Det fine med å bu i Tromsø er at det er så utruleg mange perler her. Det er perler av fjell, pubar og bibliotek. Det er så mykje at vi av og til blir blenda. Men desto artigare er det å oppdage nye perler.
Eg har gått ein del i fjellet i Tromsø, men lite og ingenting i fjæra. Sjølv om eg eigentleg er ein grisetangens og strandkrabbens mann. Men her om dagen rusla eg til nordspissen også gjekk eg fjære heimover mot Mortensnes.
Og fjæra frå nordspissen til Hamna er jo rett og slett ei perle som ikkje eg hadde sett før, eller i alle fall ikkje hadde lagt merke til før.
Og dette er ganske midt i den største byen i Nord-Noreg
Såg nydeleg ut, den fjæreturen