Positiv rekneskap for Tromsø kommune

I dag har Tromsø kommune lagt fram rekneskapen for 2020. Det viser eit overskott (netto driftsresultat) på 113 millionar. Det er 269 millionar betre enn i 2019. Det betyr at vi klarer å dekke tidlegare års underskott og kan sette av sju millionar på disposisjonsfondet.

Her kan du sjå presentasjonen frå kommunedirektøren.

Det aller viktigaste talet er likevel dette. Sjølve drifta i Tromsø kommune er 72 millionar betre enn i 2019. Dette kjem av steinhardt arbeid frå alle tilsette i kommunen. Det er jobba veldig godt i pleie og omsorg, i skole og barnehage og i administrasjonen. Utan innsatsen frå dei tilsette i kommunen ville ikkje dette vore mogleg.

Dette betyr ikkje at Tromsø kommune er på den grønne grein. Det er framleis store utfordringar i kommunen. Vi må klare store investeringar i omsorgsbustader og skole i åra framover. Det blir ikkje enkelt. Men dette resultatet viser at kommunen er på rett veg, sjølv om det framleis er mange store oppoverbakkar. Dei oppoverbakkane må vi gå saman – heile tromsøsamfunnet.

Denne grafen viser at det går mykje opp og ned med resultatet frå kommunen.

Det er problematisk i seg sjølv. Det er ein fare for at vi overreagerer både på overskott og underskott. Det er lett å avblåse ei krise og bruke for mykje pengar etter eit overskott, men det er nesten eit større problem at vi overreagerer på underskott og gjer større kutt enn det som er naudsynt.

Det er viktig å huske på at mykje av overskottet i 2020 var eingongsinntekter. I 2020 hadde vi 44 millionar mindre i pensjonskostnader enn budsjettert. Det er summar som kommunestyret har liten innflytelse på. Det heng saman med utviklinga i kapitalmarknadane og alderssamansettinga av arbeidsstokken. I tillegg hadde vi betalt for mykje i avdrag tidlegare år som vi kunne rekneskapsføre inn i år. Desse 90 millionane kan vi ikkje rekne inn til neste år.

Det som er viktig er at sjølve drifta er 72 millionar betre enn i 2019. Men det er ikkje nok. Denne driftsforbetringa åleine ville ikkje gjeve oss overskott i 2020 og sannsynlegvis heller ikkje i år. Det betyr at vi framleis må forbetre drifta om vi skal få ei langsiktig sunn økonomi. Det vil framleis bli tøffe tak i Tromsø kommune, men vi har hovudet over vatnet og vi kan ta til å svømme mot fast grunn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version