I Tromsø har vi no store utfordringar i næringslivet. Mange bedrifter slit med å komme seg gjennom dei neste månadene. Eg er særleg bekymra for ein del av bedriftene i reiseliv, servering og sørvis. Eg er redd for at regjeringa si hjelpepakke kjem for seint. Den vil ikkje hjelpe før i februar. Vi må sikre at bedriftene overlever fram til då.
Derfor har SV lagt inn eit forslag på Stortinget, som eg håper dei andre partia vil støtte, om at Innovasjon Norge skal kunne gje umiddelbar kontantstøtte til bedrifter som slit på grunn av koronanen. Det ville vore eit viktig tiltak for å sikre at bedriftene og arbeidsplassane i Tromsø kjem seg over kneika inntil regjeringa si hjelpepakke kan ta til å hjelpe.
Kommunen har begrensa moglegheiter til å bidra, men innafor dei tronge rammene vi har så gjer vi det vi kan. Vi har derfor bevilga ein million til Tromsø Sentrum as for å skape liv og røre i sentrum fram til jul. Det vil hjelpe mange av dei bedriftene som slit. Vi har i tillegg bevilga ein million som ei direkte hjelpepakke til bedrifter som slit. I denne ordninga kan bedriftene få 50 000 kroner som eit bidrag til å overleve. Dei 20 første som søker og oppfyller kriteria i ordninga vil få støtta.
Det er utfordrande for viktige næringar i Tromsø på grunn av koronaen. Men vi må ta til å tenke på tida etter koronaen. Korleis utviklar vi næringslivet i kommunen og sikrar gode arbeidsplassar til folk?
Ein del av det vi skal gjere er å opprette eit næringsutvikling selskap i Tromsø. Dette er noko mange andre kommunar har, men som Tromsø har mangla til no. Overskrifta vil vere arbeidsplassar og poenget med eit slikt selskap er å i større grad jobbe strategisk saman for å utvikle næringslivet i Tromsø. Vi må bli betre på å tiltrekke oss etableringar utanfrå, og til å legge til rette for nye bedrifter og utvikling av eksisterande bedrifter i Tromsø. Eg trur eit næringsutvikling selskap kan bli eit viktig verkty for Tromsøsamfunnet for å få dette til.