Årets første kommunestyremøte

Onsdag 27. januar brakar det laus med årets første kommunestyremøte. Eller, kanskje blir det feil å seie brakar, for det er ikkje så mange saker det kjem til å bli bråk av. Spør om eller kommenter gjerne sakene

Eg skriv dette før gruppemøtet i SV, partiet kan ende på andre standpunkt enn det eg gjev uttrykk for her. Eg kan og endre meining etter diskusjon og innspel.

Reguleringsplan for Ringvegen 449

Vi skal starte med to reguleringssaker. Det gjeld Ringvegen i Hamna og Tindvegen i Tromsdalen. I Hamna blir det lagt til rette for 25 ny bueiningar. På kartet så viser dei gule områda kvar det skal byggast.

Vi har vore opptatt av å sikre tilgang til fjæra. Det ser ut til å vere i orden, så eg reknar med at denne blir vedtatt.

Saksframlegget finn du her.

Reguleringsplan for Tindvegen 17/930

I Tindvegen skal vi legge til rette for bygging av kommunale bustader. Det vil bli fleire bustader enn det er no, og området vil bli tilrettelagt med leikeplass.

Delar av byggeområdet strekk seg inn i eit område der det kan vere kvikkleire. Det må sjølvsagt handterast på ein skikkeleg måte.

I kartet er byggeområdet i stripa rosa og gult. Det er regulering for bustader/offentleg tenesteyting. Det grønne er leikeområde og det grå er veggrunn.

Heile saksframlegget finn du her.

Lære av Tromsøbadet

Vi skal gjennom ei sak der vi ser korleis vi kan lære av prosessen med Tromsøbadet så vi ikkje får tilsvarande overforbruk i framtida. Kommunedirektøren skriv i saksframlegget:

«Når det gjelder retningslinjer for utredning og analyser i tidligfasen av et investeringsprosjekt har kommunen i dag ikke godt nok system, slik kommunedirektøren ser det. Blant annet uklar struktur på bestillerkompetansen i de ulike avdelingene, samt en utydelig prosess for gevinstrealisering og prioritering av behov fremstår som utfordringer. God bestillerkompetanse er en viktig suksessfaktor for å lykkes med tidligfase prosjektutvikling og ikke minst treffe på et tiltak som er til det beste for kommunen, de tiltenkte brukerne og som skaper mest mulig verdiskapning.»

I denne saka legg vi til rette for å få på plass rutiner og regelverk for framtidige prosjekt.

Heile saksframlegget finn du her.

Retting av budsjettet

Då vi vedtok budsjettet for 2021 tilførte vi ti millionar til kultursektoren. Men vi glømte å regulere ned prisveksten for skolepengane på kulturskolen. I denne saka rettar vi opp feilen slik at prisauken blir i tråd med pris- og kostnadsveksten i samfunnet på 2,7% i staden for 12,7%. I tillegg rettar vi opp nokre andre småfeil i budsjettet.

Heile saksframlegget finn du her.

Kommunal garanti til TRINT

Tromsø Internasjonale skole (TRINT) må flytte frå der dei er i dag. I samband med den flyttinga kjem vi til å gje ein kommunal garanti for lån på 34 millionar kroner. Det sikrar at TRINT får lån og gode betingelsar på lånet.

Heile saksframlegget finn du her.

Kjøp av «Slottet»

Kjøp av «Slottet» frå Tromsø kommunale pensjonskasse har det vore ein del diskusjon om. Det er underleg at saka kjem opp sånn rett etter at budsjettet er vedtatt utan at saka var omtalt der. Det er og ein del saker i tilknytting til kjøpet som er litt for uavklart. Der må vi tenke heilt fram til kommunestyremøtet for å finne ut kva vi gjer.

Heile saksframlegget finn du her.

Distriktsarbeidsplassar

Eg har levert inn eit såkalla «Privat forslag». Private forslag er når kommunestyrerepresentantar kjem med eigne saker som ikkje går gjennom administrasjonen. Denne gongen foreslår eg at der kommunen har ledige lokaler i distrikta i Tromsø skal vi tilby folk som vil, og ellers ville måtte pendla langt å ha kontor lokalt.

Du kan lese meir om dette forslaget her.

Utbyggingsprogrammet

Der kom denne saka fykande inn på sakslista. Eg lurte litt på kor den var blitt av. Uansett, denne saka handlar først og fremst om kvar vi skal bygge ut kommunal infrastruktur framover. Det legg sjølvsagt og ein del føringar bustadbygging framover. Det er og føringar på at det må vere skolekapasitet der det skal byggast ut. Vi har vore opptatt av å sikre at kommunale bygg til helse og omsorg ligg inne i planen. Det har vore ei sak i den offentlege diskusjonen om at det skulle vere ei grense på 2,5 km frå sentrum der all bustadbygginga skal vere. Det er ikkje korrekt.

Du kan lese heile saksframlegget her.

Avslutning

Det trur eg var dei viktigaste sakene. Heile sakslista finn du her.

Still gjerne spørsmål eller kommenter.

Redigert 21.01.21 klokka 1543 med tillegg om utbyggingsprogrammet.

Toppfoto: Tromsø kommune/Mark Ledingham

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version