Frekt om fylkesvegar av John Karlsen

John Karlsen frå Frp er ikkje lite frekk når han etter åtte år der Frp har anten styrt finansdepartementet og samferdselsdepartementet eller vedtatt budsjett saman med regjeringa, i eit innlegg prøver å gje dei raud-grøne parti ansvaret for dårlege fylkesvegar. Makan til ansvarsfråskriving skal ein leite lenge etter.

Eg skal ikkje snakke for dei andre raud-grøne partia, men for SV. SV har satsa på bruksvegane våre i forslag i nasjonal transportplan, ikkje på prestisjetunge motorvegar. Derfor ligg det inne i vårt forslag ein milliard meir til fylkesvegane årleg enn det regjeringa la opp til, samla 12 milliardar. Det er mest til fylkesvegane av alle partia. Grunnen til at SV kan prioritere slik er at vi går mot mange av dei store motorvegutbyggingane rundt dei store byane.

Ein typisk fylkesveg, utsnitt på vegen til Grøtfjord og Tromsvik

I samband med behandlinga av Nasjonal transportplan fremma SV dette forslaget:

«Stortinget ber regjeringen om å prioritere veivedlikeholdet innenfor veisektoren, slik at etterslepet på vedlikehold på riks- og fylkesveier er fjernet innen planperiodens utløp»

Det var berre Raudt og MdG som støtta dette forslaget frå SV

Eg las gjennom Frp sine merknader til transportplanen. Eg klarte ikkje å finne forslag om meir pengar til fylkesvegane, men eg kan ha oversett det. Eg fann derimot dette frå Frp der dei overlèt ansvaret til fylkeskommunane:

«Disse medlemmer forventer at fylkeskommunene følger opp sitt ansvar som veieier og sørger for tilstrekkelig vedlikehold av eget veinett.»

Men utan at fylka får meir pengar er ikkje det mogleg, i alle fall ikkje om vi også i framtida skal ha gode skolar og gode kollektivtilbod.