raskt.

    Togbanen vil du planlegge helt fra Fause til Tromsø og sannsynligvis forsinke prosessen, versus planlegge/bygge Narvik-Tromsø.

    1. Eg er heilt klar på at vi gjerne må starte med etappen Narvik – Tromsø, men at vi må planlegge for heile strekninga. Men dersom staten kjem og seier at dei berre vil bygge Narvik-Tromsø så tenkjer eg ikkje seie nei til det.

  2. L M Astrem

    Bra at det er liv i tankane om jernbane heile vegen. Jernbane er eit nasjonalt prosjekt.