Piggdekk og bustader i vårens siste kommunestyremøte

Snart klart for siste kommunestyremøte før sommaren. Det er mange saker, men ikkje så veldig mange med tungt politisk innhald. Det er likevel nokre som mange vil vere interessert i.

Piggdekk

Piggdekkavgifta er ei sak som mange har meiningar om. Denne saka handlar om at vi i periodar har helsefarleg luft i Tromsø på grunn av svevestøv. Støvet har mange kjelder, men det minste støvet som er det helseskadelege kjem i all hovudsak frå slitasje på vegane våre på grunn av piggdekk. Noko kjem og frå vedfyring. Når vi veit at det er mange innbyggarar i Tromsø som lever i område med helsefarleg luft og at mange med luftvegsplagar må halde seg innandørs i periodar på grunn av svevestøvet så er det openbart at vi må gjere noko.

Så skjønner eg at mange kjenner seg tryggare med piggdekk i Tromsø, og at mange føler at det blir heilt feil å skulle betale ei avgift for å skulle sko bilen sin trygt. Så er det testar som viser at dersom dekka ikkje er heilt nye kan piggfrie vere like gode som piggdekk også på isføre. Men, det er mange som ikkje er samde i dette.

Uansett, det er eit val om å bruke ei avgift for å få fleire til å velje piggfrie dekke, eller å akseptere at delar av befolkninga får helseproblem.

Eg meiner det er rett å innføre piggdekkavgift. Helsa må vere det viktigaste.

Eg har skrive om denne saka før. Det kan du lese her.

Kommunale bustader i Tromsø

Eit av dei aller største velferdsproblema i Tromsø er at vi ikkje har nok bustader. Vi manglar omsorgsbustader og vi manglar vanlege kommunale utleigebustader. Det at vi ikkje har fått gjort noko med dette er ein av mine aller største frustrasjonar som politikar. Det er ekstra frustrerande at det ikkje er mangel på pengar som stoppar oss. I mange år har vi bevilga store summar kvart år til dette. Men likevel skjer det ikkje noko særleg. Det er eit eller anna i organiseringa i kommunen som gjer at vi ikkje får gjennomført dette i det tempoet vi vil. Det er for mange avdelingar involvert og dei har ikkje snakka godt nok saman.

Administrasjonen har lagt fram ei sak om korleis vi kan løyse dette og få meir gjennomføringskraft. Eg er dessverre ikkje overtydd om at forslaget går langt nok og faktisk vil løyse problemet. Dette er den fjerde utgreiinga om dette problemet, og dei tidlegare utgreiingane har ikkje ført til endring eller at problemet er blitt løyst.

Eg trur vi må vurdere sterkt å gå lenger enn det administrasjonen foreslår. Eg er enno ikkje heilt sikker på kva som er den beste løysninga. Men eg trur det er to hovudalternativ. Det eine alternativet er å legge alt med bustad inn i ei avdeling med ein leiar på topp som sit i kommunedirektøren si leiargruppe. Det andre alternativet er å legge det ut i eit kommunalt foretak. Det vil kunne sikre at husleigeinntektane faktisk blir brukt til vedlikehald og vi får ein organisasjon som er dedikert til formålet.

Eg har enno ikkje heilt konkludert, men heller mot at Kommunalt Foretak er den beste måten å få organisert dette på.

Reknneskapen og årsmeldinga

Rekneskapen til Tromsø kommune viser at det gjekk betre økonomisk i 2020 enn i 2019. I 2020 hadde vi eit netto driftsresultat på 113,2 millionar. Det betyr at vi kan dekke heile underskottet frå 2019 og framleis ha nokre kroner til overs. Det betyr på ingen måte at vi er over den økonomiske kneika i Tromsø kommune, men det må vere lov å håpe at vi er på rett veg.

Sjukefråveret er framleis ei utfordring i Tromsø kommune. Vi har ikkje nådd målet om reduksjon i sjukefråveret. Det er i all hovudsak det legemeldte langtidsfråveret som går opp.

I løpet av 2020 vart det 190 færre årsverk i kommunen. Det gjev seg sjølvsagt utslag på rekneskapen. Men å redusere talet på folk er ikkje ei langsiktig løysning. Kommunen har viktige oppgåver å utføre og til det trengst det sjølvsagt folk.

I Tromsø kommune var gjennomsnittsløna i 2020 på 498 760 kroner. Snittet for kvinner var 495 559,- kroner medan det for menn var 506 814 kroner. Gjennomsnittleg stillingsprosent for kvinner i kommunen er 86,7% medan det for menn er 89,6%. Tromsø kommune er ganske god til å sike heile stillingar, men det kan enno bli betre. Vi har og eit likelønsproblem som vi må løyse.

Alle andre saker

Ok, dette er langt nok. Eg er lei av å skrive og du er sikkert lei av å lese. Under finn du lista over alle sakene som skal opp. Kom gjerne med spørsmål eller innspel til sakene. Så skal eg prøve å svare etter beste evne. Vi har gruppemøte på måndags kveld. Då avgjer vi korleis SV skal røyste i sakene.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.