Korfor aukar utsleppa i Tromsø?

iTromsø har i dag eit oppslag om at utsleppa i Tromsø har auka kvart år dei siste åra. Det er sjølvsagt ikkje bra, men det finst gode forklaringar på korfor dette har skjedd.

Den aller viktigaste grunnen til at det skjer er at vi har fått eit søppelforbrenningsanlegg i kommunen. Utan dette anlegget ville utsleppa vore 30 000 tonn lågare, og vist ein nedgåande tendens. Den søpla som blir brent på dette anlegget vart før brent i Kiruna eller andre plassar. Utsleppa har med andre ord ikkje gått opp, dei er berre blitt flytta frå Sverige til Tromsø. Dei blir derfor ført i rekneskapen vår, medan dei før vart ført på Kiruna sin rekneskap. Sannsynlegvis er dei totale utsleppa gått ned fordi det blir mindre transport av avfall på trailer.

Kvitebjørn har søkt om ei dobling av sin konsesjon til å brenne avfall. Det er avfall som tidlegare har blitt brent andre stader. Det vil føre til at utsleppa i Tromsø kjem til å auke framover utan at dei totale utsleppa i verda vil auke.

Dette er tala frå miljødirektoratet for 2019 som er dei siste tala vi har:

Sektor20152016201720182019
Industri, olje og gass225,3178,658,4310,152,9
Energiforsyning0024 838,626 025,532 935,5
Oppvarming5 219,37 705,14 698,23 811,55 169,1
Veitrafikk74 826,170 847,665 573,667 822,164 916,2
Sjøfart67 511,875 377,281 949,381 578,585 352,7
Luftfart18 294,418 10719 268,919 958,322 164,7
Annen mobil forbrenning25 585,528 867,329 292,132 252,122 206,4
Jordbruk8 705,18 750,98 5558 521,68 758,7
Avfall og avløp13 029,912 205,211 467,910 99710 365,2
Totalt213 397,4222 038,9245 702251 276,7251 921,4

Det vi ser av denne tabellen er at utan utsleppa frå Kvitebjørn Varme som ligg i sektoren Energiforsyning så ville vi vore under 2016-nivået i utslepp i Tromsø.

Det er fleire ting som er verd å ta med seg frå denne tabellen. Det første som er verd å merke seg er at sjøfart er største utsleppsektoren i Tromsø og at det er ein tydeleg vekst i den sektoren. Her er kommunen gjennom Tromsø Hamn og i samarbeid med Tromskraft i ferd med å sette i gang eit stort arbeid. Dei har – i tråd med Klimaplanen kommunestyret har vedtatt – laga selskapet Arctic Energy Port som skal legge til rettte for landstraum og og leveransar av energi for eksempel hydrogen til sjøfarten. Eg har god tru at dette arbeidet vil føre til ein kraftig nedgang i utsleppa frå denne sektoren. Arctic Energy Port har allereie fått Enova støtte på 16 millionar til dette arbeidet.

Eg synst og det er verd å merke seg at utsleppa frå vegtrafikken har gått kraftig ned.  Det tyder på to ting. Det eine er at satsinga på buss, gange og sykkel har fungert og at satsinga på bilar utan lokale utslepp fungerer. Denne trenden vil halde fram og forsterkast når vi får Tenk Tromsø på plass. Det at fleire brukar alternativ til bilen er bra for alle. Det blir mindre bruk av knappe ressursar, betre luft i byen og betre folkehelse. Kudos til alle som har valt å bruke eit alternativ til bilen.

Sektoren «Annen mobil forbrenning» er i stor grad knytt til bygging, graving og den slags. Eg håper at grunnen til at utsleppa her går ned er fordi vi ser større bruk av elektrisitet eller fjernvarme til byggtørk og større grad av bruk av elektriske maskinar. Eg er dessverre redd for at det heller betyr ein nedgang i byggeverksemda i Tromsø i 2019. Dette er uansett ein sektor der kommunen jobbar aktivt for å få til fossilfrie byggeplassar. Det er eit arbeid som må forsterkast.

Kom gjerne med forslag om korleis vi kan bli betre. Har du spørsmål så skal eg og prøve å svare.

Bildet er henta frå sakspapira til kommunestyresak 112/20

Årets første kommunestyremøte

Onsdag 27. januar brakar det laus med årets første kommunestyremøte. Eller, kanskje blir det feil å seie brakar, for det er ikkje så mange saker det kjem til å bli bråk av. Spør om eller kommenter gjerne sakene

Eg skriv dette før gruppemøtet i SV, partiet kan ende på andre standpunkt enn det eg gjev uttrykk for her. Eg kan og endre meining etter diskusjon og innspel.

Reguleringsplan for Ringvegen 449

Vi skal starte med to reguleringssaker. Det gjeld Ringvegen i Hamna og Tindvegen i Tromsdalen. I Hamna blir det lagt til rette for 25 ny bueiningar. På kartet så viser dei gule områda kvar det skal byggast.

Vi har vore opptatt av å sikre tilgang til fjæra. Det ser ut til å vere i orden, så eg reknar med at denne blir vedtatt.

Saksframlegget finn du her.

Reguleringsplan for Tindvegen 17/930

I Tindvegen skal vi legge til rette for bygging av kommunale bustader. Det vil bli fleire bustader enn det er no, og området vil bli tilrettelagt med leikeplass.

Delar av byggeområdet strekk seg inn i eit område der det kan vere kvikkleire. Det må sjølvsagt handterast på ein skikkeleg måte.

I kartet er byggeområdet i stripa rosa og gult. Det er regulering for bustader/offentleg tenesteyting. Det grønne er leikeområde og det grå er veggrunn.

Heile saksframlegget finn du her.

Lære av Tromsøbadet

Vi skal gjennom ei sak der vi ser korleis vi kan lære av prosessen med Tromsøbadet så vi ikkje får tilsvarande overforbruk i framtida. Kommunedirektøren skriv i saksframlegget:

«Når det gjelder retningslinjer for utredning og analyser i tidligfasen av et investeringsprosjekt har kommunen i dag ikke godt nok system, slik kommunedirektøren ser det. Blant annet uklar struktur på bestillerkompetansen i de ulike avdelingene, samt en utydelig prosess for gevinstrealisering og prioritering av behov fremstår som utfordringer. God bestillerkompetanse er en viktig suksessfaktor for å lykkes med tidligfase prosjektutvikling og ikke minst treffe på et tiltak som er til det beste for kommunen, de tiltenkte brukerne og som skaper mest mulig verdiskapning.»

I denne saka legg vi til rette for å få på plass rutiner og regelverk for framtidige prosjekt.

Heile saksframlegget finn du her.

Retting av budsjettet

Då vi vedtok budsjettet for 2021 tilførte vi ti millionar til kultursektoren. Men vi glømte å regulere ned prisveksten for skolepengane på kulturskolen. I denne saka rettar vi opp feilen slik at prisauken blir i tråd med pris- og kostnadsveksten i samfunnet på 2,7% i staden for 12,7%. I tillegg rettar vi opp nokre andre småfeil i budsjettet.

Heile saksframlegget finn du her.

Kommunal garanti til TRINT

Tromsø Internasjonale skole (TRINT) må flytte frå der dei er i dag. I samband med den flyttinga kjem vi til å gje ein kommunal garanti for lån på 34 millionar kroner. Det sikrar at TRINT får lån og gode betingelsar på lånet.

Heile saksframlegget finn du her.

Kjøp av «Slottet»

Kjøp av «Slottet» frå Tromsø kommunale pensjonskasse har det vore ein del diskusjon om. Det er underleg at saka kjem opp sånn rett etter at budsjettet er vedtatt utan at saka var omtalt der. Det er og ein del saker i tilknytting til kjøpet som er litt for uavklart. Der må vi tenke heilt fram til kommunestyremøtet for å finne ut kva vi gjer.

Heile saksframlegget finn du her.

Distriktsarbeidsplassar

Eg har levert inn eit såkalla «Privat forslag». Private forslag er når kommunestyrerepresentantar kjem med eigne saker som ikkje går gjennom administrasjonen. Denne gongen foreslår eg at der kommunen har ledige lokaler i distrikta i Tromsø skal vi tilby folk som vil, og ellers ville måtte pendla langt å ha kontor lokalt.

Du kan lese meir om dette forslaget her.

Utbyggingsprogrammet

Der kom denne saka fykande inn på sakslista. Eg lurte litt på kor den var blitt av. Uansett, denne saka handlar først og fremst om kvar vi skal bygge ut kommunal infrastruktur framover. Det legg sjølvsagt og ein del føringar bustadbygging framover. Det er og føringar på at det må vere skolekapasitet der det skal byggast ut. Vi har vore opptatt av å sikre at kommunale bygg til helse og omsorg ligg inne i planen. Det har vore ei sak i den offentlege diskusjonen om at det skulle vere ei grense på 2,5 km frå sentrum der all bustadbygginga skal vere. Det er ikkje korrekt.

Du kan lese heile saksframlegget her.

Avslutning

Det trur eg var dei viktigaste sakene. Heile sakslista finn du her.

Still gjerne spørsmål eller kommenter.

Redigert 21.01.21 klokka 1543 med tillegg om utbyggingsprogrammet.

Toppfoto: Tromsø kommune/Mark Ledingham

Kan vi desentralisere kommunale arbeidsplassar?

Tromsø er ein stor kommune. Vi har mange viktige bygder utanfor byen som kunne trengt fleire arbeidsplassar og meir folk. Eg har tenkt ein del på om vi kunne lagt fleire kommunale arbeidsplassar utanfor Tromsø sentrum.

Du kan òg lese Nordlys sin artikkel om saka her.

Det er jo sjølvsagt mest aktuelt for dei som ikkje jobbar direkte mot brukarar. Lærarar og barnehagepersonell må jo vere der ungane er, akkurat som helsepersonellet må vere der pasientane er. Men koronakrisa har vist oss at det er ein god del tilsette i Tromsø kommune som kan gjere arbeidet sitt utan å vere på Rådhuset.

Eg har derfor lagt fram eit privat forslag for å sjå om vi kan gjere noko med dette. Forslaget skal opp i formannskapet 5. januar og er er slik:

Desentralisering av kommunale arbeidsplassar

I Tromsø er det ganske mange tilsette som utfører hovudvekta av arbeidet sitt ved ein datamaskin og som dermed ikkje må vere ved ein spesifikk kontorpult for å gjere jobben sin. Koronaperioden har og lært oss at svært mykje samhandling kan løysast gjennom bruk av ulike digitale plattformar.

Vi veit og at det er dyrt å leige eller ha kontorplassar i Tromsø sentrum. Det er og slik at kommunen har bygg i ulike bygder som Lakselvbukt, Sjursnes, Tromvik og Sommarøy. Det kan vere skolar, helsebygg eller andre ting. Det er ikkje alltid desse bygga er fullt utnytta.

Det betyr at det anten kan vere kontor tilgjengeleg eller ganske enkelt kan gjerast om til brukbare kontor. Det betyr at kommunen kan tilby kontoransatte å ha sin arbeidsplass andre stader enn ved Rådhuset i Tromsø sentrum.

Det bør derfor vere mogleg for kommunen å tilby folk som i dag er tilsett i kommunen å jobbe fast andre stader enn på Rådhuset, men ikkje minst bør det vere mogleg å tilby dette til alle nyansatte i kommunen. Formålet med dette forslaget er å bidra til å styrke bygdene i Tromsø kommune gjennom å bidra til stabile arbeidsplassar.

Forslag til vedtak:

Kommunestyret ber administrasjonen utgreie kvar det finst eller enkelt kan gjerast tilgjengeleg kontor utanfor rådhuset og korleis ein kan legge til rette for at kontoransatte kan ha sin daglege arbeidsplass utanfor Rådhuset. Saka skal leggast fram for kommunestyret innan juli 2021.

Eg håper dette kan vere eit bidrag til at fleire kan slå seg ned utanfor sentrum. Eg gler meg til å sjå kva utgreiinga finn ut og satsar på at det blir fleirtal for dette i kommunestyret.

Exit mobile version