Atomubåtar til Tromsø

I går fekk eg endeleg lese forsvarsdepartementet sin oppdaterte risiko- og sårbarheitsanalyse av anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund hamn i Tromsø. Etter å ha lest denne er eg enno meir sikker på at det var feil at Tromsø aksepterte anløp av atomubåtar. I kommunestyret i oktober 2020 var det berre SV, R og MdG som stemte mot å akseptere anløp av reaktordrevne fartøy til Grøtsund.

Kva viser så den nye analysen. Den viser at eit uhell, ulykke, terroraksjon eller liknande med ein atomubåt på Grøtsund vil ha store konsekvensar for Tromsø. Så er det sjølvsagt små sjansar for at det skal skje ei ulykke, men konsekvensane er store om det skulle skje.

Dette kartet viser spreiinga til luft i tromsøområdet:

Ved konsentrasjonar over 1000 becquerel (det lysegrønne på kartet) så må alle barn og gravide ta jodtablettar og det blir forbod mot handel med matvarer, fabrikkar ol. må beskyttast i ein akuttfase.

Dersom vi zoomer ut frå sjølve tromsøområdet så viser denne figuren område der det kan måtet gjerast tiltak:

Spreiing til luft vil forsvinne når utsleppa stopper. Den langsiktige verknaden får vi ved deponering til jord. Denne figuren viser området for tiltak ved deponering av radioaktive isotopar:

Raud sone omfattar store delar av Tromsøya. Der kan det bli behov for tiltaka i punkt b oppafor her. I heile gul sone kan det bli aktuelt med begrensingar i bruk av leikeplassar og parkar.

I raporten står det at det er vanskeleg å gje sikre tal for opptak i fisk og skadeverknader i havet, men at fleire fiskeplassar, fiskemottak og gyteplassar vil kunne bli påverka. I følgje rapporten kan det forekomme konsentrasjonar på over 10 000 becquerel heilt mot Arnøya. Så kan vi jo berre forestille oss korleis det blir å selje norsk sjømat i den internasjonale marknaden etter ei slik ulykke.

Det er ingen tvil om at ei ulykke med ein atomubåt på Grøtsund vil få store konsekvensar. Så må vi sjølvsagt huske på at sjansen for at noko galt skal skje er veldig liten. Eg meiner likevel at dette er ein unødig risiko å ta. Og det er før vi tar til å diskutere kva dette betyr for Tromsø i tilfelle krig eller krise mellom NATO og Russland. Deter openbart at dette gjer Tromsø til eit viktigare mål for Russland.

Eg har skrive mykje om dette på bloggen før:

Her kan du laste ned den sladda versjonen av ROS-analysen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version