Ein datatrygg kommune

Niande januar vart Østre Toten kommune utsett for eit stort dataangrep. Det fekk store konsekvensar. Dei som kom seg bak brannmurane til kommunen sørga for:

  • Å slette alle sikkerheitskopiar og kryptere alle data for å få kommunen til å betale lausepengar.
  • Sensitive persondata kan vere på avvegar.
  • Alarmarmband på sjukeheim slutta å fungere
  • Brannvarslingssystem slutta å fungere

Det kan ta eit halvt år før kommunen får alle sine systemer opp å gå igjen.

Det å sikre at kommunen har gode system for å unngå hendingar som dette blir viktigare og viktigare. Vi lever i ei verd der både kriminalitet og spionasje flyttar over på nett. Det er liksom ingen vits å drive med bankran lenger når alle pengane sit på ein server ein plass.

Derfor tok eg opp denen saka i formannskapet i dag. Eg ville forsikre meg om at Tromsø kommune var oppdatert og har gode system for datatryggleik. Kommunediretøren kunne sjølvsagt ikkje gå inn i detaljar i eit opent møte. Vi kan jo ikkje offentleggjere alle dei systema vi har for datatryggleik, men vi vart forsikre om at dette har høgt fokus i kommunen.

Ingen kan sikre seg 100 prosent mot folk med uærlege siktemål. Men vi må gjere det så trygt som mogleg samstundes som systema våre held fram med å vere brukarvenlege.

Nordlys skriv litt om saka her.

Foto: Frå Wikimedia commons av David Whelan

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.