Nok eit kommunestyremøte med Varden og fangstmonument

Det er tett mellom kommunestyremøta for tid. På grunn av vinterferie og påske vart det to kommunestyremøter i mars. Det er kanskje grunnen til ei ganske kort saksliste utan saker med mykje dynamitt i seg – kanskje med eit unntak.

Unntaket er Varden burettslag sitt prosjekt om å bygge to høge blokker på 16 og 12 etasjer. Åsne Høgetveit skreiv eit godt innlegg om det som du mellom anna finn på Tromsø SV sine nettsider. Eg tillet meg å sitere litt frå det innlegget:

Ein viktig kvalitet i denne delen av byen er nett at plassen er nytta godt, og at det er kort veg til natur der byen kjennes fjern. Med to høge blokker tett opp mot markagrensa og konstant i synsfeltet vil ein ikkje lenger kunne få den kjensla.

Sjølv om det berre var SV som stemte mot reguleringsplanen i byutviklingsutvalet i tråd med det administrasjonen foreslo, er det mykje som tyder på at planen ikkje kjem til å bli vedtatt i kommunestyret. I byutviklingsutvalet gjekk Ap, Sp, H og V saman om eit slags kompromissforslag. Dei foreslår å sende planen tilbake til administrasjonen med oppgåva å redusere bygga med 2 og 4 etasjar. Det er sjølvsagt betre enn å bygge slik det er no, men det blir framleis to ruvande høghus som skyggelegg områda rundt seg også med forslaget frå sentrumspartia.

Eg tenkjer at det kan vere rett å bygge meir i dette området, men då må storleiken ned på eit nivå der husa ikkje dominerer området totalt og ikkje skyggelegg området rundt.

Saksframlegget kan du lese her

Og her finn du ein 3D-modell av prosjektet

Private forslag

Eit privat forslag er omtrent like private som statsministeren si 60 års feiring. Det er måten vi omtaler forslag som kjem direkte frå kommunestyrerepresentantar og ikkje er utgreidd av administrasjonen. I dette kommunestyremøtet er det tre slike forslag.

Det forslaget som har fått mest omtale er framlegget om å flytte fangstmonumentet frå Stortorget. Eg tenkjer at det kan vere ein god ide å skape meir plass på Stortorget for andre aktivitetar, men det føreset at vi finn ei minst like god plassering for monumentet som det det har i dag. I formannskapet vedtok vi derfor at utgrweiinga av denne flyttinga skal skje i samarbeid med dei som i si tid tok initiativ til monumentet. Vi må huske på at dette monumentet og er eit minnesmerke over dei mange som omkom i Ishavet.

SVs Abdalla Ali Mohammed har eit forslg om å få utgreidd eit internasjonalt hus i Tromsø. Forslaget har fått tilslutning frå inkluderingsutvalet og formåket er å bidra til integrering i Tromsø. Eg meiner det er ein god ide å få ei utgreiings om dette.

Det tredje forslaget handlar om å få til betre samhandling mellom kommunen og Universitetet.

Innbyggarinitiativ

Dersom 300 innbyggarar i kommunen skriv under på eit forslag så kjem det til kommunestyret til behandling. I dette kommunestyret har vi ei slik sak. Saka er veldig enkel. Den er ganske enkelt: «Forespørsel om krisepakke til Alfheim Svømmehall for å gjenopprette drift.».

Per no er det ikkje økonomi i kommunen til noko slikt, men det blir jobba med at Tromsøbadet skal ta over Alfheim og forhåpentlegvis blir det vatn i bassenget der i framtida.

Heile sakslista

Dei andre sakene trur eg du får spørje om dersom du lurer på noko. Her er heile sakslista.

SaksnrSaksdokBehandlingVedlegg
0032/21Privat forslag – Styrking av samarbeidet mellom kommunen, studentene, UiT og næringslivetBeh (1) 
0033/21Privat forslag – Samskaping av et internasjonalt hus i TromsøBeh (1) 
0034/21Privat forslag – Bedre utnyttelse av Stortorget i TromsøBeh (1) 
0035/21Minsak – krisepakke til Alfheim svømmehallBeh (1)Vedlegg (1)
0036/21Plan 1854 – detaljreguleringsplan, 125/492 Varden – endelig vedtakBeh (1)Vedlegg (23)
0037/21Høringsuttalelse til NOU 2020:15 Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distrikteneBeh (1) 
0038/21Rebevilgning av ubrukte investeringsmidler fra 2020Beh (1) 
0039/21Etablering av Troms og Ofoten helsefellesskapBeh (1)Vedlegg (6)
0040/21Meddommerutvalget 2021-2024 – Søknad om fritak og nyvalgBeh (1) 
0041/21Finansrapport pr. 31. desember 2020 – Tromsø Havn KF Vedlegg (2)

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.