Er det for tidleg med ein dom over den nye regjeringa?

Det er sjølvsagt alt for tidleg å komme med ein dom over den nye regjeringa. Derfor tenkte eg at eg skulle gjere det i dag!

Eller, kanskje ikkje ein dom, men eit forsøk på å analysere i alle fall delar av Hurdalsplattformen.

La meg starte med å seie at det er mange fine formuleringar og mykje eg er samd i den nye plattformen. Dessverre er det mykje som er vagt og opent for fortolkningar.

Men eg må starte med ei kjempefin nyheit, og ein annan ting som eg håper skal bli bra. Det første er at regjeringa legg opp til eit Nasjonalt senter for jordobservasjon i Tromsø. Det kan bli eit fantastisk verkty for å utvikle romindustrien i Tromsø og i heile landet. Når vi koplar det mot den store satsinga på rom også på Andøya kan det bli starten på noko stort for Nord-Noreg.

Eg er og glad for at regjeringa går inn for ei skikkeleg utgreiing av Nord-Noregbanen gjennom ein KVU med mål om realisering ved neste rullering av Nasjonal transportplan. Eg vel å tolke det positivt, sjølv om det betyr at det tar nesten fire år før ei beslutning blir tatt. Eg trur vi er nærmare jernbane lenger nordover enn vi har vore på svært lang tid.

Fiskeri

Men, la meg ta eit eksempel frå fiskeripolitikken som viser kor open for fortolkningar denne plattforma er. Den store saka i den komande perioden er fordeling av kvoter, spesifikt fordelinga mellom hav og kyst og korleis dei såkalla strukturkvotene skal tilbakeførast.

Det er heilt openbart at vi får mest verdiskaping og dei største ringverknadene om vi fordeler meir til den mindre kystflåten. Det vi har sett over mange år er at den strutureringa vi har vore gjennom har flytta kvotene frå dei må til dei store. Så når no strukturkvotene tar til å falle tilbake, skal dei til den gruppa dei kjem frå eller skal dei til den gruppa der dei er no? Dette får vi langt frå tydelege svar på i plattforma.

Ap og Sp skriv:

«Fiskeritillatelsene skal forvaltes på en måte som ikke bidrar til sentralisering verken innad i regioner eller mellom landsdeler.»

Ein konsekvens av at dei skriv dette er jo at den minste flåten må få meir av fiskekvotane. Men dei skriv og:

«Flåten skal sikres stabile, forutsigbare og gode rammebetingelser.

Regjeringen vil:

• Utarbeide en ny kvotemelding som gir forutsigbarhet for fiskerinæringen, og som sikrer

bosetting, aktivitet og lønnsomhet langs hele kysten. Kvotemeldingen skal blant annet sikre:

o At kvotene fordeles på en forutsigbar og mer rettferdig mate.

o At bredden og mangfoldet i kystfiskeflåten trygges. Dette skal blant annet skje basert

på tilstrekkelig kvotegrunnlag.

o At betingelser for tilbakefall av strukturkvoter avklares.»

Forutsigbar er jo ofte eit kodeord som betyr at ingenting skal endrast – altså fordelinga mellom gruppene skal forbli som no, der dei største får behalde det dei har. Her er det med andre ord nesten umogleg å vite kva regjeringa eigentleg meiner. Det blir utruleg spennande å sjå korleis den nye fiskeriministeren vel å fortolke desse formuleringane som i alle fall delvis står i motsetnad til kvarandre.

Så får vi vere glade for at i alle fall ein god del av dette skal avgjerast i Stortinget. Der vil sjølvsagt SV stå på for kystflåten og at fisken skal tilhøyre kystens befolkning.

Olje

Oljepolitikken er det nok fet eg liker aller minst i Hurdalsplattforma. I ei verd der det blir tydelegare og tydelegare at vi må redusere utsleppa våre av klimagassar kraftig og raskt så er motsetnadane i Hurdalsplattforma veldig tydelege.

Dei skriv:

«Norsk petroleumsindustri skal utvikles, ikke avvikles. Petroleumssektoren er en høyproduktiv næring som bidrar med store inntekter, verdiskaping og arbeidsplasser til Norge. Regjeringen vil legge til rette for fortsatt høyt aktivitetsnivå på norsk sokkel.»

og

«Det ordinære konsesjonssystemet skal ligge fast. Det skal fortsatt gis tillatelser til å lete etter olje og gass i nye områder.»

Samstundes skriv dei ein annan stad i dokumentet at:

«Norge står overfor store oppgaver i dette tiåret. Vi skal få flere i jobb, skape aktivitet i hele landet, øke eksporten og kutte klimagassutslippene med 55 prosent. Disse fire målene skal vi nå i fellesskap, gjennom en aktiv og fremtidsrettet næringspolitikk.»

Det kan då ikkje vere berre eg som oppfattar ein viss mangel på samanfall mellom desse to punkta? Det er fleire slike dissonansar i dokumentet. Det lover at CO2-vgifta skal opp, men dei lover og at drivstoffavgiftene skal ned. Eg har vanskar med å sjå korleis begge løfta skal kunne oppfyllast samstundes.

I dokumentet finn eg og mange ting som umiddelbart ser veldig positivt ut. For eksempel denne formuleringa om gruvedrift og mineralutvinning: «Korte ned konsesjonsbehandlingstiden.» Det er jo vel og bra. Vi ønsker alle kortare tidsbruk, meir dynamikk og mindre byråkrati. Men spørsmålet er kva slikt går på bekostning av? Betyr det dårlegare miljøutgreiingar, eller betyr det mindre tid for motstandarar til å mobilisere og få fram motekspertise mot gruveselskapa?

Eg trur vi treng meir gruvenæring i Noreg, men vi må sikre oss at førebuingane blir skikkelege. Det kan godt tenkast at eg overproblematiserer dette, men poenget er at det meste har ein kostnad, også det som ser heilt tilforlateleg ut og er noko vi alle burde kunne støtte.

Skatt

På skatt er det litt blanda drops. Noko søtt, noko surt og noko bittert. Det er søtt at dei ønsker å skjerpe formueskatten. Så kunne nok eg ønska meg at dei tok enno litt hardare i. For det som blir foreslått i plattforma er ikkje nok for å få gjort noko med dei aukande skilnadane mellom folk i Noreg.

Men, når dei samstundes skriv: «Holde det samlede skatte- og avgiftsnivaet for folks inntekter uendret.» så smaker det ganske bittert og surt. Det må vel bety at dei ikkje har tenkt å reversere dei kutta som vart gjort av den førre regjeringa. Det forklarer og korfor dei ikkje klarer å gå inn for viktige reformar som gratis SFO og sikre at folk skal ha råd til å gå til tannlegen. På begge områda går dei nokre musesteg i rett retning, men skal vi bygge ut velferden i Noreg så må vi vere villige til å betale for det. Det ser det ikkje ut som denne regjeringa vil.

Vi veit jo at noko av det alle viktigaste vi kan gjere for å minske skilnaden mellom folk og forebygge utanforskap er gode universelle velferdsordningar. Derfor er gratis SFO og billigare tannlege så utruleg viktige reformar.

Oppsummert så er det mykje å like i plattforma, noko å mislike, men mange motsetnader mellom ulike ting. Korleis regjeringa vel å forvalte plattforma og korleis dei vel å møte stortinget vil avgjere om dette blir terningkast 3 eller terningkast 5

Så ja, det er alt for tidleg å felle ein dom. Det blir spennande å følgje med.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.